Intervju
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
«Flere Høyre-representanter vil be om å få stemme fritt når den nye abortloven skal vedtas på Stortinget», kunne NRK fortelje denne veka. Tilrådingane frå abortutvalet skal stemmast over no i vår, og det er mange som meiner noko om abort og kva grenser ein skal setje. Skal sjølvråderetten trumfe verdien til fosteret? Og kvar går i så fall den grensa?
Kamzy Gunaratnam, som vart intervjua på desse sidene i Dag og Tid førre veke, er tydeleg på at det berre er kvinna som veit kva som er best for livet hennar. Olaug Bollestad i KrF meiner Gunaratnam «bagatelliserer det hele ved aldri én gang å nevne noe om rettsvernet til barnet i magen».
Ikkje alle i abortutvalet kunne stille seg bak tilrådingane. Morten Magelssen var ein av dei som tok dissens. Han er førsteamanuensis og leiar ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, men svarar her som medlem i abortutvalet.
– Abortutvalet tilrår å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18. I dissensen er det peika på at det er vanskeleg å grunngi akkurat denne grensa. Kvifor?
– Det er ikkje nokon spesielle medisinske eller biologiske argument som talar for at grensa skal gå akkurat ved veke 18. Utviklinga til fosteret er kontinuerleg gjennom svangerskapet, og det skjer eigentleg ikkje noko kvalitativt nytt mellom veke 12 og 22.
– Så kvifor ikkje då utvide grensa til veke 22? Ein av medlemmane i utvalet gjekk inn for dette, kan ein lese i rapporten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.