«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo Thomas Hylland Eriksen er død, 62 år gamal. Han var eit medisinsk særdøme. For åtte år sidan vart han diagnostisert med bukspyttkjertelkreft, ei av dei farlegaste kreftformene. Men han lét seg ikkje knekkja. Han var skrivande til det siste, klår og engasjert og kunnskapsrik. Og han levde lenger med denne sjukdomen enn dei aller fleste. Det er det mange som er takksame for.
På eit universitet som sjeldan særmerkjer seg med sjenerøsitet, var Thomas Hylland Eriksen ein som brydde seg. Det synte seg mellom anna i måten han tok opp arbeidet til kollegaer på. Boka hans om Fredrik Barths sosialantropologi er slik sett eit døme på inspirert fagleg debatt og eit lærestykke om det som litt blast vert kalla formidling.
Då vil eg snarare trekkja fram Eriksen som eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta. Ikkje fordi han måtte, men fordi han syntest det var viktig og naudsynt. Og med stor lyst. Han gjorde det utan å snobbe nedover med forenkling og verbalt dilldall. Han tok folk på alvor. På Universitetet i Oslo vart han ein inspirerande lærar og rettleiar. Han fekk òg formidlingsprisen der.
Spesialemna hans var identitet, etnisitet og fleirkulturelle samfunn, det han kalla «røter og føter». Karibia gav han materiale. Her heime leidde han fleire forskingsprosjekt om innvandring og blandingskultur. Det er vel nokon som i dag vil seia at han på desse felta vart ein tone for optimistisk med tanke på kva folk kan tola av kulturkollisjonar.
Når innvandrarskepsisen no rullar over Europa og USA, er denne kosmopolitiske grunnhaldninga til Eriksen vel verd å forsvara. Men eg ville gjerne hatt høve til å samtala med han om grensene for kva vi skal tolerera av autoritære haldningar blant minoritetar.
Medan norske sosialantropologar i seinare tid meir og meir har hatt feltarbeid her heime – «med moskitonett på Bøler», som Ulf Torgersen kalla trenden – så tok Eriksen med seg notisblokka og feltutstyret sitt til Ullevål hageby, like ved der han budde. Nokon vil seia at han gjorde denne middelklasseidyllen vel eksotisk. Men der fann han mellom anna ein god del liv på eksistensiell tomgang. Det kalla han «storeulvsyndromet»: Når me har fått alt me ynskjer, kva då? Er fanatisk konsum svaret? Seriemonogami? Treningsfeber? Elvecruise på Donau eller fartsfylte trikketurar i Lisboa? Frenetisk handarbeid?
Her blir Eriksen gamaldags eksistensiell utan å vera plagsamt åndeleg (religionar vert verande antropologi for han). I boka Syv meninger med livet (2022) nærmar han seg klassikaren Montaigne, som i essayforma stiller seg open for livet som han tek rett inn, utan nokon standardformularar om lukke.
God til å ramma inn innsikter i nye omgrep var han òg. Der hjelpte det at han også intellektuelt var mangfaldig. Tverrfagleg var Eriksen heile livet. Noko av dette kan kanskje koma av at han av temperament var anarkist (tidlegare redaksjonsmedlem i Gateavisa, pluss sjølvsagd redaktør av Samtiden og fleire antropologiske fagtidsskrift). God kollega var han òg. Han hadde kontor like ved meg og var alltid blid og imøtekomande. Eit ideal midt i sjukdomen.
Når han no er stilna, er det verdt å minnast det sterke miljøengasjementet hans (saman med Dag O. Hessen). Kloden vår er ekstremt sårbar – klima, fordomar, ekstremisme, epidemiar, krigar, vanvitige ideologiar, narsissistiske statsmenn. Thomas Hylland Eriksen var ein tenksam lyktberar, ikkje for rasjonalitet i snever tyding, det er for enkelt, men for opplysing og samtale over avgrunnar.
Me er glade for at me fekk ha han så lenge.
Bernt Hagtvet
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.