Mot ein ny asylpolitikk i EU

Strengare og meir effektiv grensekontroll og raskare retur av migrantar som ikkje får asyl. Det kan verte følgjene av EUs nye asyl- og migrasjonsregelverk, som snart er klart.

Dei siste månadene har det kome fleire titals tusen migrantar til den italienske øya Lampedusa. Så langt i år har over 200.000 flykt­ningar og migrantar kome til Europa via Middelhavet eller landområda rundt.
Dei siste månadene har det kome fleire titals tusen migrantar til den italienske øya Lampedusa. Så langt i år har over 200.000 flykt­ningar og migrantar kome til Europa via Middelhavet eller landområda rundt.

Tidlegare denne månaden vart eit fleirtal av EU-landa i EUs ministerråd samde om ein krisemekanisme som skal kunne utløysast om det igjen kjem unormalt stor tilstrøyming av flyktningar og migrantar til EU-medlemsland, slik som i 2015 og 2016, eller dersom flyktningar og migrantar skulle verte brukte i politisk spel, slik som då Belarus sende migrantar mot Polen hausten 2021.

Krisemekanismen er den siste komponenten i EUs nye asyl- og migrasjonsregelverk, som har vore under utarbeiding i fleire år. Asylreforma tvinga seg fram etter 2016, då den såkalla Dublin-forordninga – som plasserer ansvaret for å handsame ein asylsøknad til det EU-landet asylsøkjaren fyrst kjem til – delvis braut saman.

Framleis står det att å forhandle med EU-parlamentet om både krisemekanismen og andre reformkomponentar, men det er venta at heile asylreforma no kan verte endeleg vedteken i løpet av våren 2024.

Strengare og raskare

Krisemekanismen inneber at enkeltland ved ein krisesituasjon raskt skal kunne krevje hjelp frå andre. I tillegg skal dei kunne få unntak frå nokre av reglane og prosedyrane for asyl og returar som òg kjem til å følgje av det nye asyl- og migrasjonsregelverket.

Frå før har EU-landa nemleg vedteke å innføre strengare og meir effektiv kontroll, med utvida registrering og såkalla screening, ved EUs yttergrenser: Det inneber at alle som kjem til EU utan innreiseløyve, skal registrerast med identitet, fingeravtrykk og bilete og få gjennomført helse- og tryggingssjekk. Screeninga skal gjennomførast i løpet av dei fem fyrste dagane etter at dei har kome, og opplysningane vert samla i EU-databasen Eurodac, der asylsøknader kan sjekkast opp mot tidlegare registrerte asylsøknader.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement