Utanriks

Krigen i Ukraina kan vera framtida til Taiwan

På Taiwan er folk uroa over den russiske invasjonen av Ukraina. Trass i stor geografisk avstand kjennest konflikten nær.

Studentar i Taipei: Astrid Chang og Tiffany Hsu demonstrerer for fred i Ukraina. Alle foto: Truls Rostrup
Studentar i Taipei: Astrid Chang og Tiffany Hsu demonstrerer for fred i Ukraina. Alle foto: Truls RostrupStudentar i Taipei: Astrid Chang og Tiffany Hsu demonstrerer for fred i Ukraina. Alle foto: Truls Rostrup
Publisert

– Eg er meir redd for ein kinesisk invasjon av Taiwan no, seier studenten Chang.

Eg møter ho og veninna Tiffany i eit demonstrasjonstog til støtte for Ukraina. Dei to siste åra har eg budd på Taiwan, inntil nyleg trygg frå covid-19-pandemien som har prega så godt som alle andre land. Det er tidleg sommar i hovudstaden Taipei og tretti grader i skuggen, dobbelt så varmt som vest i Noreg. Og som Vestland fylke er øylandet Taiwan vakkert og kupert og nokså likt i geografisk storleik, men med ein vesentleg skilnad: 23 millionar innbyggjarar gjer Taiwan til eit av verdas tettast folkesette.

Kvifor ynskjer så Kina å ta over Taiwan? Formosa, «venleik» på portugisisk, som øya vart kalla av portugisiske oppdagarar på grunn av at øya er så vakker, var opphaveleg heimen til polynesiske urfolk. Sidan 1600-talet har spanske, nederlandske og franske kolonimakter hatt område for å sikra handelsrutene sine.

Den nederlandske trongen for arbeidskraft var kimen til hundreår med innvandring frå Kina over det 180 kilometer breie Taiwansundet. Folkevandringa endra ikkje på at det kinesiske Qing-dynastiet, som formelt innlemma Taiwan i 1684, såg på Formosa som noko av ei bakevje der ingen ville eller kunne ha total kontroll. Den moderne Folkerepublikken Kina baserer sitt krav på desse to hundre åra med omstridd styre over kystområda, ein periode som såg over hundre opprør både frå urfolk og rivaliserande kinesiske grupperingar.

Japansk koloni

Full kontroll over øya vart det først då Japan koloniserte Taiwan i 1895. Etter å ha nedkjempa urfolket investerte japanarane tungt i utdanning og infrastruktur. Etter kvart såg dei på Taiwan som modellkolonien i det japanske imperiet. Dette la grunnlaget for Taiwans seinare framvekst som ein asiatisk tigerøkonomi, nemninga på den raske industrielle framveksten i Sør-Korea, Singapore, Hong Kong og Taiwan i etterkrigstida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement