Når samfunnsøkonomane gret
Framstegspartiet vil vera vegpartiet framfor noko. I budsjettet for 2019 gjer Siv Jensen framlegg om å nytta 7,41 kroner per personreise på veg og 371 kroner per personreise med tog.
Få kan vel seia at statsbudsjettet for 2019 er eit særskilt godt budsjett tilpassa den noverande økonomien i Noreg. I budsjettet kan vi lesa at veksten neste år vert godt over den såkalla trendveksten, altså veks Noreg langt meir i 2019 enn i eit gjennomsnittsår. Då tilseier tradisjonelle budsjettpolitikk og handlingsregelen at budsjettet skal vera innstrammande. Når private investeringar og forbruk ligg over normalen, må staten anten nytta mindre eller taka inn meir i skattar. Regjeringa gjer ikkje det, ho legg fram eit budsjett med ein såkalla nøytral budsjettimpuls, som igjen tyder på at veksten no kan føra til kraftigare nedgang lenger framme.
Heller ikkje i oljepengebruken, altså overføringar frå Oljefondet, held regjeringa særleg att. Etter den konjunkturjusterte regelen aukar bruken med 4,5 milliardar. Som Aftenpostens kommentator Øystein Kløvstad Langberg skriv på vegner av dei urolege mellom oss: «Regjeringen øker bruken av oljepenger. De burde ha kuttet.» Men her kan dei av oss som er opptekne av konkret bruk av pengar og ikkje bryr oss så mykje om alle justeringane, finna trøyst i dei røynelege tala. I 2018 nytta vi 255,4 milliardar frå Oljefondet, neste år skal summen vera på 232,5 milliardar, ein røynleg nedgang på 9 prosent.
Ikkje eingong Siv Jensen maktar altså å nytta meir oljepengar neste år enn i år, sidan økonomien går så godt, og det trass i at ho på pressekonferansen berre kunne finna eitt kutt, nemleg i stønaden til dei som meiner seg glutenintolerante. Men det er ikkje verkeleg kutt for forbrukarane, seier Forbruksforskingsinstituttet (SIFO), for i takt med at stadig fleire ikkje vil ha gluten, har prisane vorte stadig lægre, og dei ligg no på ein tredjedel av det dei var då berre cøliakiråka ikkje åt gluten.
Lite skattelette
Det er heller ikkje slik at det private næringslivet vert prioritert så sterkt. Då Jens Stoltenberg la fram handlingsregelen i 2001, fekk han Stortinget til å vedtaka at det ekstra handlingsrommet oljepengebruken gav, mellom anna skulle gje vesentleg vekstfremjande skattelette. Resultatet vart noko heilt anna, eit resultat den borgarlege regjeringa knapt har endra: 88 prosent har gått til offentleg utgiftsvekst og 12 prosent til skattelette. Det er langt frå sikkert at dei konkrete skattelettane har vore så vekstfremjande heller. Å gje fritak for elavgift til dei som lagar bitcoin, høyrer neppe heime under den rubrikken.
Men sjølv om det er politikarane og dimed veljaren som til sjuande og sist avgjer pengebruken, er det likevel samfunnsøkonomar som lagar dei konkrete budsjetta. Og som vi har alle lært, er norsk økonomi styrt av det såkalla jarntrianglet: Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet, og der dominerer samfunnsøkonomane nær totalt. Så då skulle vi tru at sjølv om det vert nytta for mykje pengar etter deira smak, er i det minst dei konkrete prioriteringane fagleg funderte og fornuftige. Det er ikkje så sikkert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.