Miljø
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Truleg passerte verda alt i 2024 1,5 gradars oppvarming samanlikna med perioden 1850–1900. Bjørn Samset er utdanna fysikar og arbeider som klimaforskar ved Cicero senter for klimaforsking.
– Det har vore sannsynleg ei god stund, men er det no mogleg å slå fast at 2024 var det varmaste året sidan målingane tok til?
– Det er så å seie garantert no. Dei siste tala er ikkje inne enno, men alt tyder på at dette blir det varmaste året i alle dei ulike måleseriane. Og 2023 og 2024 har overraskande stor margin ned til dei tidlegare rekordåra.
– Noko av forklaringa er at vêrfenomenet El Niño i Stillehavet fekk stor effekt også i 2024. Denne episoden vart lengre enn venta?
– Ja, men to El Niñoar er aldri like. Så har vi òg hatt høge temperaturar også i andre havområde, som Atlanterhavet og det nordlege Stillehavet. I tillegg var det nokre andre svingingar som kom på toppen av den globale oppvarminga og førte til rekordvarme.
– Ekstremvêr vil det vere mange stader i verda kvart år. Men er det noko av ekstremvêret i 2024 som i større grad enn anna vêr kan knytast til klimaendringane?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.