Kva er daud fisk verd? Nye funn rokkar ved oppdrettsnæringa
Noko er rote i norsk oppdrettsnæring.
Livlaus fisk blei pumpa inn frå 35 meters djupn frå Lerøy-merdar ved Reitholmen på Hitra.
Foto: Mattilsynet
Onsdag denne veka kom ein ny NRK-reportasje om tvilsame tilstandar i oppdrettsanlegg hos Lerøy. På to umelde besøk i september og oktober har Mattilsynet funne anlegg fulle av sjuk og daud fisk. Leiinga hadde ikkje meldt frå til Mattilsynet om problema, og i det eine tilfellet blei det til og med levert halvdaud og daud fisk til slakting.
Men det er ikkje berre Lerøy som slit med dødelegheit og manglande rapportering. Fleire selskap har vore i søkjelyset for liknande hendingar, så det vi har sett i desse oppslaga, er nok berre toppen av daudfiskfjellet i norsk lakseoppdrett.
Eksportverdien
Kva er verdien av ein daud fisk? Dette høgst aktuelle spørsmålet stilte doktorgradsstipendiat Cecilie Walde frå Veterinærinstituttet i avhandlinga ho leverte no i haust. Det vi ser av massedaud av laks i merdane til oppdrettsgiganten Lerøy, tyder på at fleire i leiinga av norske oppdrettselskap burde spurt seg det same.
På regjeringa si nettside kan vi lese at eksportverdien av norsk laks er 74 milliardar kroner, med EU som den langt viktigaste marknaden.
Det er mange som jobbar med oppdrett i Noreg, i 2018 var det om lag 13.000 årsverk innan sjølve produksjonen og 900 årsverk knytte til eksport.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.