Krig
Mobilisering, demobilisering og offentleg desertering
Den 21. september eksploderte ei «bombe» i Ukraina. Nei, ikkje ei russisk ei.
Sergij Gnezdilov annonserte at etter fem års teneste i det ukrainske militæret, med mange månader ved frontlina, «forlét han den militære eininga si utan løyve og avslutta militærtenesta si».
Foto: Privat
Hundrevis av russiske bomber blir sleppte over ukrainske byar og landsbyar kvar einaste dag, og dei er ikkje lenger sette på som nyhende. Det er ein dagleg «normalitet», nett som ei mengd daglege eksplosjonar frå russiske missil og dronar.
«Bomba» som eksploderte 21. september, var heimleg og meir som ei «informasjonsbombe». Men «trykkbølgja» frå henne byrjar spreie seg i det ukrainske samfunnet, som er slite, radikalisert og luta lei av krigen.
Den 21. september kom ein kjend offentleg aktivist, bloggar og grunnleggjar av litteraturfestivalen Vydelka Fest, Sergij Gnezdilov, med ei kunngjering. Han annonserte at etter fem års teneste i det ukrainske militæret, med mange månader ved frontlina, «forlét han den militære eininga si utan løyve og avslutta militærtenesta si». Med reine ord: Han deserterte offentleg frå det ukrainske militæret.
Han gjorde dette offentleg for å reise ein open debatt om reglane for mobilisering og demobilisering, som i dag ikkje eksisterer.
Den aktive delen av det ukrainske samfunnet vart splitta i to leirar av denne utsegna: dei som støtta Gnezdilov, og dei som stempla han som provokatør og forrædar. Men det må seiast at sjølv den negative reaksjonen på det han gjorde, ikkje var særskilt aggressiv og høgrøysta. For saka om mobilisering og demobilisering er pinsam for kvar einaste meinig i det ukrainske militæret.
Sjølv tok Sergij Gnezdilov studiefri frå universitetet i Lviv i 2019, der han studerte journalistikk, for å gå frivillig inn i militæret og ta del i forsvaret av det ukrainske sjølvstendet. Han gjorde teneste på dei verste stadene i krigen – i Pesky nær Donetsk og i Bakhmut. Men etter fem års teneste og krig braut han saman, som det heiter. Han kunngjorde avgjerda si om på eiga hand å avslutte militærtenesta si i ein diskusjon på Idé-festivalen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.