JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Tuareg-musikk og japansk poesi i Ukraina

Den varme sommaren held fram i Kyiv, av og til avbroten av torevêr og regn. I år har varmen ofte kome frå Afrika. I det minste er det det meteorologane seier.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tuareg-kollektivet Tinariwen gav i mars ut studioalbumet Amatssou på vinyl.

9843
20240802
9843
20240802

Av og til kjem ein sterk vind med hete til Ukraina saman med sand frå Sahara. Meteorologane har åtvara om denne sanden fleire gonger sidan i vår. Det verkar utruleg at vinden kan bere med seg sand over fire tusen kilometer – langt meir utruleg enn det nylege åtaket med ein ukrainsk drone på Olenja-flyplassen på Kola. Russland sender ofte strategiske bombefly frå denne militære basen for å utføre åtak på Ukraina. Olenja-flyplassen, som ligg nord for polarsirkelen, er 1800 kilometer frå næraste ukrainske grense og berre 200 kilometer frå grensa mot Noreg, og flyttar såleis krigen endå nærare Skandinavia.

Sist laurdagskveld i sentrum av Kyiv, nær inngangen til «Bar nummer 13», var det ei gruppe ungdomar som lytta oppmerksamt til musikk med openbert nordafrikanske rytmar, på ein smarttelefon. «Dette er Tinariwen», forklarte ein funky 18-åring. «Dei er den kulaste tuareggruppa. Men du har òg Terakraft! Eg skal finne eit spor av dei til deg!»

Ja, sidan sist laurdag snudde den musikalske smaken til ukrainsk ungdom brått og uventa til tuaregmusikk. Vaksne ukrainarar har blitt interesserte i historia til tuaregane, og det har dukka opp diskusjonar om dei på sosiale medium. Folk med sans for humor legg ut meme på Facebook med bilete av ein Volkswagen Tuareg-bil omgjeven av døde russiske leigesoldatar frå Wagner-gruppa.

I ein kamp i den maliske delen av Sahara, på grensa til Algerie, nedkjempa tuaregar ei gruppe russiske leigesoldatar. Ved å gjere dette, påverka dei musikksmaken til ukrainarar.

Noko liknande skjedde i februar–mars 2022 i starten på den russiske fullskala aggresjonen, da heile verda brått vart interessert i Ukraina fordi ukrainske styrkar hindra det russiske militæret i å nå Kyiv og tvinga aggressoren til å trekkje seg attende til Belarus, som var utgangspunktet for marsjen mot Kyiv.

Av kommentarar under videosnuttar om tuaregkultur på YouTube kan eg sjå at det ikkje berre er ukrainarar som har blitt interesserte i dette kulturfenomenet, som det til no har vore lite snakk om. Sjåarar frå mange land ønskjer at tuaregane må sigre over «musikarane» som er på besøk. Det er slik at i rekrutteringskampanjar kallar Wagner-gruppa seg sjølv eit «orkester» og soldatane sine «musikarar». «Bli med i orkesteret vårt!» er eitt av slagorda privathæren Wagner nyttar ved slike høve.

Representantar for Wagner-gruppa i Russland vedgjekk tap i Afrika, og russiske «militærbloggarar» var snare til å kunngjere at tuaregane vart hjelpte av ukrainsk etterretning, og at det blant tuaregane som gjekk laus på dei russiske leigesoldatane i eit bakhaldsåtak, var ukrainske spesialstyrkar.

Kort tid etter kampen dukka det opp eit fotografi av væpna tuaregar på sosiale medium. Dei heldt to flagg, det eine var det ukrainske. Det er ikkje noko overraskande ved dette. Tuaregane slåst mot Russland og militærdiktaturet i Mali, som blir forsvart av russiske leigesoldatar. Slik er dei sjølvsagt på same side i kampen mot Putins Russland.

At tuaregane tvinga leigesoldatane i Wagner-gruppa til retrett, har spela ei anna viktig rolle i Ukraina – det har styrt merksemda til ukrainarane vekk frå eit høgprofilert politisk drap som nyleg skapte litt strid i det ukrainske samfunnet.

Den 19. juli vart professor Irina Farion drepen med to skot mot tinningen svært nært heimen sin i Lviv. Ho var ein ihuga motstandar av det russiske språket i Ukraina, og materialet ho laga, vart ofte brukt av russiske fjernsynspropagandistar som prov på at det var fascistar og nazistar i Ukraina.

Professor Irina Farion blei funnen nær heimen sin i Lviv, drepen med to skot mot tinningen.

Foto via Wikimedia Commons

Etter ein skandale for ikkje lenge sidan, da ho sa at russisktalande soldatar i det ukrainske militæret ikkje hadde rett til å kalle seg ukrainarar, fekk ho sparken frå stillinga si ved universitetet. Etter ei kort rettssak vart ho nyleg innsett i stillinga att, og Farion hadde planar om å undervise i ukrainsk språk, ukrainsk litteratur og sine eigne politiske idear i Lviv til våren.

Litt før ho døydde så tragisk, hadde dei fleste kommentatorane slutta å ta utsegnene hennar på alvor. Det verka som dei var skapte for å lage skandale, men påverka ikkje utviklinga. Blant radikale forsvararar av alt ukrainsk vart Farion likevel sett på som ein leiar. Kan hende er det årsaka til at nyhendet om drapet fekk mange ukrainarar til å sjå etter spor av russisk innblanding i brotsverket. Kanskje finn dei det til slutt, men for augeblikket er den mistenkte ein 18-åring frå byen Dnipro søraust i Ukraina. Han sat i nærleiken av huset hennar i to veker, kledd i så lyse fargar at det var uråd å unngå å leggje merke til han.

Mange vitne hugsar å ha sett han. Han vart til og med fotografert. Han gjorde ingen freistnad på å skjule at han var der, og av og til samtala han endatil med naboane til Irina Farion på godt ukrainsk.

Det tok politiet berre to dagar å finne han, og etterforskarane vart lønte for det kjappe arbeidet med trofépistolar. Dette gjorde veteranar frå den russisk-ukrainske krigen rasande – dei sa at forsvararane av Mariupol og andre heltar ikkje hadde blitt premierte med slike pistolar for heltemotet sitt.

Pistolen er ikkje funnen, og ikkje krutslam på hendene eller kleda til den unge mannen som sit arrestert for drapet. Og kvifor sat han der i veker og gjorde seg sjølv så tydeleg?

No er nesten alt kjent om denne unge mannen på 18 år – Vjakeslav Zintsjenko. Han er interessert i fotball, og ifølgje etterforskarane er han ein Ukraina-patriot og drap Irina Farion fordi han meinte at aktivitetane hennar splitta det ukrainske samfunnet. Etterforskarane fortel òg at han planla å drepe den «prorussiske folkevalde» Maksim Buzjanskyj av same grunn. Buzjanskyj representerer politiske syn som er diametralt motsette dei Irina Farion hadde, men også han ser på seg sjølv som Ukraina-patriot og motstandar av Russland og Putin.

Det står att mange spørsmål om denne historia. Pistolen som Irina Farion vart drepen med, er ikkje funnen. Det var ingen spor etter krutslam på hendene eller kleda til den unge mannen. Det ville det ha vore om han hadde skote med pistolen. Og kvifor sat han der i veker og gjorde seg sjølv så tydeleg?

Poirot ville vore i sitt ess! Men vanlege ukrainarar, som er trøytte av å vente på at etterforskarar skal finne den verkelege ugjerningsmannen, har vendt merksemda mot tuaregmusikk. Evna til å flytte merksemd raskt frå ein ting til ein annan er òg eit teikn på ein traumatisert, nevrastenisk psyke. Det er elles interessant at eg ser svært lite interesse i ukrainske sosiale medium for det som skjer i OL, og eg undrar meg på kva psykologisk avvik dette kan tyde på.

