JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordSamfunn

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Gunnar Stubseid døydde 20. juni 2024.

Gunnar Stubseid døydde 20. juni 2024.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Gunnar Stubseid døydde 20. juni 2024.

Gunnar Stubseid døydde 20. juni 2024.

Foto: Stubseid.no

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5244
20240712
5244
20240712

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Det vart for Gunnar til eit langt stykke kulturarbeid over godt og vel 50 år. Utan avbrot, men med sterke skiftingar av fokus. Kanskje nettopp difor vart dette eit meir modernistisk arbeidsliv enn dei fleste såg den gong. Det er ikkje mindre slik ein suksessfull yrkeskarriere ovrar seg i dagens samfunn. Berre å sjå seg ikring, i institusjonar, privat næringsliv og offentleg sektor.

Det var i tida utan mobiltelefon, ja, dei fleste på landsbygda hadde ikkje sveiveapparat heime eingong, året 1948, då Stubseid vart fødd i Setesdal, 23. januar.

Soge- og eventyrbygda Austad, med forteljaren Olav Eivindson med den lage hårlokken bak øyra, «spira», dei kalla, der dalens største minnesmerke over noko levande vesen står i dag. Reist av norskamerikanaren Eivind Aakhus i 1912, på grava til felespelaren, «Myllargutens overmann», Tarkjell Aslaksson Austad, død for mest 150 år sidan.

Her, i Austad sokn, både ektemake Kari Margrete Okstad og husbonde Gunnar Kristianson Stubseid no kviler sine bein, tett attmed. På den gamle kyrkjegarden ved stavkyrkjestaden der også Håvard Hedde og sordølen Sigurd Eivindson, avretta i 1798, høyrer heime på ulikt vis. Håvard, som drukna omstreifar same året som Tarkjell vart fødd, i 1803. Og helten Harde-Aslak skal etter segna vere jorda her au, han som skjoldmøyane «maska» opp.

Ein gangardans i motiv prydar det naturskapte gravminnet i sjølvsame høgreiste steintavle. Som varp og veft, «greft i greft», for vitskapsfolka og kunstnarane Kari og Gunnar.

Dei to var det just som initierte søknadsprosessen til Sameinte nasjonar sitt verneorgan for immateriell verdskultur, forbokstavane frå den engelske tittelen, Unesco. Det tok seks år av deira levetid, som også var spekka med andre kulturoppgåver, på kvar sine vis.

Kari Margrete, innflyttar til landsdelen frå Voss, opphaveleg Namsos, og Gunnar som AFP-pensjonist, etter fire år som undervisingsleiar ved Ole Bull Akademiet og seinare ni år som leiar av same, altså på Voss, til slektsgarden Lunden, Hedde i Hylestad sokn.

Ikkje for det, men det var Straume og Austad der dei næraste ætterøtene var feste. Farfaren Bendik Stubseid var innflytta lærar og klokkar, slik far til Gunnar også blei. Kona si henta han oppstraums Otra, ja, nettopp på Straume heitande, aust for elva. Inga bru over den gong, men prammar og ei ferje, til og med, fanst til taks, roande opp forbi Straumsfossen. Og det var her Gunhild Gunnarsdotter høyrde heime. På garden der bonden i si tid grensa til kvart sitt fylke i aust og mot vest. Gunnar-namnet kom frå Sordal, ei veglaus mil lenger nede, der det enno vert skvetta øl på offertrea kvar midtvinterskveld. Men «vår Gunnars» morfar var bonden, diktaren, stortingsmannen, ordføraren, og mangt anna, Gunnar Tarjeison Rysstad (1867–1928).

Gunnar Stubseid døydde like før sommarsolkverv, 20. juni 2024. To månadar tidlegare fall syskenbarnet hans, Bjørgulv Straume, ifrå, men han mest ti år eldre. Og ektemaken til Gunnar, Kari, fødd 15. mars 1959, døydde 24. juni 2020, jonsokdagen.

Båe hadde dei Norsk senter for folkemusikk og folkedans si æresutmerking, RFF-prisen, landets høgaste faglege folkemusikkpåskjøning. Båe var dei berarar av fagtitlar for sine felt, ho med folkedans, han med etnologi og folkemusikk, på universitetsnivå i Bergen og Trondheim.

Frå kvar sine landsdekkande lag, ho frå Noregs Ungdomslag og han frå Landslaget for spelemenn (eit utbrytarlag frå NU i 1923), fann dei saman som to byggjeklossar, som aldri vart dominobrikker i sams fall.

Dei to representerte vitskap om lands- og verdskunst og kultur, der dei kvar for seg var medium i formidlinga. I spel og dans, soge og samvær.

Kva dette har hatt å seie for miljø, land og strand omkring, kjenner me på alle i dag. Og deira gjerning vil påverke kunst- og folkeliv i bygd og by, for framtidas krav au.

Frå folkemusikkgruppa Slinkombas til nye Sylvartun vart mange vegkryss. Somme stader venta heppa med kappa på vranga, i andre kryss druste kjærteikna i vindsblekken forbi.

Når rockefolka smadra hotellromma, sat me andre med felene våre, kne mot kne med ein gamal, høgvyrd læremeister. Det enda som det byrja. For i byrjinga var musikken. Musikken var hjå meisteren, og meisteren var musikken.

Av dei bøker som Stubseid førte fram, var ei om legendariske hardingfeler. Ole Bull og Sigbjørn Bernhoft Osa sine ettermæle vart også på ny forgylt med praktbøker. For ikkje å nemne skarar av hæve musikarar frå nær og fjern, av gjesteartistar som kvalitetssikra hans musikkutgjevingar, som han sa, med døme som Kirsten Bråten Berg, på sin aller siste tillyste konsert, som var nettopp på Sylvartun i Kirsten sin regi.

Det var to veker før han gav opp anden. Ei stappfull Hylestad kyrkje, som han i sine siste timar hadde iscenesett, helsa sørgjelyden i takk. Personleg vil eg både som frende og ven vise takksemd for det Gunnar Stubseid, nettopp for kultursenteret, no Folkemusikkmuseet Sylvartun, drifta av Setesdalsmuseet, gjorde med oppretting av nye utstillingselement. Og for samarbeid med innspelingar der av to store album.

Gunnar Stubseid var sjølvsagt æresmedlem av Setesdal Spelemannslag, men hadde også Ole Bull-medaljen, Spellemannprisen og Hilmar Alexandersens musikkpris.

Hallvard T. Bjørgum

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen