Naiv kunst og nøktern røyndom

Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.

Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Publisert

Etter kvart som vi nærmar oss jul og eit nytt år, har kulturlivet i Ukraina, som alltid er fargerikt, blitt enda livlegare. Alt blir gjort for at folk flest skal kjenne at høgtidene er i kjømda, trass i problematiske nyhende frå fronten.

Eit juletre er sett opp på Sofia-plassen i Kyiv etter ordre frå borgarmeisteren. Det er berre det at treet er halvparten så stort som treet i fjor, og ikkje like overdådig pynta. I røynda er det ikkje eingong eit ekte, grønt tre. Det er skinande kvitt, som om eit forferdeleg sjokk har teke fargen frå dei grøne greinene.

Utselde premierar på livlege framsyningar går på teatera, og reklame for gallashow med standupartistar finn ein over heile byen. Det er nok av billettar å få til underhaldninga, men eg reknar med at også desse snøgt blir utselde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement