JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Instamatic

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1896
20240209
1896
20240209

Då andre redaksjonar digitaliserte fotograferinga si, kring tusenårsskiftet, gjorde denne nynorske vekeavisa det same, av liknande grunnar og med dei beste intensjonar. Digital fotografering er jo så praktisk – du treng ikkje film, ikkje mørkerom, ikkje kopiassistent eller laboratorium. Og ikkje eingong fotograf, skulle det visa seg.

Så der stod eg, fotojournalisten, med skjegget i postkassen og sekken full av for eksempel:

Nikon F2 manuell spegel­refleks (bombesikker), Nikon F3, halvautomatisk spegelrefleks med motor, Metz stavblits med softboks og reflektor, stativ, slaveblits, vidvinkel (til landskap, grupper og drama), lyssterkt normalobjektiv, fast tele (til portrett), zoom-tele, UV- og polariseringsfilter i ymse dimensjonar, batteri til blitsar og motor, film for dag og natt, negativ og positiv, i fargar og svart-kvitt.

Alt dette skulle no erstattast med eitt kompakt digitalkamera, utstyrt med alt som skulle til, inkludert zoomlinse og fast blits. Kameraet var heilautomatisk, må vite, det styrte både blendar og lukkar etter eige hovud og fokuserte sjølv i hytt og vêr.

Men kameraet tenkte så sakte, diverre, at frå du trykte på utløysarknappen til kameraet faktisk knipsa, hadde motivet hatt rikeleg tid til å gå heim og leggja seg.

Og la seg, det gjorde også snart interessa for, ambisjonane for og kunnskapen om den lysleiken som fotografering i hundre år hadde vore, ikkje berre her, men i alle bladstover. No var leiken over.

Frå då av skulle me kjøpa bilete frå NTB. I fargar! NTB har fargebilete frå overalt (der Mette-Marit har sett fot).

Då mobiltelefon med kamera dukka opp, var det ei teknisk forbetring frå vårt fyrstegenerasjons digitalkamera. Sidan har det berre vore for alle å knipsa i veg, og det gjer dei visst den dag i dag, overalt og heile tida. Også desse bileta seier meir enn tusen ord, diverre. Ikkje minst om lagnaden til fotofaget.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis