Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-stølen
Dag og Tid driv støl på Remlo på Voss kvar sommar.
Stølen er eigd av Bjørn Mjølsnes.
Kyr, geiter og to grisungar. Vi driv med ysting og rydding av kulturlandskapet.
Kyrne er på Selheim om vinteren, geitene hjå Magne Våge på Varaldsøy.

Kvelden før hadde ho fått antibiotika og smertestillande for E. colibakteriar i eine spenen. Den harde jurbetennelsen gjorde at ho døydde av blodforgifting. At det hende så brått, kom uventa på alle.
Dag og Tid kjøpte henne som kalv av Ida Østvoll og Sigmund Sørum i Vang i Valdres for 4500 kroner. Ho var fødd 4. mars 2017 og kalla opp etter ei praktikantjente frå Frankrike som arbeidde på garden då ho vart fødd.
Frå Ulvestad-oksen
Ameline ætta frå Ulvestad-oksen, ein kjend avlsokse og son til ei då 33 år gamal ku. Oksen var ein del av den einaste lina av vestlandsk fjordfe som ætta frå ein ubroten og planmessig samvirkeavl.
Etter ferdig bruk i Noreg på 1990-talet skulle han slaktast, men eit fjordfemiljø i Sverige ville nytta han til avl der. Diverre døydde han av magesår kort tid etterpå.
Ameline vart godt dulla med som liten kalv i Valdres og vart ei særs mild og likandes ku. På stølen skapte ho ro i flokken og var den sjølvsagde sjefen. Men ho var ikkje med på stølen i fjor fordi ho vart vanskeleg å mjølka sidan spenane etter kvart stod for langt frå kvarandre. Planen var at ho skulle verta ammeku til hausten. Ho var glad i mat og vart for feit, men mjølka likevel greitt.
Ameline fekk fem kalvar. I 2018 kom Symra, fødd på ut beitet på Selheim på Voss. Ameline klarte kalvinga godt sjølv. Faren til Symra var Kjell Bjarne, som og var særs roleg og godt likt. Så kom Blix i 2019, som hadde ein fin sommar på stølen saman med Kjell Bjarne II. Blix vart slakta i 2020.
Seks kalvar
I 2020 fekk Ameline ein daudfødd kalv. Kalven låg rett veg, var komen inn i fødselsvegen, men måtte dagast ut. Det var ein brun og kvit fullboren kyrkalv. Ho såg ved fyrste augekast normal ut, men det var ikkje teikn til liv. Kalven var daud. Det heile var merkeleg. Ameline var derimot frisk og rask og hadde ikkje sjukdom av noko slag.
I 2021 kom Aasmund, i 2022 Hovden, siste kalven hennar, Sivle, kom 18. juli i fjor. Seks kalvar i alt.
No er begge dei to fyrste Dag og Tid-kyrne daude. Somrei vart slakta i 2020. Ho fall då mjølkeroboten kom til Selheim. Ho ville ikkje inn i mjølkestallen av seg sjølv, gjekk alltid unna, vart ståande til sist og måtte møtast inn. Ho vart berre fire år gamal og fekk to kalvar.
Ameline var rundt 500 kg livvekt då ho døydde og ville hamna på rundt 250 kg slaktevekt. Men kjøtet frå sjølvdaude kyr kan ikkje nyttast, så tapet vart på minst 15.000 kr. Ho vart henta av kadaverbilen og køyrd til destruksjon på Hamar.
Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker er stølsdreng og redaktør i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.