– Mange likar toget av prinsipp
Idar Mo har rett i mykje, meiner Jørgen Aarhaug, forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).
– Om suksesskriteriet for kollektivtransporten er å flytte folk på ein kostnadseffektiv måte, har Idar Mo rett. Ser du på kostnadene, er ikkje tog ei særleg fornuftig transportform i Noreg, seier Aarhaug.
– Buss går litt seinare enn tog, men er mykje billegare. Det er ikkje minst fordi vegen som bussen køyrer på, ville vore der uansett, medan toget treng dedikert infrastruktur. Om du ser på ressursbruk, har Mo absolutt rett.
Samstundes kan jernbanen ha nokre ringverknader som bussen ikkje har, påpeikar Aarhaug.
– Ein jernbanestasjon gjev eit signal om at det er verdt å investere pengar på ein stad. Det er styrande for byutvikling på andre måtar enn bussen, og dette er vanskeleg å talfeste. Men om du berre ser på kostnadene, er det ikkje grunn til å satse mykje på jernbane i Noreg. Dette er noko vi diskuterer i lunsjen på TØI: Kvifor i all verda brukar vi så mykje pengar på tog, seier Aarhaug.
– Jernbanen står for nokre få prosent av reisene, og det blir mykje pengar per personkilometer. Særleg intercitytoga er dyre. Vi har ikkje sikre tal som gjer det mogleg å samanlikne kostnadene, men i snitt kostar det mykje mindre å køyre buss enn å køyre tog.
– Er det noko irrasjonelt i prioriteringane, rett og slett fordi folk er glade i toget?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.