Thanatos
Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: NTB
Eg har alltid kjent meg heime på gravplassar. Eg bur ikkje langt unna Vår Frelsers gravlund i Oslo, og der kan eg gå omkring og mingle stumt med storkarar som Johan Sverdrup, Marcus Thrane og Henrik Wergeland, og ikkje minst Ivar Aasen. Og sjølvsagt mange andre, mindre kjende sjeler.
Her i Noreg er det tydeleg at vi set vår ære i å halde gravplassane romslege, velstelte og innbydande. Eg oppsøkjer sjølvsagt gravplassar i utlandet òg, og der er det noko ymist. På Highgate Cemetery i utkanten av London, der Karl Marx kviler, får ein inntrykk av at naturen er i ferd med å sluke gravplassen og dekkje over gravene. Det er ein fin symbolikk i det. På Cimetière du Père-Lachaise i Paris, der Édith Piaf ligg, er det så trongt om plassen at ein knapt unngår å trakke på gravhellene til framande. I Buenos Aires har dei nærmast bygd eit minimausoleum over grava til Eva Perón. Slikt ser ein på kyrkjegardar i Italia òg. Eg trur det er ei katolsk greie.
Det som gjer meg meir og meir uroleg, er det eg les på gravsteinane. Reknestykket er enkelt: (dødsår) – (fødselsår) = (levetid). Går ein lenge nok og les på gravene, som eg har gjort, dannar ein seg eit inntrykk av gjennomsnittleg levetid. Dessverre avvik det talet eg har komme fram til (ja, det omfattar eit langt større utval enn dei heller kortliva menneska eg har nemnt over), nokså sterkt frå det talet Statistisk sentralbyrå opererer med.
Og no kjem eg til poenget. Dette talet kjem uunngåeleg stadig nærmare min eigen alder, eller rettare sagt, min eigen alder kjem stadig nærmare dette talet. Eg blir meir og meir medviten om at livet vårt er ei likning med to ukjende: x – (fødselsår) = y.
I dette reknestykket er x ikkje berre ukjend, men førebels ikkje-eksisterande, så det kan ikkje løysast. Men før eller seinare vil den ukjende x materialisere seg, og reknestykket går opp: x – (fødselsår) =.
Det er sluttsummen på gravsteinen som tel.
OBO
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.