Kriminell vekst
Kriminelle nettverk skapar uro i mange norske politidistrikt.
Ei 25 år gamal kvinne som budde utanfor Uppsala, vart i september tilfeldig offer for gjengkriminaliteten som har herja Sverige den siste tida.
Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB
Medan Sverige har opplevd auka gjengvald gjennom år og no står midt i ei valds- og drapsbølgje utan sidestykke, har vi her til lands kunna sjå utviklinga utanfrå, med forsikringar om at vi ikkje nærmar oss nokon liknande situasjon.
«I likhet med barne- og ungdomskriminalitet generelt er ikke innslaget av kriminelle gjenger stort i Norge», melde regjeringa Solberg til Stortinget for to år sidan.
– Sverige har heilt andre utfordringar enn Noreg. I Noreg ser vi ikkje ei utvikling som kan jamførast, sa justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NRK i januar i år.
Og frå hovudstaden kom det så seint som i juni ein rapport som slo fast at kriminaliteten blant unge i 2022 gjekk ned jamført med åra før pandemien.
Men no har noko endra seg.
Fyrst varsla politiet i si trusselvurdering at det var synleg aktivitet frå svenske gjengkriminelle på norsk jord, og åtvara om at det truleg kan skje gjengrelaterte drap i Noreg i 2023.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.