Kriminell vekst
Kriminelle nettverk skapar uro i mange norske politidistrikt.
Ei 25 år gamal kvinne som budde utanfor Uppsala, vart i september tilfeldig offer for gjengkriminaliteten som har herja Sverige den siste tida.
Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB
Les også
Det er svært lite truleg at svenske nettverk kjem til å etablere seg i Noreg, meiner Paul Larsson.
Foto: Gustav Larsson
– Ein heilt annan situasjon enn i Sverige
Kriminelle nettverk
Er eit samleomgrep på miljø, gjengar, grupperingar eller individ knytte saman gjennom kriminalitet.
Kan vere av både kortvarig og langvarig karakter, involvere all type kriminalitet og ha større eller mindre grad av struktur og organisering.
Er i vekst i Noreg i dag, ifølgje Kripos, som reknar med at det finst rundt 100 kriminelle nettverk rundt om i landet. Politiet har ikkje ressursar til å gå etter meir enn 40 av nettverka, ifølgje Kripos.
Kjelde:
Kripos og Stortingsmelding 34 (2020–2021): Sammen mot barne-, ungdoms- og
gjengkriminalitet

Kriminalitet
eva@dagogtid.no
Medan Sverige har opplevd auka gjengvald gjennom år og no står midt i ei valds- og drapsbølgje utan sidestykke, har vi her til lands kunna sjå utviklinga utanfrå, med forsikringar om at vi ikkje nærmar oss nokon liknande situasjon.
«I likhet med barne- og ungdomskriminalitet generelt er ikke innslaget av kriminelle gjenger stort i Norge», melde regjeringa Solberg til Stortinget for to år sidan.
– Sverige har heilt andre utfordringar enn Noreg. I Noreg ser vi ikkje ei utvikling som kan jamførast, sa justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NRK i januar i år.
Og frå hovudstaden kom det så seint som i juni ein rapport som slo fast at kriminaliteten blant unge i 2022 gjekk ned jamført med åra før pandemien.
Men no har noko endra seg.
Fyrst varsla politiet i si trusselvurdering at det var synleg aktivitet frå svenske gjengkriminelle på norsk jord, og åtvara om at det truleg kan skje gjengrelaterte drap i Noreg i 2023.
Og førre veke melde Kripos-sjef Kristin Kvigne gjennom Aftenposten og på Debatten på NRK at dei kriminelle nettverka veks, og at politiet ikkje klarar å halde følgje. Ho stadfesta også at dei kriminelle nettverka i Sverige no har aktivitet i elleve av tolv norske politidistrikt.
Samstundes har politiet meldt at stadig yngre personar vert rekrutterte til kriminelle gjengar, og nye tal frå politidistrikta som Nettavisen har publisert, syner at 11 av 12 politidistrikt i 2023 har opplevd auke av ungdom som vert melde til politiet for vald.
Har styrkt seg
Ifølgje Kripos-sjefen er det fleire ting som har slått til på ein gong. Under Debatten på NRK peika ho på den sterke valdsbølgja i kriminelle nettverk i Sverige, men også i land som Nederland og Belgia, og faren for smitteeffekt til Noreg. I tillegg sa ho at politiet no har fått meir innsikt i dei kriminelle nettverka, etter at internasjonalt politi for nokre år sidan skaffa innsyn i tre krypterte plattformar kriminelle nettverk kommuniserer på. Etter å ha lese meldingane kriminelle har sendt til kvarandre, fekk politiet «eit heilt anna bilete av den organiserte kriminaliteten og korleis den treffer Noreg, kor organisert han er, kor vide nettverka er og korleis dei samarbeider internasjonalt», sa Kvigne til NRK.
Grovt rekna er det ifølgje Kripos rundt 100 kriminelle nettverk i Noreg i dag, og veldig mange av dei har kontakt med og samarbeid med internasjonale nettverk, anten via einskildpersonar eller via samarbeidsstrukturar. Det seier Kjell Arne Karlsen som er leiar for seksjon for organisert kriminalitet i Kripos til Dag og Tid.
Han syner til at det fyrst og fremst er styrken og arbeidsmetodane til dei kriminelle nettverka som endrar seg, ikkje talet på dei.
– Talet på nettverk er relativt stabilt, men vi ser at det har vore ein auke i profesjonalisering, kriminell kapasitet og kompetanse i nettverka. Og så ser vi i ein del miljø ein auke i valdsbruk.
– Kva med talet på personar i nettverka, er det i vekst?
– Eit kriminelt nettverk kan vere laust samansett eller ha faste strukturar, og dei kan vere i endring. Dermed er det vanskeleg å anslå både korrekt tal på nettverk og tal på personar tilknytte nettverka. Det vi kan seie meir om i dag enn for nokre år sidan, er korleis dei samhandlar, og at det skjer på kryss og tvers av ulike nettverk, både internasjonalt og nasjonalt. I tillegg til at nettverka er meir profesjonaliserte i måten å drive kriminalitet på, er det òg mykje spesialisering, såkalla crime-as-a-service, seier han.
Crime-as-a-service (CaaS) vil seie at kriminelle nettverk set vekk ulike oppdrag som pengeveksling, torpedoverksemd, dokumentforfalsking eller transport og logistikk til andre kriminelle aktørar som har spesialisert seg eller har særleg kompetanse på desse tenestene. I politiet si trusselvurdering i år er fenomenet omtalt som ein forretningsidé som har breidd om seg blant kriminelle nettverk, og som noko som gjer den organiserte kriminaliteten meir uoversiktleg.
Fleire stader
I trusselvurderinga, som vart lagd fram frå politiet i mars i år, er kriminelle gjengar og gjengrelaterte nettverk elles skildra som eit fenomen som er «mest synlig i og rundt storbyene, med det sentrale Østlandet som den viktigste arenaen».
Samstundes opplever politidistrikt også andre stader i landet utfordringar med kriminelle nettverk. Det får Dag og Tid stadfesta frå Sør-Øst politidistrikt, som dekkjer tidlegare Telemark, Vestfold og Buskerud fylke, og frå Møre og Romsdal politidistrikt, Øst politidistrikt og Vest politidistrikt.
Ifølgje Ørjan Tombre, politiinspektør i Øst politidistrikt, er det narkotikakriminalitet, våpen, vald, trugslar og bedrageri som er dei dominerande kriminalitetstypane blant nettverka søraust for hovudstaden.
Helge Stave, som leiar etterforskings- og etterretningseininga i Vest politidistrikt, seier at fleire av dei kriminelle aktørane i distriktet har utbreidd kontakt med kriminelle nettverk utanlands. Han vil verken seie kor mange kriminelle nettverk som opererer i politidistriktet, eller kva dei heiter, men han seier han er særleg uroa for situasjonen i Bergen, der også ungdomskriminaliteten no aukar markant.
Frå Trøndelag politidistrikt fortel leiar av etterforskings- og etterretningseininga John Ola Volden at det er grunn til å tru at personar tilknytte det svenske Foxtrot-nettverket no er sikta i ei sak om fridomskrenking, grov utpressing og grovt ran i Trondheim våren 2023.
Karlsen i Kripos seier dei mest omfattande og tyngste kriminelle nettverka framleis er å finne på den sentrale austlandsområdet, men at det samstundes skjer ei spreiing av kriminelle nettverk rundt om òg andre stader.
– Det har alltid vore kriminalitet i alle distrikt, og vi har ikkje noko godt svar på når nettverka har utvikla seg, men det er absolutt ei spreiing, og det er i dag kriminelle nettverk i alle landets politidistrikt.
– Kva er drivarane bak spreiinga?
– Dei er mange og samansette, men det er narkotikakjøp og -sal som er navet i mykje av denne kriminaliteten. Narkotika vert omsett i alle landets byar, og då vil nettverka ha behov for å ha folk som jobbar med innføring, distribusjon og innkrevjing av pengar på dei ulike stadene.
– Er det samanheng mellom veksten de skildrar i kriminelle nettverk, og den rapporterte auken av ungdom som vert melde til politiet for vald?
– Det er det politidistrikta som må gjere analysar av. Kripos jobbar i hovudsak med alvorlege trugslar og større nettverk og i mindre grad mot ungdomskriminelle, men vi ser auka rekruttering til nettverka. Enkeltpersonar og ungdomsgjengar er eit verktøy for bakmenn og organisatorar. Det er dei som står for mykje av jobben som må gjerast på gata for å kunne selje narkotika, og eventuelt krevje inn gjeld, og eventuell valdsbruk, seier Karlsen, og stadfestar at det enkelte stader er snakk om ungdomar ned til 12–13-årsalderen som deltek.
– Urovekkjande kombI
Auken i talet på ungdomar som er melde til politiet for vald i 2023, kjem etter år med gradvis nedgang i den samla ungdomskriminaliteten. I fleire av politidistrikta er det dessutan snakk om ein monaleg auke. I Oslo politidistrikt var det fram til august i år registrert 571 valdssaker med unge mistenkte eller sikta, noko som var 74 prosent meir enn per august i 2022. I Finnmark var auken på 73 prosent, til 170 registrerte valdssaker, og i Tromsø på 78 prosent, til 89 saker. Snittet på landsbasis er ein auke på 40 prosent.
Stave i Vest politidistrikt seier at politiet ikkje veit kva den markante auken i valdssaker blant ungdom kjem av enno, men at det vert gjort analysar. Slik han vurderer det, er det ikkje nødvendigvis samanheng mellom auken i ungdomskriminalitet og dei kriminelle nettverka, men det kan raskt verte det.
– Utviklinga i ungdomskriminaliteten er svært urovekkjande, og det er ikkje berre auke vi ser, men òg at kriminaliteten vert meir rå og valdeleg. Når unge senkar terskelen for bruk av vald, er grunnvilkåret lagt for å gå over i organisert kriminalitet seinare. Det kan òg utnyttast som rekrutteringsbase.
Kombinasjonen av kriminelle nettverk og auken i ungdomskriminalitet er såleis noko politiet må vere ekstra på vakt overfor, ifølgje Stave. Samstundes er ressurssituasjonen til lokalt politi no «svært køyrd», legg han til.
– Særleg er det utfordrande med slike utfordringar i det tryggingspolitiske biletet vi har i dag, når mykje etterretning er knytt til krigen i Ukraina, og ressurstilgangen elles er utfordrande. Vi opplever at ressursane går ned, medan trugselen går opp, seier han.
– Låg kapasitet
Karlsen i Kripos seier det trengst ein heilskapleg plan for korleis kriminelle nettverk og organisert kriminalitet skal nedkjempast, men etterlyser òg fleire ressursar til arbeidet – både til politidistrikta og til særorgan som Kripos.
– Det som kjenneteiknar mykje av den organiserte kriminaliteten og aktiviteten til dei kriminelle nettverka, er at han er skjult. Det ligg ikkje politimeldingar i botnen, politiet må sjølv etterforske seg fram til lovbrota. Dette er ressurskrevjande. Det krevst både operative ressursar ute og gode etterforskarar, og her har vi i dag svært låg kapasitet, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.