Men det verkar ikkje som støttespelarane til Irina Farion er så lette å distrahere. Dei har kravd at universitetet i Lviv blir oppkalla etter henne. Sidan 1940 har universitetet bore namnet til den ukrainske klassiske forfattaren Ivan Franko, som var ein kraftfull politisk og offentleg person på den tida Lviv var del av det austerriksk-ungarske dobbeltmonarkiet. Tilhengjarar av den drepne Irina Farion har òg bede om at ho må få tittelen «helt av Ukraina», den høgste utmerkinga til den ukrainske staten, og at ei gate må bli kalla opp etter henne. Ordføraren i Lviv, Andrij Sadovyj, har da òg lova at ei Irina Farion-gate vil kome i Lviv.

Medan den ukrainske heimefronten lever på nyhende om brotsverk og hendingar i Sahara, blir poesi stadig meir populært blant styrkar ved fronten. Men no er det ikkje ukrainsk poesi, som det var i byrjinga av krigen, men japansk. Blant ukrainsk militært personell som er glade i litteratur og kjenner eit behov for å skrive poesi om livet ved fronten, om krigen, og om sitt eige indre liv, har nokre oppdaga at eit av dei beste medium å uttrykkje seg i, er dei japanske haikudikta, dikt med tre strofer.

Eg kjenner tilfeldigvis to av desse tre haiku-diktarane, og kan dele nokre fine døme:

Ser på solefall

saman med solsikker

Korleis skal ein få stillingane levande?

(av Andrij Panasiuk)

Ein samurai har ikkje noko mål

Men papirarbeid

kan ikkje vente

(av Pavlo Bilous)

Eg vil gje full rapport

Korleis eg synfer kirsebærblomane

Ingen uvanlege hendingar (ved fronten)

(av Ostap Kryvdik)

Eg ser for meg at den japanske ministeren for utdanning, kultur, sport, vitskap og teknologi, Masahito Morijama, som kom til Kyiv på eit offisielt besøk i byrjinga av veka, vil få høyre om denne nye litterære interessa blant dei ukrainske militære.

Faktisk var japansk kultur og litteratur populært i Ukraina også i sovjettida. No har den russiske aggresjonen ført Japan og Ukraina mykje nærare kvarandre. Japan, som så å seie aldri har teke imot flyktningar og migrantar, har endra prinsippa sine og innvilga asyl til 2500 ukrainske borgarar: kvinner og born. Blant dei er kona og borna til den kjende ukrainske TV-verten Peter Zalmajev.

«Dotter mi snakkar alt japansk flytande», fortalde han meg stolt. «Ho får svært gode karakterar på den japanske skulen.»

Minister Masahito Morijama inviterte offisielt ukrainsk ungdom til å skrive seg inn ved japanske universitet og studere japansk kultur, språk og moderne teknologi. I tillegg til planar for samarbeid på utdanningsområdet hadde han med seg mange andre framlegg og prosjekt. Kan hende veit han ikkje at mannlege studentar i vernepliktig alder ikkje vil få lov til å reise til Japan for å studere så lenge krigen held fram. Men etter krigen vil det vere betre framtidsutsikter for alle ukrainske studentar i Japan.

I mellomtida oppdagar ukrainarar av alle slag tuaregmusikk med stor interesse. Eg har sjølv nytta ein time eller så med å lytte til han og må nok seie at eg liker denne musikken. Særleg gruppa Tinariwen. Eg har lagt ho til spelelista mi. Om du ikkje har høyrt på ho enno, vil eg rå til at du gjer deg kjend med henne. I tillegg til dei fengjande melodiane har musikken den nesten magiske evna til å roe deg ned og avleie merksemda di frå nerveslitande nyhende.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis