Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
– Regjeringa vil auke forsvarsbudsjettet med 19,2 milliardar kroner neste år, noko som vil gje eit forsvarsbudsjett på 110,1 milliardar. Det høyrest mykje ut, men er mindre enn det forsvarskommisjonen tilrådde i fjor. Forsvaret vil dei neste ti åra trenge nærmare 140 milliardar årleg, meinte kommisjonen. Kor nøgd er du med dei 110?
– Eg gjev forsvarsbudsjettet karakteren «Mykje godt». Regjeringa følgjer planen i Langtidsplanen for Forsvaret, som Stortinget har slutta seg til. Forsvaret må reknast som ein budsjettvinnar. Det vil ikkje seie at vi ikkje ser utfordringar. Vi må nok inngå nokre kompromiss også her.
– Eit større forsvar vil krevje fleire folk. Langtidsplanen for Forsvaret (2025–2036) legg planar for om lag 4600 fleire tilsette. Samstundes har det i fleire år vore åtvara om ei snarleg pensjonistbølgje i offiserskorpset. Korleis vil du skildre personellsituasjonen i Forsvaret i dag?
– Som temmeleg kritisk. Vi er på grensa til ei krise, og enkelte fagfelt står i ei krise. Den kritiske situasjonen får også faktiske konsekvensar. Det er ein del aktivitet vi ikkje får gjennomført fordi vi manglar personell. Eit av dei nyaste døma er at vi i april måtte leggje ein fregatt til kai i Bergen som skulle vore på oppdrag. På same viset har Kystvakta hatt skip liggjande til kai, og flyoppdrag har ikkje vore gjennomførte.
– I budsjettforslaget for neste år startar regjeringa opptrappinga med 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Om lag 50 nye elevplassar skal på plass i befalsutdanninga. Korleis svarar budsjettforslaget på utfordringa?
– Dette er eit område der vi er litt kritiske og meiner at auken står fram som litt for liten. Skal eg sjå på det positive ved forslaget, så er det erkjenninga frå regjeringa om at støttestrukturen må verte styrkt – ikkje berre den spisse enden. Mannskap til forsvarsmateriell, bygg og vedlikehald vert styrkt – ikkje berre til fartøy, fly og så vidare. Men når støttestrukturen vert styrkt, vert det ikkje så mykje igjen til den operative biten. Dersom vi skal ta imot nye fartøy og fly om fire, fem, seks år, burde oppbemanninga skje no. Vi fryktar at vi kan kome på etterskot personellmessig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.