Når nokon har snakka saman
Det er ikkje slik at media berre er megafonar for dei som vil kaste Støre, seier kommentator Magnus Takvam.
Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre på veg inn til gruppemøtet til Aps stortingsgruppe onsdag denne veka.
Foto: Ole Berg-Rusten
Storparten av dei mange oppslaga om den indre opposisjonen mot Jonas Gahr Støre er bygd på anonyme kjelder. Men det er ikkje noko særleg særmerkt med arbeidsmåtane til media i denne saka, meiner Magnus Takvam. Han var i mange år kommentator i NRK, og lagar no politiske analysar for nettavisa Altinget.no. I haust gav Takvam òg ut boka Tett på makta – en motvillig journalists memoarer, der han mellom anna reflekterer kritisk over arbeidsmåtane i politisk journalistikk.
– Vi veit at ganske mange i Arbeidarpartiet er svært kritiske til Støre og meiner at ein må gjere noko med partileiinga, seier Takvam.
– Dei journalistane som var på kartellkonferansen til LO i haust, merka seg dette. Dermed var ein normal nyhendeprosess sett i gang, der journalistane undersøkte saka vidare og snakka med folk i partiet.
Takvam trur saka kom i media tidlegare enn Støre-kritikarane i partiet hadde tenkt.
– Det kan vere litt tilfeldig når slikt som dette kjem ut. Her kom saka i TV 2 først, og dei andre media som jobba med dette, måtte hive seg på. Så langt ser dette ut som eit litt amatørmessig opprør som ikkje var forankra breitt nok i partiet. Men det er realitetar her. Det er ikkje slik at media berre er megafonar for dei som vil kaste Støre.
Open kritikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.