Kommentar
Laksebaronar utan lusekufte
Grunnrente på oppdrett handlar om demokratisk kontroll over naturressursar – og over ein bransje som er blitt altfor høg og mørk.
Regjeringa får kjeft frå alle hald, men fortener meir skryt for minst éi sak: å innføre grunnrenteskatt på lakseoppdrett.
Dei visste det kom til å bli mykje bråk, og har dei siste månadene stått imot ein av dei kraftigaste lobbykampanjane i noregshistoria. No ser det ut som om kampanjen har verka mot siktemålet. Trass i støy i alle kanalar, og ein heilt urimeleg, til dels hysterisk retorikk, har stadig fleire skjønt at skatten er riktig og rettferdig – på Stortinget, i fagrørsla, i pressa og blant folk flest, viser meiningsmålingar.
I sak etter sak har argumentasjonen til oppdrettslobbyen blitt plukka frå kvarandre. Lobbyen hevda først at såkalla normpris, for å fastsetje skatten, ville gje svært skeive utslag. Slik er det ikkje, viste mellom andre Dagens Næringsliv («Den store laksebløffen», 29. november).
Permitteringar
Lobbyen hevda òg at grunnrente tvinga dei til beinveges permitteringar. Slik var det ikkje. Mange av permitteringane kom av årvisse sesongvariasjonar og var melde inn før saka om grunnrenteskatt kom på bordet. Oppdrettskonserna har ei særordning. Andre som permitterer, må gje to vekers varsel og betale dei første femten dagane sjølv. Laksekonserna kan permittere på tre dagars varsel, og fellesskapen tek heile rekninga (sjå Dag og Tid 18. november). No skal regjeringa sjå på desse reglane også.
Lobbyen har freista framstille seg sjølv nærast som småkårsfolk og protestane som eit slags folkeleg kystopprør. Det er ein kynisk, regissert strategi. Halvparten av oppdrettsselskapa er eigde av utlendingar, av skatteflyktningar, multinasjonale konsern, globale investeringsfond, amerikanske bankar og andre anonyme investorar. Tre selskap blir forresten eigde av russiske investorar med band til forsvarsminister Sergej Sjojgu, las eg i Klassekampen måndag. Norske investorar sit oftare på plassar som Aker bryggje enn på små og forblåste holmar langs kysten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.