JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Laertes

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1955
20240322
1955
20240322

– Skjer strupen over på’n, i kyrkja!

Hadde nokon sagt til meg i dag tidleg – nei, vent. Hadde nokon sagt til meg for berre ti minutt sidan, at om ti minutt skal du sitja rundt eit langbord i eit lukka rom på Bergen offentlege bibliotek, saman med ti andre du aldri før har møtt, med manuset til fjerde akt av Hamlet liggjande framføre deg, og du held godt kjeft når dei fyrste rollene vert delte ut – Kongen, Dronninga, Ofelia, Hamlet, Horiato, Rosenkrantz, Guildenstern, Fortinbras, Kapteinen, Sjømannen, Hoffmannen – men når Laertes kjem inn i biletet og samtaleleiaren spør kven som vil vera Laertes, stig handa di oppover og du seier «Kan godt vera Laertes, eg. Om ingen andre vil, då» – vel, hadde nokon sagt dette til meg for ti minutt sidan, ville eg ikkje trudd dei.

Det regna, var kaldt og endå to timar til eg skulle vera på teateret, då eg kom over arrangementet Opplesing av Hamlet, gratis og greier. Det passa meg utmerkt å sitja usynleg bak i ein sal og duppa medan nokon der framme las Shakespeare.

Med det same eg entra rommet der opplesinga skulle finna stad, vart eg ønskt velkommen med eit fast handtrykk og fastare blikk.

– Er du klar for å lesa Hamlet, spurde mannen.

– Eh, eg, eeeh, ja!, svara eg og sette meg til bords.

Dei fleste andre hadde møtst slik tre gongar før og gått gjennom dei tre fyrste aktene av dramaet. Det var frivillig å lesa, sa leiaren, og eg pusta letta ut.

Etter kvart som akta gjekk framover, Hamlet – lesen av ei kvinne – drog til England etter å ha drepe far til Ofelia og Laertes i førre akt, og Laertes kjem inn med sine menn i femte scene, vart eg riven med.

Etter at fjerde akt er ferdig, låner eg Hamlet på biblioteket for å finna ut korleis det går med meg, altså Laertes. Det viser seg at det er eg som drep Hamlet, og vice versa! Me drep kvarandre i slutten av femte akt. Og eg som verken hadde tenkt å drepa nokon eller bli drepen i dag. Du veit aldri kvar Shakespeare tek deg.

Clementine

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis