Økonomi
Meir inflasjon i vente
USAs er verdas bank, men det ser ikkje USA ut til å bry seg om.
USA har verdas største skuggebanksektor, der den neste store krisa etter alt å døma kjem. Og her står ikkje nokon sisteskansebank og ventar på å berga kapitalistane.
Illustrasjon: Aliaksey Dabralinski / Shutterstock / NTB
Den som vonar at dei ved å lesa den artikkelen, finn ei løysing på problema finansnæring i verda er inne i, kjem til å verta skuffa. Det finst ikkje lenger gode svar på problema Vesten har sett seg i. Valet ser ut til å stå mellom ei mengd konkursar her og no eller langvarig inflasjon.
I alle høve har finansverda eit rikt vokabular. Problemet er at orda er på engelsk. Banknæringa, til dømes, er lite anna enn eit såkalla confidence trick, som ikkje er lett å omsetja til norsk. Vi kan kanskje kalla det «tillitstriks», men i motsetnad til andre triks er dette eit triks vi alle gjer best i å tru på. For trur vi ikkje på det, ja, så ryk alle bankar.
For kva er bankdrift? Det er å taka sikre pengar, dine og mine løningar, til dømes, og gjera dei om til usikre pengar, og det utan at kundane bør bry seg. Lat oss seia at ein bank har 10 prosent eigenkapital, som kan vera 10 millionar kroner i svært likvide papir, til dømes utlån til ein stat i form av statsobligasjonar, som alle bankreguleringar seier er heilt sikre, sjølv om dei er alt anna enn det. Renteoppgangen sidan 2022 har viska vekk store noverdiar på statsobligasjonar.
90 millionar
Denne tenkte banken har i tillegg til eigenkapitalen på 10 millionar 90 millionar i innskot frå deg og meg. Vi seier at alle desse innskota vert lånte ut til bustadmarknaden. Vi gjer det vel enkelt og seier at utlåna svarar til 85 prosent av verdien i bustadene. Så går renta kraftig opp, som ho har gjort i det siste, og verdien på bustader går ned med 20 prosent.
Då er utlåna på 90 millionar i røynda berre verde 72 millionar. 18 millionar er gått tapt, og med det er eigenkapitalen i banken på minus 8 millionar, i røynda er minustalet større om ikkje staten tillèt negative verdiar på pant.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.