Intervju

Når dei rike reiser

Skatteflukta får ikkje konsekvensar på kort sikt for norsk vekstkraft, men er truleg skadeleg lenger framme, trur sjeføkonom Harald Magnus Andreassen.

Kjell Inge Røkke & Co reiser frå oss. Gjer det noko?
Kjell Inge Røkke & Co reiser frå oss. Gjer det noko?
Publisert

Korkje skattedebatten eller skatteflukta vil gje seg. Det hjelpte heller ikkje på temperaturen at den nyvalde leiaren for Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, på landsmøtet i helga bad Kjell Inge Røkke om «å ryka og reisa», sjølv om han alt hadde reist. Men gjer det noko for oss andre at dei rike og ikkje fullt så rike i stadig aukande mon flyttar til land som Sveits? Harald Magnus Andreassen er sjeføkonom i SpareBank1 Markets, som arbeider med dei verkelege rike.

– At rikingar som Røkke dreg, fører det til lægre vekst her heime?

– Eg har grudd meg til at ein journalist stiller meg det spørsmålet, for eg er usikker på svaret. På kort sikt er eg trygg på at svaret er nei. Så lenge verksemdene er her sjølv om eigarane bur i eit anna land, held aktiviteten fram. Om noko kan det faktisk verta høgre vekst, av di eigarane får så mykje lægre skatt. Dei sparte pengane kan dei investera i verksemder dei alt eig, og på den måten gje dei høgre vekstkraft.

– Men på lengre sikt?

– På lengre sikt tviler eg på at skatteflukta er bra. Når ein bur ein annan stad, vert kontaktnettet ein har, gradvis vridd i retning av der ein bur. Vert eigarane litt etter litt involverte i det lokale næringslivet der dei har flytta, vert dei mindre opptekne av å knyta til seg dyktige folk i Noreg eller finna på noko nytt og lurt her heime. Det fysiske og nasjonale har noko å seia.

– Det lokale har vel også noko å seia? Sparebank1 Volda og Ørsta tapte mykje pengar offshore etter 2014. Dei måtte henta inn 100 millionar i ny eigenkapital. Så godt som alle pengane kom frå lokalt næringsliv. Det var ikkje Oslo som berga dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement