Kommentar

Krigen mot dei sivile

Den einsidige kritikken av Amnestys Ukraina-rapport vil gjera det vanskelegare for nøytrale observatørar å verna sivile i krig.

Ukraniske soldatar framfor ei bomba bustadblokk i Kramatorsk aust i landet. Dag og Tid kjenner ikkje til at dette bildet kan knytast til kritikken frå Amnesty.
Ukraniske soldatar framfor ei bomba bustadblokk i Kramatorsk aust i landet. Dag og Tid kjenner ikkje til at dette bildet kan knytast til kritikken frå Amnesty.
Publisert

Amnesty-rapporten frå krigen i Ukraina tidlegare i august synte «eit mønster der ukrainske styrkar set sivile i fare», som det heitte i utgreiinga. Dette var den fyrste Amnesty-rapporten med kritikk av ukrainsk krigføring. Går ein til Amnestys nettside, finn ein at organisasjonens dekning av Ukraina-krigen er ei samanhengjande fordømming av Russlands krigføring. Så omfattande og nådelaus er kritikken, at Russland har blokkert nettsida.

Men den einslege Ukraina-rapporten om den ukrainske krigføringa vekte likevel kraftige reaksjonar i Ukraina, der leiaren for Amnestys avdeling i landet sa opp stillinga si i protest mot at organisasjonen med kritikken sin skulle ha skipa til «eit verktøy for russisk propaganda». Den ukrainske utanriksministeren meinte at rapporten skapte «ein falsk balanse mellom ein brotsmann og eit offer, mellom eit land som utryddar sivil folkesetnad i hundre- og tusenvis, (...) og eit land som desperat forsvarar seg sjølv for å redda folket sitt og heile kontinentet frå denne invasjonen» (Washington Post, 4. august 2022).

Reaksjonane

Også i Noreg har reaksjonane vore sterke. Til dømes meinte høgrepolitikaren Peter Frølich at rapporten var «helt koko» (Nettavisen 8. august 2022). Meir akademisk var jusprofessoren Knut Einar Skodvin, som hevda at rapporten var å rekna for «usubstansierte påstander» (Vårt Land 11. august 2022) som «ikke kan etterprøves» (Nettavisen 8. august 2022), slik at Amnestys kritikk av ukrainsk militærstrategi nærast vart lesen som forsking og ikkje som journalistisk varsling frå augevitne.

Som ein av fleire melde kulturredaktøren i Bergens Tidende Jens Kihl seg ut av Amnesty etter tjue års medlemskap, fordi han meinte rapporten manglar «kontekst» i form av forklaring på kvifor den ukrainske hæren plasserer hæravdelingar og militære installasjonar på skular og sjukehus og i sivile bustadområde.

Det einaste skikkelege forsvaret eg har sett for Amnesty i denne saka, er Cecilie Hellestveits prinsipielle gjennomgang i førre utgåve av Dag og Tid, der ho gjev Amnesty rett i å laga ein slik «varslarrapport» som legg opp til djupare gransking. Ho meiner Amnesty fyller rolla si som varslar og kritiserer ikkje organisasjonen for å ha laga rapporten, men drøftar han prinsipielt juridisk. Drøftinga endar opp med å frikjenna Ukraina for krigsbrotsverk, sett i lys av folkeretten eller humanitærretten, som gjeld for krig: «Truleg eksponerer ukrainske soldatar sine sivile fordi dei i liten grad har noko val. Det er ikkje ulovleg å nytte eigne skular til militære føremål. Og ofte er slik bruk formålstenleg, sidan dei har store salar som er tenlege for militære styrkar.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement