Økonomi
Krona som krympa
Så lenge både regjeringa og Noregs Bank spreier om seg med kroner, vert neppe krona mykje sterkare over tid.
Kva tid skar det seg for verdien av den norske krona? Hausten 2014.
Illustrasjon: NTB
Då klokka slo midnatt nyårsaftan 1999, sat underskrivne på Den tarpeiske klippa og såg utover Forum Romanum. Det gjekk mange kjensler gjennom meg, men fattigdom var ikkje ei av dei. Euroen som enno ikkje var komen i sirkulasjon som mynt, men likevel galdt, kosta nett 8 kroner. I skrivande stund står han i 11,63.
Når nokon hadde gjort noko verkeleg gale, skubba romarane vedkomande utfor klippekanten. Nokon har gjort noko gale med krona.
Å seia noko klokt om valuta er notorisk vanskeleg, og denne teksta er ingen fasit og kan henda heilt feil. Men skal ein tenkja enkelt om valuta, er det nyttig å sjå på krona som ei vare på lik line med andre varer. Di mindre det er av ei vare som folk treng, di dyrare vert ho, og di meir det er av den same vara, di mindre vert ho verd.
70-talet
Alle som har levd ei stund, har sett mekanismen spela seg ut i praksis. Dei av oss som opplevde 1970- og 1980-talet, hugsar at di høgre lønstillegg nordmenn fekk, og di meir pengar vi hadde i lommeboka, di dyrare vart varene vi kjøpte i butikken. Produsentane makta ikkje å produsera like mange varer og tenester som auken i pengemengda tilsvara.
Eller som økonomen Milton Friedman sa i verdas mest vidgjetne sitat om inflasjon: «Inflasjon er alltid og overalt eit monetært fenomen, i den forstand at han berre kan verta skapt av ein sterkare auke i pengemengda enn i produksjonen.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.