JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Mangel på personell kan bremse Forsvaret

Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

7196
20241011

SAMTALEN

Torbjørn Bongo, leiar i Norges offisers- og spesialistforbund

AKTUELT: Framlegget til statsbudsjett

Forsvaret

christiane@dagogtid.no

– Regjeringa vil auke forsvarsbudsjettet med 19,2 milliardar kroner neste år, noko som vil gje eit forsvarsbudsjett på 110,1 milliardar. Det høyrest mykje ut, men er mindre enn det forsvarskommisjonen tilrådde i fjor. Forsvaret vil dei neste ti åra trenge nærmare 140 milliardar årleg, meinte kommisjonen. Kor nøgd er du med dei 110?

– Eg gjev forsvarsbudsjettet karakteren «Mykje godt». Regjeringa følgjer planen i Langtidsplanen for Forsvaret, som Stortinget har slutta seg til. Forsvaret må reknast som ein budsjettvinnar. Det vil ikkje seie at vi ikkje ser utfordringar. Vi må nok inngå nokre kompromiss også her.

– Eit større forsvar vil krevje fleire folk. Langtidsplanen for Forsvaret (2025–2036) legg planar for om lag 4600 fleire tilsette. Samstundes har det i fleire år vore åtvara om ei snarleg pensjonistbølgje i offiserskorpset. Korleis vil du skildre personellsituasjonen i Forsvaret i dag?

– Som temmeleg kritisk. Vi er på grensa til ei krise, og enkelte fagfelt står i ei krise. Den kritiske situasjonen får også faktiske konsekvensar. Det er ein del aktivitet vi ikkje får gjennomført fordi vi manglar personell. Eit av dei nyaste døma er at vi i april måtte leggje ein fregatt til kai i Bergen som skulle vore på oppdrag. På same viset har Kystvakta hatt skip liggjande til kai, og flyoppdrag har ikkje vore gjennomførte.

– I budsjettforslaget for neste år startar regjeringa opptrappinga med 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Om lag 50 nye elevplassar skal på plass i befalsutdanninga. Korleis svarar budsjettforslaget på utfordringa?

– Dette er eit område der vi er litt kritiske og meiner at auken står fram som litt for liten. Skal eg sjå på det positive ved forslaget, så er det erkjenninga frå regjeringa om at støttestrukturen må verte styrkt – ikkje berre den spisse enden. Mannskap til forsvarsmateriell, bygg og vedlikehald vert styrkt – ikkje berre til fartøy, fly og så vidare. Men når støttestrukturen vert styrkt, vert det ikkje så mykje igjen til den operative biten. Dersom vi skal ta imot nye fartøy og fly om fire, fem, seks år, burde oppbemanninga skje no. Vi fryktar at vi kan kome på etterskot personellmessig.

– Er det andre ting som uroar deg?

– Investeringsdelen er høg, men vi slit med drifta. Inntil for to–tre veker sidan risikerte marinen å måtte leggje fartøy til kai fordi vi mangla pengar til drift. Hæren har mangla pengar til øvingar. Situasjonen er løyst for inneverande år, men eg har fått høyre at situasjonen for neste år ikkje ser lysare ut. Regjeringa legg litt meir pengar inn i drift, men eg er usikker på om det er tilstrekkeleg.

– Det er lettare å kontrollere pengestraumen enn tilgangen på personell. Er Forsvaret ein attraktiv arbeidsplass?

– Ja. Forsvaret er en attraktiv arbeidsplass ved at vi i lang tid har rekruttert godt. Men vi slit med å halde på folk. Når folk har gjennomført fire–seks år i teneste, ser dei seg om etter andre utfordringar. Det gjer dei også seinare i karrieren.

– Kvifor held ikkje fleire fram?

– Det er høg belastning å jobbe i Forsvaret, og tenesta er til tider uføreseieleg. Ein må rekne med å måtte flytte til ulike delar av landet, og løna ligg under sivil industri – noko ho skal gjere på grunn av frontfagsmodellen. Vi må inn med fleire tiltak for å halde på folk, men det viktigaste er å rydde opp i utryggleiken kring pensjon.

– Forsvaret har fleire særordningar, til dømes at offiserar har plikt til å slutte når dei er 60. Bør ordninga verte endra, i lys av personellsituasjonen?

– Vi inngjekk ein avtale i fjor haust, der høvet til å slutte tre år før aldersgrensa vart fjerna. Aldersgrensa vil også verte levealdersjustert. Det har vi akseptert. Men at vi har ei særaldersgrense, opplever dei fleste som påkravd. Vi kan ikkje bruke kontortilsette som norm, for mange står i operativ teneste fram til pensjonsalderen. Det er forskjell på å vere tilsett ved eit kontor på Akershus festning og å fly eit Hercules. Men skal det vere mogleg å jobbe vidare etter at ein har nådd aldersgrensa? Det vert eit tema i samtale med Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Vi er med på å liberalisere ordninga, men det må skje på bakgrunn av behovet i Forsvaret.

– Regjeringa vil ikkje berre prøve å få tilbake personar med militær utdanning via ekstern utlysing, men også gje personar med sivil kompetanse høve til å søkje stillingar i Forsvaret. Er det ein god idé?

– Forsvaret har i dag ein miks av militære og sivilt tilsette utan militær utdanning. Det skal vi nok halde fram med å ha, men samstundes meiner eg at Forsvaret har ein openberr fordel av å ha militær kompetanse i verksemda, også i støtte- og leiingsstrukturen. Vi seier ja til ein miks, men nei til storstilt sivilisering. Dersom ein ikkje forstår utfordringane dei militært tilsette står i, vert det dårleg forvalting.

– Med unntak for pensjon, kva rekrutteringstiltak har du mest tru på?

– Ei føreseieleg teneste som gjer at folk kan planleggje eit fornuftig familieliv, og eit lønsnivå som gjer at ein ikkje ligg for langt bak kollegaer, vener og kjende.

– Forsvarsministeren sa då budsjettforslaget vart lagt fram, at tiltaka frå regjeringa vil gjere det meir attraktivt å vere i Forsvaret. Har han rett?

– Ja, eg håper det. Men får vi ikkje løyst pensjonssaka, vil heller ikkje dei andre tiltaka hjelpe. Det hjelper ikkje å leggje bandasje på ein forstua ankel om ein blør frå pulsåra i lysken. Då døyr pasienten. Vi kjem under eit kritisk nivå på mannskapssida.

– Forsvarsanalyse 2024 kan vi lese at det vil verte svært utfordrande å auke offiserskorpset i åra som kjem. Forsvarssjefen kalla personell- og kompetansesituasjonen for den største risikofaktoren for utviklinga av Forsvaret i sitt fagmilitære råd i fjor. Kor lyst eller mørkt ser du på personellsituasjonen, la oss seie dei neste ti åra?

– Temmeleg kritisk. Samstundes er han mogleg å løyse, om vi tek dei rette grepa. Men gjer vi fleire feilgrep, så risikerer vi full stopp i Forsvaret. Det er ein risiko nasjonen Noreg ikkje kan ta. Vi kan ikkje om fem år stå i ein situasjon der ting stoppar opp fordi vi ikkje har folk. Vi er nøydde til å lukkast. Og då må regjeringa lytte til å råda dei får frå oss og andre arbeidstakarorganisasjonar.

– Du bruker store ord. Er det fordi situasjonen krev det, eller fordi medlemene dine har interesse av det?

– Først og fremst fordi situasjonen krev det. Medlemene er så privilegerte at dei kan finne mange ulike jobbar utanfor Forsvaret, og mange gjer det. Mange av dei går opp i inntekt og ned i belastning, så eg er ikkje så uroa for dei. Den største uroa er for Forsvaret.

– Regjeringa vil løyve 15 milliardar til Ukraina, medan Noreg i år har løyvd 27 milliardar. Kva meiner du om det?

– Eg har oppfatta at 15 milliardar er eit minimum, og at regjeringa vil gje meir ved behov. Det støttar eg fullt ut.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis