CANADA

Kven kan stå opp mot USA?

ONTARIO: Pierre Poilievre og Mark Carney konkurrerer om å framstå som landets sterkaste forsvarar i møte med Donald Trump. Valkampen i Canada har vore alt anna enn vanleg.

Leiaren for Det konservative partiet Pierre Poilievre og statsminister og leiar for Det liberale partiet Mark Carney handhelsar etter ein valdebatt i Montreal i Canada 17. april.
Publisert Sist oppdatert

Frå dei grøne parkområda kring Parlamentshøgda i den kanadiske hovudstaden Ottawa kan ein sjå rett på den amerikanske ambassaden. Han har vorte samanlikna med eit krigsskip og ei festning, der han ligg, som ein tung postmoderne koloss med eit tjukt tårn på midten, med ein fasade av glas, ramma inn av eit slags stålgitter.

For ei stund tilbake, medan Joe Biden framleis var president, avliva ambassaden på ein humoristisk måte rykta om at forma var inspirert av ein ubåt. Nei, arkitekten David Childs hadde «statsskipet» i tankane. «Vi er heldige som har medvind og roleg sjø i forholdet vårt til Canada», skreiv ambassaden på Instagram.

Ei rekkje sitat inngraverte på ein av steinveggane på innsida viser at påstanden stod på trygg grunn. Berre ta sitatet frå ein av USAs mest kjende presidentar, John F. Kennedy: «Geografi har gjort oss til naboar. Historie har gjort oss til vener. Økonomi har gjort oss til partnarar, og naudsyn har gjort oss til allierte.»

Den amerikanske ambassaden i Ottawa er litt som den amerikanske presidenten Donald Trump. Ein kan like han eller mislike han. Men ein kan ikkje oversjå han. Når kanadiarane går til valurnene måndag, vil mykje handle om Trump. Kven av dei to statsministerkandidatane kan best handtere presidenten på den andre sida av grensa?

Valthriller

Kanadisk politikk har dei siste vekene vore gjennom ei omkalfatring. Eit stykke på veg kan ho samanliknast med det endra synet på regjeringa her heime etter at senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum bytte plass med eks-Nato-sjef og eks-statsminister Jens Stoltenberg. Men i Canada har den politiske endringa vore langt meir markant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement