JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MiljøSamfunn

Varmebølge utan ende

Noko underleg skjer i havet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Soloppgang aust for Maine i USA. Det siste året har temperaturane i Atlanterhavet vore langt høgare enn det som tidlegare er målt.

Soloppgang aust for Maine i USA. Det siste året har temperaturane i Atlanterhavet vore langt høgare enn det som tidlegare er målt.

Foto: Robert F. Bukaty / AP / NTB

Soloppgang aust for Maine i USA. Det siste året har temperaturane i Atlanterhavet vore langt høgare enn det som tidlegare er målt.

Soloppgang aust for Maine i USA. Det siste året har temperaturane i Atlanterhavet vore langt høgare enn det som tidlegare er målt.

Foto: Robert F. Bukaty / AP / NTB

11627
20240405

Varmt hav

Det siste året har temperaturen i hava i verda vore langt over det normale

Kvar av dei siste 11 månadene har vore rekordvarm for årstida

Rekordane blir sette med uvanleg store marginar

I fjor var første året da gjennomsnittleg overflatetemperatur vart målt til over 21 gradar

2023 var òg det varmaste året som er målt på landjorda

11627
20240405

Varmt hav

Det siste året har temperaturen i hava i verda vore langt over det normale

Kvar av dei siste 11 månadene har vore rekordvarm for årstida

Rekordane blir sette med uvanleg store marginar

I fjor var første året da gjennomsnittleg overflatetemperatur vart målt til over 21 gradar

2023 var òg det varmaste året som er målt på landjorda

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Klima

peranders@dagogtid.no

Om du som les denne artikkelen, har slutta å reagere på dystre klimanyhende, er det ikkje rart. Når vi stadig får høyre om nye varmerekordar og meir ekstremvêr, gjer det stadig mindre inntrykk. Og når det gjeld klimaet, er grensesprenging den nye normaliteten. Men iblant kjem det data som gjev grunn til å skjerpe merksemda. Oppvarminga av havet det siste året er noko langt utanom det normale – også i ei tid da det ekstreme har blitt normalt.

«Vi veit ikkje eigentleg kva som skjer.»

Gavin Schmidt, klimaforskar

Nyleg erkjente den røynde klimaforskaren Gavin Schmidt at han ikkje kunne forklare utviklinga. Han hadde ikkje venta at 2023 skulle bli varmt, verken i havet eller på land. «Vi veit ikkje eigentleg kva som skjer. Og vi har ikkje eigentleg visst kva som skjer sidan mars i fjor», sa han nyleg i eit intervju med forfattaren Elizabeth Kolbert i The New Yorker. Schmidt er direktør ved Goddard Institute for Space Studies, ein del av amerikanske Nasa, og ei av dei tyngste røystene i klimaforskinga.

Heller ikkje Jim Skea, leiaren for FNs klimapanel, har noka fullgod forklaring. «Havtemperaturane har sprengt skalaen», sa han til Financial Times i mars i år.

Sidan mars i fjor har kvar månad vore rekordvarm i havet. Grafane syner snittemperatur i overflata mellom 60 gradar nord og 60 gradar sør. Den stipla lina er snittet for åra 1991–2022.

Sidan mars i fjor har kvar månad vore rekordvarm i havet. Grafane syner snittemperatur i overflata mellom 60 gradar nord og 60 gradar sør. Den stipla lina er snittet for åra 1991–2022.

Illustrasjon: Copernicus

Spranget

Grafen på denne sida syner kor underleg havet oppfører seg. Han er henta frå det europeiske Copernicus-programmet og syner gjennomsnittstemperatur i havoverflata mellom 60 gradar nord og 60 gradar sør (dei nordlegaste og sørlegaste havområda er altså ikkje med). Den stipla lina i grafen viser til gjennomsnittet for åra 1991 til 2020. Den oransje streken er temperaturen i 2023, og den svarte syner utviklinga i 2024. Det store gapet mellom desse linene og skya av grå strekar frå dei 31 åra fram til 2023 gjev grunn til undring. Og uro. Verdshava har sett varmerekord for årstida i alle dei ti siste månadene.

Framstillinga er bygd på data frå tusenvis av målepunkt og syner at sjøtemperaturen byrja å stige for alvor i april i fjor. Dei neste månadene vart avstanden ned til tidlegare målingar større og større. I august i fjor var overflatevatnet i havet 0,6 gradar varmare enn snittet frå 1991 til 2020, og 0,3 gradar varmare enn den gamle rekorden frå 2016.

2023 var òg det første året da den gjennomsnittlege overflatetemperaturen i verdshava vart målt til over 21 gradar, og det i fleire månader på rad. Utanfor Florida vart det målt ein temperatur på over 38 gradar celsius i juli i fjor, truleg den høgaste overflatetemperaturen som nokon gong er målt. (Offisielle temperaturrekordar for havet finst ikkje.)

Uskjønleg

Varmebølga er slett ikkje over. Også 2024 har vore ekstremt så langt. I januar i år var den gjennomsnittlege overflatetemperaturen i havet heile 0,73 gradar celsius over gjennomsnittet frå åra 1991–2020. Når det er snakk om så store område og slike vassmengder, er dette spranget eksepsjonelt. Vatn er eit langt tregare medium enn luft. Og havet med sitt kolossale volum (omtrent 1,4 milliardar kubikkilometer vatn) har ein tregleik som gjer det vanskeleg å skjøne at så store utslag kan skje så fort.

Rett nok er det først og fremst dei øvre vasslaga som blir varmare. Transporten av varme ned i djuphavet, der temperaturen kan vere ned mot null gradar, går mykje saktare. Men det er ikkje berre heilt i overflata oppvarminga skjer heller. Målingar frå dei øvste 700 metrane i verdshava syner at temperaturen der har auka jamt og trutt sidan tidleg i 1970-åra.

Dette er i og for seg gammalt nytt. Grovt rekna har hava teke unna omtrent 90 prosent av den ekstra varmen som er akkumulert på jorda sidan klimagassutsleppa for alvor byrja å auke på 1800-talet. Men aldri før har havtemperaturen gjort eit byks som i fjor. Så kva var det som skjedde?

El Niño

Ei viktig forklaring på oppvarminga av havet er ganske enkel: Også lufta var særs varm i 2023. Dei ti varmaste åra som er registrerte, har alle vore det siste tiåret. Men 2023 skilde seg ut. Fjoråret var med stor margin det varmaste året som er målt ved jordoverflata, 0,15 gradar celsius varmare enn det førre rekordåret 2016. Og når lufta blir varmare, følger havet sakte etter.

Det naturlege vêrfenomenet El Niño, som tok til på ein ny runde i juni 2023, er ei anna delforklaring. Med ujamne mellomrom fører El Niño til uvanleg høge overflatetemperaturar i det sentrale og austlege Stillehavet. Sidan dette havet er så stort, gjev varmen der store utslag på det globale gjennomsnittet. Fenomenet gjev òg høgare lufttemperaturar globalt og påverkar klimaet i mykje av verda.

Men heller ikkje El Niño er tilstrekkeleg for å forklare dei ekstreme utslaga i havtemperaturen. Også andre hav har slått rekordar siste året. I mykje av Atlanterhavet nord for ekvator har temperaturane i lange periodar vore meir enn éin grad høgare enn snittet frå 1991–2020, og oppvarminga der var godt i gang før den noverande El Niño-perioden byrja. Også Indiahavet og Middelhavet har vore særs varme.

Svovel og sand

Når Dag og Tid ringjer til Tore Furevik, oseanograf og direktør ved Nansen senter for miljø og fjernmåling, trekker han fram ei paradoksal delårsak til den uvanlege varmen: Lufta over hava har blitt reinare dei siste åra. I 2020 vart grensa for lovleg svovelinnhald i bunkersolje senka frå 3,5 prosent til 0,5 prosent. Skjerpinga fekk ein rask effekt på konsentrasjonen av svovelpartiklar i lufta. Svovelutsleppa frå skipsfarten var store nok til å svekke solinnstrålinga, særleg langs dei mest trafikkerte skipsrutene. Dermed har eit vellukka miljøtiltak truleg bidrege til å forsterke oppvarminga.

Furevik peikar òg på andre delforklaringar: I januar 2022 eksploderte ein undersjøisk vulkan i Stillehavet, og eksplosjonen sende 150 millionar tonn vassdamp opp i stratosfæren. Vassdamp er ein drivhusgass, og utbrotet har truleg ført til ekstra oppvarming. Og ein siste faktor: I fjor førte uvanlege vindforhold til at mindre sand enn vanleg vart ført frå Sahara og ut over Atlanterhavet. Også dette gav klarare luft og dermed meir solinnstråling. I sum er dette nok til å forklare det aller meste av den eksepsjonelle varmen i havet siste året, meiner Tore Furevik.

Så langt årsakene til det rekordvarme havet. Men kva er konsekvensane?

Orkanar

Vi kan starte med å snakke om vêret. Varmen i Atlanterhavet kan innebere trøbbel for folk i Mellom-Amerika, Karibia og langs austkysten av USA når orkanårstida tek til. Eit varmare hav har meir energi og kan gje ekstra kraft til dei tropiske orkanane, som har fordampinga frå havet som motor.

Sidan overflatetemperaturen må vere minst 26,5 gradar for at slike stormar skal vere moglege, kunne ein tenkt seg at eit varmare hav automatisk førte til fleire orkanar. Men varme er ikkje alt, og samanhengen er ikkje fullt så enkel, av grunnar vi ikkje skal gå inn på her. Forskinga tyder derimot på at eit varmare hav kan føre til sterkare og difor meir øydeleggande tropiske orkanar.

I tillegg ligg orkansesongen vest i Atlanterhavet an til å bli uvanleg lang. Havet kring Karibia har alt nådd ein temperatur som normalt ikkje skal kome før i juni. Dei første tropiske orkanane kan slik sett kome når som helst.

Den eksepsjonelle varmen over store havområde gjer òg at tropiske stormar og orkanar blir moglege i større område enn før. Uvêret «Daniel», som førte til svært store øydeleggingar både sør og nord for Middelhavet i september i fjor, var eit døme på dette. Også Middelhavet hadde i fjor sommar dei høgaste overflatetemperaturane som er målte, og det varme vatnet var med på å gje «Daniel» superkrefter.

Orkanen «Daniel» nord for Afrika i september i fjor. Uvêret tok fleire tusen liv i Libya.

Orkanen «Daniel» nord for Afrika i september i fjor. Uvêret tok fleire tusen liv i Libya.

Illustrasjon: Nasa

Koralldød

For somme marine skapnader er sjølve varmen meir dødeleg enn all slags uvêr. Tropiske korallrev, dei mest artsrike livsmiljøa i havet, er sårbare for høge temperaturar. Om varmen er sterk og langvarig, kan i verste fall heile rev døy ut på grunn av såkalla korallbleiking. Hetebølga i den tropiske Atlanteren i fjor førte til dei største øydeleggingane som er registrerte på reva utanfor Florida, skreiv The New York Times i fjor. Også korallrev ved Cuba, Bahamas og andre stader i regionen skal ha blitt alvorleg skadde.

Døde eller skadde korallar ved Keppel-øyane i Great Barrier Reef i Australia 5. mars. Den uvanlege varmen i havet fører til korallbleiking som kan drepe heile rev.

Døde eller skadde korallar ved Keppel-øyane i Great Barrier Reef i Australia 5. mars. Den uvanlege varmen i havet fører til korallbleiking som kan drepe heile rev.

Foto: Renata Ferrari / Reuters / NTB

Vest i Stillehavet har ikkje temperaturane vore fullt så ekstreme, men også der har korallreva fått hard medfart. I den australske sommaren som nyleg er over, har The Great Barrier Reef utanfor Queensland igjen blitt påført stor skade gjennom korallbleiking, ifølge det australske miljødepartementet. Dette er den sjuande såkalla massebleikinga som er observert ved revet sidan 1998. Framtida for verdas største korallrev ser ikkje lys ut.

Havet stig

Ein annan konsekvens av varmen er at havet stig raskare enn før. Dels fordi varmen i både sjøvatnet og atmosfæren set fart på bresmeltinga i Antarktis og på Grønland, dels fordi sjøvatnet ekspanderer når det blir varmare. Og oppvarminga av havet i 2023 viser seg i havnivået. Sidan 1991 har havet i gjennomsnitt stige med kring 0,3 centimeter årleg. Takten har auka, og dei siste åra har raten vore på 0,44 centimeter årleg. Men frå 2022 til 2023 steig det gjennomsnittlege havnivået med heile 0,76 centimeter – eit skikkeleg rykk.

Isfjell i Scoresby-sundet ved Grønland, september 2023. Oppvarminga får breane på Grønland til å skli raskare ut i havet.

Isfjell i Scoresby-sundet ved Grønland, september 2023. Oppvarminga får breane på Grønland til å skli raskare ut i havet.

Foto: Chris Szagola / AP / NTB

Knapt nokon ser for seg at havet skal stige like fort i åra som kjem. Men 2023 er ei påminning om at anslaga IPCC har laga for den globale havstiginga i dette hundreåret – mellom 28 centimeter og ein meter – kan vere i lågaste laget. I all hovudsak blir havnivået avgjort av smeltinga i Antarktis og på Grønland. Og kor fort den går, kjem i stor grad an på kor fort havet blir varma opp. Dei siste 20 åra har Grønland i snitt tapt kring 270 milliardar tonn med is årleg – 30 millionar tonn i timen. Takten er aukande.

Mange av konsekvensane av eit varmare hav er uoverskodelege, ikkje minst gjeld det følgene for marint liv. Truleg kjem heile økosystem til å flytte på seg når temperaturen endrar seg. Ikkje alt liv i sjøen er like mobilt – dei store korallreva er alt nemnde. Men mange andre marine artar har ein fordel framfor dei som lever på land: Dei har ofte høve til å migrere om det blir for varmt, utan å møte uoverkomelege hinder som vegar, byar og jordbruksområde. Men det inneber at lokale artar på sikt kjem til å forsvinne og bli erstatta av andre som toler varmen betre.

Ukjent terreng

I kva grad marine artar og vi menneske kan tilpasse oss, kjem dels an på tempoet i temperaturauken. Og da er vi attende der vi byrja. Er denne hetebølga i havet ein underleg anomali, eller varslar ho ei langt raskare oppvarming enn forskarane hadde sett for seg?

Susan Wijffels, seniorforskar ved Woods Hole Oceanographic Institution, er usikker. «Dette kan vise seg å vere berre naturleg variasjon», sa ho til The New Yorker i mars. Men ho er open for at det kan vere noko anna som skjer. «Om temperaturane framleis er svært høge om eitt år, kjem langt fleire forskarar til å seie: ‘OK, dette er utanfor det vi kan forklare’», seier Wijffels.

Den før nemnde Gavin Schmidt trur vi kjem til å vite meir alt i august, når det er venta at El Niño er over. Om ikkje havet og atmosfæren blir kjøligare da, «er verda verkeleg i ukjent terreng», skreiv Schmidt nyleg i Nature: «Det kan innebere at ein varmare planet allereie fundamentalt endrar måten klimasystemet fungerer på, mykje tidlegare enn forskarane hadde venta.»

Artikkelen vart oppdatert 8. april. «Millimeter» vart retta til «centimeter» i avsnittet om havnivå.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk
I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis