JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når presidenten blir gløymsk

President Biden er tydeleg svekt, men det er ikkje grunnlag for å hevde at han har demens, seier nevrolog Per Alf Brodal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Joe Biden ved Det kvite huset 9. februar. Den siste tida har presidenten vist fleire teikn på sviktande minne, og mange spør seg om han er kognitivt kapabel til å stille til attval i haust.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTB

8658
20240216

Samtalen

Per Alf Brodal

professor i nevrologi

Aktuell

President Biden er gløymsk

8658
20240216

Samtalen

Per Alf Brodal

professor i nevrologi

Aktuell

President Biden er gløymsk

peranders@dagogtid.no

President Joe Biden i USA er 81 år gammal, og han har ved fleire høve vist teikn på sviktande minne. Likevel stiller han til attval. Mange spør seg om ikkje Biden er for svekt kognitivt til å fungere som president. Donald Trump, den sannsynlege motkandidaten, er på si side 77 år. Kva skjer vanlegvis i menneskehjernen kring 80-årsalderen? Vi spurde Per Alf Brodal, professor emeritus i nevrobiologi ved Universitetet i Oslo.

–?I den alderen har vi som regel tapt ein god del av synapsane, altså koplingane mellom hjernecellene. Det er ikkje slik at vi misser så mange hjerneceller, men det hjelper lite om cellene ikkje har samband med kvarandre. Hjernen skrumpar også fysisk. I snitt er hjernen til ein 80-åring 20 prosent lettare enn hjernen til ein 20-åring. Det meste av tapet er vatn og støtteceller.

–?Det treng ikkje tyde at 20 prosent av kapasiteten er borte?

–?Nei, og det er slåande kor godt mange eldre bevarer den kognitive kapasiteten sin. Det er store individuelle skilnader her. Mykje av tapet kan kompenserast ved å bruke båe hjernehalvdelar til oppgåver som før kravde berre eine halvdelen, altså ved å utnytte meir av kapasiteten til hjernen.

–?Men om meir av kapasiteten blir utnytta, har ein mindre reservar enn før?

–?Ja, og difor blir ein òg fortare sliten av å løyse krevjande oppgåver i høg alder.

–?Når er vi menneske vanlegvis på topp kognitivt, om du ser på kombinasjonen av minne, læringsevne, problemløysingsevne og erfaring?

– Det kjem dels an på yrket. Den unge, friske hjernen lærer lettast, men har samtidig lite førehandskunnskap. Erfaring kan i mange tilfelle trumfe rein læringsevne. Eldre scorar kanskje dårlegare på nevropsykologiske testar, men kan likevel utføre jobben betre. Sjakkspelarar har gjerne ein tidleg peak, legar er kanskje på sitt beste når dei er i 40- eller 50-åra. Somme forfattarar skriv sine beste bøker som 80-åringar. Kva som skal til for å vere god på eit felt, er komplekst.

–?Svekt minne er den kognitive endringa vi først og fremst knyter til aldring?

–?Dei fleste opplever at korttidsminnet blir svekt med alderen. Eg er 79 år gammal sjølv, og dei fleste på min alder opplever at det kan vere vanskelegare å hugse til dømes namn. Vi blir meir avhengige av hint for å kome på ting. Når det gjeld Joe Biden, er det kanskje meir påfallande at han blandar namn, som da han snakka om president Mitterrand i staden for president Macron i Frankrike.

– Samstundes var Biden kjend for å surre og forsnakke seg da han var yngre òg?

–?Ja, det er relevant: Har han alltid hugsa dårleg, eller har det kome no? Biden har dess­utan fungert godt som politikar i mange år, og også som president har han fått til ein del ting som forgjengarane hans ikkje fekk til. Erfaring kan vere viktigare enn alder.

–?Du nemnde at det er store individuelle skilnader i måten hjernane våre eldast på. Kva kjem det av?

–?Det har mange årsaker. Ein del av skilnadene er nedarva, til dømes er det stor skilnad på kor tjukk hjernebarken er. Dels heng det saman med kva vi har gjort i livet. Det kan hengje saman med opplevingar vi hadde som barn, med utdanning og med arbeid som kan hjelpe oss med å bevare kognitive evnar.

–?Vi kan trene hjernen heile livet?

– Ja. Alt vi gjer, endrar hjernen. Når vi brukar hjernen, dannar det seg nettverk som kan samanliknast med sosiale nettverk: Jo meir du dyrkar ein del av nettverket ditt, jo sterkare blir det. Nettverk vi brukar lite, blir svekte.

–?Kan også personlegdom spele ei rolle for korleis hjernen endrar seg i alderdomen?

–?Eg trur det kan spele ei stor rolle. Personlegdom er relativt stabilt frå 20-årsalderen av, og påverkar kva ein vel å drive med, om ein er utadvendt eller innadvendt, om ein har lett for å gruble og bli deprimert. Slike ting kan òg påverke aldringa til hjernen.

–?Trump er berre fire år yngre enn Biden, men han verkar vesentleg meir vital.

– Ja, eg har tenkt det same. Vitalitet spelar ei rolle, både for ytinga vår og for korleis vi verkar på andre. Trump har ein heilt annan vitalitet, Biden kan til tider verke avfeldig. Det svekkjer truleg omdømet hans, sjølv om han kanskje er ein dyktigare politikar enn Trump. Dette handlar òg om fysisk framtoning. Biden er stiv i kroppen, mimikken er fattig, han har dårleg balanse. Alt dette er knytt til forfall.

– Biden har snubla eller falle ved fleire offentlege høve. Kva gjer at vi lettare misser balansen når vi blir eldre?

–?Det heng mykje saman med svekking av sanseapparatet. På same vis som høyrselen vår blir svekt med åra, kjem det ei svekking av det sanseapparatet som trengst for dei automatiske justeringane med å halde oss på beina. Om ein ikkje gjer mykje for å halde oppe desse funksjonane, blir dei raskt svekte.

–?I kva grad kan vi bremse forfallet i hjernen?

–?Det viktigaste er nok å halde oppe dei aktivitetane ein før har hatt glede av, anten det er turgåing, golf, lesing, kryssord, språkturar, spele eit instrument, synge i kor eller anna. Somme eldre kan halde oppe eit forbløffande høgt nivå på sine felt, sjølv om dei er svekte av alder på andre måtar. Skodespelarar kan lære lange tekstar sjølv om dei er i 80-åra. Nettverka i hjernen deira er så robuste at dei toler svært mykje. Det er mogleg at politikarar kan klare noko av det same. Vi skal ikkje undervurdere president Biden. Han er openbert ein dyktig politikar, og han kan ha halde på mykje av dei politiske evnane sine.

–?Biden har truleg tilgang på dei beste legar som finst. Er det noko medisinen kan bidra med for å halde kapasiteten oppe?

– Eg trur det er svært lite. Det finst ingen mirakelkur for å stimulere ein aldrande hjerne, anna enn å bruke han. Biden har sjølvsagt dyktige legar kring seg, men dei kan gjere lite anna enn å sjekke blodtrykk og kolesterol.

–?Somme hevdar at Biden har demens. Er det grunnlag for å seie det?

– Så vidt eg kan sjå, er det ikkje grunnlag for å hevde noko slikt i dag. Det avgjerande er funksjonsnivået hans, og det er umogleg å seie korleis det vil utvikle seg dei neste åra. Forløpet til kognitiv svekking er veldig uføreseieleg. Somme held seg stabile i mange år, andre blir raskt verre.

– Biden er ikkje berre gammal, han viser ­tydelege ­aldringsteikn.

Per Alf Brodal, professor i nevrologi

– I foredrag har du peika på at kjensla av kontroll kan bremse det mentale forfallet. Slik sett er det kanskje bra å vere verdas mektigaste menneske?

–?Det å halde på kontrollen er ei stor utfordring når ein er gammal. Klarer eg å hugse, å ha oversikt, å ta meg fram på flyplassen som før? Opplevinga vår av meistring er ikkje utan vidare objektiv. Trump ser ut til å ha ei sterk oppleving av kontroll. Det er ikkje sikkert det stemmer, men kjensla er med på å gje han styrke. Biden viser sjølv ofte til at han får til mykje som president. Men om han opplever at han ikkje har kontroll lenger, kan han misse noko av den tryggleiken.

– Det kan vere sjølvforsterkande?

–?Ja. Meistringskjensle er ein subjektiv ting. Jo sterkare den kjensla er, jo meir kan vi få til.

– Å vere president i USA er stressande. Er mykje stress bra for hjernen i høg alder?

–?Nei, langvarig stress er ikkje bra. Det skal ikkje veldig mykje stress til før vi går i overlevingsmodus der autopiloten slår inn, og vi kan reagere irrasjonelt. Tapet av kontroll som er knytt til stress, får hjernen til å fungere dårleg, og svært intelligeligente menneske kan gjere dumme ting. Samstundes har politikarar i toppsjiktet lært seg å meistre stress gjennom ein lang karriere.

–?Om Biden blir attvald, kan han halde fram som president til han er 86. Høyrest det forsvarleg ut?

–?Eg synest det verkar hasardiøst. Om det fanst noko yngre kandidatar som samstundes hadde erfaring, ville det kjennast tryggare. Biden er ikkje berre gammal, han viser tydelege aldringsteikn. Samtidig blir truleg Trump motkandidaten hans. Det er bisart at et land som USA, som er så rikt på intellektuelle ressursar, ikkje har betre presidentkandidatar.

– Du er sjølv ein eldre mann. Når du ser ein del av det som blir sagt om Biden no, kjenner du sympati med han?

– Vi ser vel alle ting frå vår eigen ståstad, og eg ser ting i situasjonen til Biden eg kan kjenne meg att i. Generelt vil eg seie at det ein kan godt, det sit også inn i alderdommen. Ein professor fekk Alzheimers sjukdom, likevel kunne han ei stund halde heilt koherente foredrag i faget sitt. Det er helst i andre typar situasjonar ein kan føle at ein byrjar bli gammal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis