Politikk

Kuvending i UD – vedgår dokumentmangel

Utanriksdepartementet har i årevis nekta for at dei manglar dokument om Oslo-prosessen. Nå snur departementet og vedgår overfor Dag og Tid at dei manglar dokument i arkiva.

Terje Rød-Larsen sat på det han omtala som eit «omfattande privatarkiv» frå forhandlingane om Oslo-avtalen. Men det ville han ikkje levere korkje til UD eller til Riksarkivet i Noreg.
Terje Rød-Larsen sat på det han omtala som eit «omfattande privatarkiv» frå forhandlingane om Oslo-avtalen. Men det ville han ikkje levere korkje til UD eller til Riksarkivet i Noreg.
Publisert

Dokumenta skulle vore i arkivet, seier UD etter pågang frå Dag og Tid.

– Fleire av desse dokumenta har historisk verdi og burde vore ein del av statens arkiv. Utanriksdepartementet har gjort fleire forsøk på å få desse dokumenta overført til departementet sine arkiv, men har ikkje lukkast. Det er beklageleg, uttalar pressetalsperson Ane Elise Jørem i UD til Dag og Tid.

UD avslår derimot å svare på spørsmål om når og kvifor ein har endra konklusjonen frå at ein ikkje manglar til at ein manglar dokument. Jørem opplyser at UD har etterlyst dokument og fått nokre, men ikkje alle dokumenta.

Lang prosess

Administrativ avdeling i UD sende alt i 2006 skriftlege førespurnadar til aktørane om dokumenta. I 2013 var det møte mellom UD og Ivar Fonnes som då var riksarkivar. Møtet kom i stand etter oppslag i Dag og Tid i august 2012, der forvaltningsrettseksperten Jan Fridthjof Bernt gjekk i rette med UDs standpunkt om at Terje Rød-Larsen kunne sitje med eit «privatarkiv» som han nekta å levere frå seg.

Bernt peika på at Rød-Larsen hadde opptredd som tenestemann for Noreg under forhandlingane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement