Manusforfattarar mot kunstig intelligens
Fagforeininga for manusforfattarar i USA har gått ut i streik. Dei kjempar for betre vilkår og mot å bli erstatta av kunstig intelligens-system.
Writers Guild of America-medlemmar og støttespelarar markerte seg utanfor Sunset Bronson Studios og Netflix Studios etter at fagforeininga gjekk ut i streik for film- og TV-forfattarar i Los Angeles.
Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB
Kunstig intelligens
magnus.gjerde@dagogtid.no
Den 2. mai gjekk dei om lag 11.500 medlemmane av Writers Guild of America (WGA) ut i streik. Fagforeininga representerer forfattarar som skriv for film, TV, radio og andre digitale plattformer. Det er ikkje ei stor gruppe menneske, men innverknaden deira i USA og verda er enorm. Dei skriv forteljingane me ser på kino, TV og PC-ane våre. Mykje av den amerikanske kulturarven me får servert frå me er barn her i Noreg, er ført i pennen av medlemmar av WGA.
Streiken vil forseinke produksjonen av ulike filmar og TV-program. Manusforfattarane krev betre arbeidsvilkår, men det mest spennande med streiken er forhandlingane om bruken av kunstig intelligens (KI).
No som KI trugar fleire skrivaryrke, frå omsettarar til journalistar, vil kampen manusforfattarane fører mot KI, kunne bli symboltung. Teknologimagasinet Wired skriv at WGAs handlingar vil kunne påverke fagrørsla: «Med verdas auge retta mot WGAs kamp, kan sigrar og tap sette presedens for andre bransjar.»
Løn og vilkår
18. april i år stemte 97,85 prosent av medlemmane av WGA for å streike dersom næringsforeininga for film- og TV-produsentar ikkje gjekk med på ein avtale innan 1. mai. Ingen avtale kom på plass, og dagen etter gjekk WGA ut i streik.
No som meir og meir av filmar og TV-seriar vert strøymde, krev manusforfattarane høgare kompensasjon for innhald på strøymetenester. Ifølge fagforeininga jobbar no halvparten av manusforfattarane av TV-seriar for minsteløn, samanlikna med berre ein tredjedel i perioden 2013–2014.
Fattig prisvinnar
Historia om 28 år gamle Alex
O’Keefe er eit godt døme på utfordringane manusforfattarar står overfor. I eit intervju med The New Yorker forklarte O’Keefe at han var ein av manusforfattarane til komedieserien The Bear. Han jobba saman med kollegaene sine over Zoom medan han budde i ei lita leilegheit i Brooklyn utan varme.
I mars vann The Bear WGAs pris for best skrivne komedieserie. Då O’Keefe reiste til seremonien, hadde han negativ bankkontosaldo og møtte opp med ei sløyfe han hadde kjøpt på kreditt. I staden for å føle seg som ein samarbeidspartnar i eit prosjekt samanlikna O’Keefe arbeidet med samlebandproduksjon.
Kamp mot KI
Kunstproduksjon vil kunne gjerast endå meir lik samlebandproduksjon takka vere kunstig intelligens. I dag er KI-modellar i stand til å generere tekst, bilete, musikk og video, og dei vert fort betre. Ettersom KI-modellar vert trente med store mengder data og døme laga av menneske, har ein kamp om kva status KI-genererte «åndsverk» skal ha, no byrja. Er eit KI-generert bilete ei samanfletting av stolne åndsverk laga av menneske, eller er det eit originalt verk som bør vernast av opphavsretten?
Eit anna spørsmål er om KI-utviklarar har handla lovleg når dei har trent KI-modellar med tekst og bilete laga av menneske, utan løyve og kompensasjon.
Getty Images, eit fotolisensselskap, har saksøkt Stability AI, som har utvikla ei teneste som kan lage realistiske bilete baserte på ei tekstskildring. Getty Images hevdar at dei har brukt tolv millionar bilete utan løyve og utan å gje kompensasjon.
I januar i år gjekk tre kunstnarar til felles søksmål mot tre KI-selskap på same grunnlag. Fleire søksmål er i kjømda.
I faresona
KI-modellar kan også brukast til å skrive bøker og lage teikneseriar, noko fleire har gjort. Manusforfattarar er difor også i faresona. Ein av Wireds første artiklar om ChatGPT handla om eit filmmanus ChatGPT hadde generert.
Filmen, med tittelen Oil and Darkness, var ein skrekkfilm der handlinga var lagd til ei oljeplattform. Manuset var ikkje eit meisterverk, men Wired-journalisten var likevel imponert: «Det er dramatisk spenning, velutvikla karakterar og antydingar om ein mørk løyndom. Manuset byr på eksplosiv handling og kanskje eit hint av samfunnsrefleksjon.»
ChatGPT vart gjeven eit tema og beden om å finne på ein tittel, hovudkarakterar og ei handlingsskisse. Ein kan ikkje (enno) be ChatGPT om å lage eit heilt manus. Det er avgrensa kor mykje han kan generere på ein gong. Men dersom ein stykkar arbeidet opp i mindre oppgåver, som å lage overordna handlingsplanar, skildre karakterar og skrive scener, kan ein kome ganske langt.
Regulering
WGA vil ha ein bindande avtale som regulerer bruken av KI. Eit av forslaga til WGA går ut på at stoff generert av kunstig intelligens-system, ikkje kan reknast som litterært materiale eller kjeldemateriale, det menneskelege manusforfattarar vanlegvis får betalt for.
Forfattarane vil med andre ord ikkje sitte att med å berre redigere og finpusse KI-genererte manus. Næringsforeininga dei forhandlar med, har ikkje gått med på dette kravet, men i staden føreslått årlege møte for å diskutere teknologiutviklinga.
WGA krev også at manus skrivne av medlemmar ikkje skal brukast til å trene opp KI-system. KI-modellar som ChatGPT er alt trente på det millionar av menneske har skrive. Det ville vore ein bitter ironi om manusforfattarar vart erstatta av KI-system som har blitt finjusterte på deira eigne manus.
Forteljarmakta
Dersom KI endar med å spele ei veksande rolle i kulturindustrien framover, vil det ha fleire følger enn lågare lønningar for manusforfattarar.
Ifølge historikaren Yuval Noah Harari vil det signalisere eit grunnleggande skifte i menneskehistoria. I ein nyleg artikkel for The Economist legg han vekt på at menneske lever i og gjennom forteljingane me lagar om verda. «Kva vil skje med historia», spør han, «når KI tek over kulturen og byrjar å produsere forteljingar, melodiar, lover og religionar?»
Det er ikkje godt å seie, men filmprodusentar er villige til å eksperimentere. Utsegner frå Hollywood-leiarar på ein konferanse i byrjinga av mai tyder på at noko er i kjømda.
– I løpet av dei neste tre åra kjem du til å sjå ein film som er skriven av KI, ein god film, sa filmprodusenten Todd Liebermann.
– Ikkje berre manus. Redigering… alt saman, sa Fox Entertainment-sjefen Rob Wade.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.