Krig
Krigen om tankane
Kor lenge må ein bu utanfor Russland før ein sluttar å tru på propagandaen frå Kreml? For Dmitrii Griffin tok det seks år.
Ein prorussisk opprørar i Hrabove aust i Ukraina handfer vraket etter det nedskotne malaysiske passasjerflyet MH17 i 2014.
Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB
Det var ein myriade av hendingar som gjorde at russiske Dmitrii Bondarenko Griffin (32) begynte å sjå verda på ein ny måte. Forgiftinga i Salisbury var ei av dei.
I mars 2018 vart 66-åringen Sergej Skripal og dottera hans Julia funne bevisstlause i den britiske byen Salisbury. Dei vart lagde inn på sjukehus med teikn på forgifting, mest sannsynleg med ei militær nervegift, ifølgje britisk politi. Sergej Skripal, ein tidlegare russisk dobbeltagent, overlevde berre så vidt.
I ettertid har forskarar ved britiske Kings College undersøkt korleis dei russiske propagandakanalane RT og Sputnik dekte saka. I dei fire første vekene fann forskarane 735 ulike nyhendesaker med til saman 138 heilt ulike forteljingar. For eksempel vart det skrive at etterforskinga var driven av «russofobi». I ein annan versjon var det Julia sjølv som hadde tatt med nervegifta då ho reiste for å besøke faren sin.
På Frogner i Oslo følgde Dmitrii Griffin hendinga nøye, både i russiske og vestlege medium. Han hadde lenge ant at russiske kanalar ikkje var sannferdige, men han kunne likevel ikkje tru det britiske styresmakter hevda: at staten Russland sannsynlegvis hadde prøvd å drepe to av sine eigne borgarar.
Fattigdom og optimisme
Når vi treffest i heimen hans på Holmlia i Oslo, der han bur saman med ektemaken, serverer dei den russiske kålsuppa sjtsji. På to vegghyller vitnar små modelltog om ein livslang fasinasjon. I dag er Griffin ingeniør i Bane NOR.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.