Klima
Når sveitten ikkje hjelper
Det finst grenser for kva eit menneske toler. Ei av grensene handlar om kombinasjonen av varme og fukt.
Folk fyller vassflasker frå ein tankbil i utkanten av Jammu i India i juni 2019, då termometeret fleire stader i landet viste meir enn 45 gradar celsius.
Foto: Channi Anand / AP / NTB
Sommaren er komen, og her nord tek truleg dei fleste imot den varmen dei kan få, med glede. Slik er det ikkje overalt. I mange land kjem hetebølgjer til å ta liv, i år som i fjor. Sommaren 2022 vart fleire verdsdelar råka av ekstrem varme. Under den europeiske hetebølgja i juli i fjor døydde det 16 prosent fleire menneske enn normalt i EU-landa. Det inneber at dødsraten var langt høgare enn i juli månad i pandemiåra 2020 og 2021. I Spania var overdødelegheita i juli 2022 på heile 37 prosent, samanlikna med åra frå 2016 til 2019.
Også i USA tok den ekstreme sommarvarmen liv i fjor, og Japan fekk si største hetebølgje nokon gong. Og i år er vêrfenomenet El Niño attende, noko som inneber høgare temperaturar enn vanleg i store delar av verda.
At hetebølgjer kjem oftare, er som ein kan vente i eit tid med global oppvarming. Og varmare skal verda bli. Dette har skapt interesse for ei problemstilling som lenge verka ganske teoretisk: Kor sterk varme kan unge, friske menneske tole før dei døyr? Svaret er ikkje eintydig, for det kjem i stor grad an på ein annan variabel: luftfukta.
Dampen kjølar
Å sjå på termometeret er ikkje nok for å vurdere kor farleg ekstremvarme kan vere. Det avgjerande er kombinasjonen av varme og fukt, det som heiter våttemperatur – wet bulb temperature på engelsk. Denne temperaturen kan målast ved å bruke eit termometer rulla inn i ein våt handduk. Så lenge vatn fordampar frå handduken, vil termometeret vise ein lågare temperatur enn det er i lufta elles. Men om lufta er svært fuktig, vil fordampinga frå handkleet gå sakte, og dermed vil termometeret vise ein høgare temperatur enn om lufta var tørr og fordampinga rask.
I tillegg må vi forklare kvifor det heiter relativ luftfukt. Omgrepet viser til at temperaturen avgjer kor mykje vassdamp lufta kan halde på: Varm luft kan halde på meir damp enn kald luft. Ein relativ luftfukt på 100 prosent vil seie at lufta er heilt metta med vassdamp ved den gjevne temperaturen, og all fordamping stoggar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.