Utanriks
Linedansarlandet
Mellom aust og vest, mellom inflasjonskrise og økonomisk vekst, mellom demokrati og autokrati, mellom Nato-allianse og strategisk autonomi, står Tyrkia og vippar. Kvar det bikkar, vil ha stor betydning for stormaktsspelet framover.
Den russiske presidenten Vladimir Putin, den iranske presidenten Ebrahim Raisi og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan på veg inn til ein pressekonferanse i Teheran 19. juli 2022.
Foto: Reuters / NTB
Det er fleire årsaker til at Tyrkia har vore ein stor del av nyhendebiletet den siste tida. Medan landet kombinerer eksplosiv økonomisk vekst (bruttonasjonalproduktet vaks med 11 prosent i 2021) med endå meir eksplosiv inflasjon (for tida er inflasjonen på nesten 80 prosent), driv president Erdogan ein særs aktiv utanrikspolitikk.
Det tyrkiske militæret opererer i både Syria og Irak, der det kjempar mot kurdiske grupper den tyrkiske staten reknar som terroristar. No planlegg Erdogan ein ny offensiv i Nord-Syria. Det er ein av hovudårsakene til at Tyrkia nyleg har møtt Russland og Iran, land som er militært til stades i Syria. Tyrkias planar strir med interessene til Russland og Iran, som støttar Assad-regimet, og interessene til USA, som støttar YPG (Folkets forsvarsstyrkar – ei kurdisk gruppe).
Då Sverige og Finland søkte om medlemskap i Nato, nekta Tyrkia å godta søknadane med mindre dei fekk innfridd krav om utlevering av personar den tyrkiske staten mistenker for terror, og oppheving av restriksjonar på våpensal til Tyrkia. Utanriksminister Mevlüt Cavusoglu sa i slutten av juli at Tyrkia framleis venter på at utleveringsførespurnadane blir godtekne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.