Når fisk druknar
Endringar i havets kjemi går for sakte til at nokon lagar ein katastrofefilm om det. Men det er dette som avgjer lagnaden til livet på jorda, slik vi kjenner det.
Når vi snakkar om global oppvarming, er vi mest opptatt av korleis livet vårt på landjorda blir påverka. Havet er ikkje usynleg i media, men dekninga er kanskje litt skeiv. Vi høyrer mykje om kor ille det vil vere om havet stig ein halv eller ein heil meter.
Og dette er forståeleg. Nesten halvparten (44 prosent) av menneska i verda bur langs randa av kontinenta. Nesten alle megastore byar, som er nav i verdsøkonomien, ligg ved havet. Når havet stig, vil mange regionar bli råka av ulike typar naud: svolt, migrasjon, konflikt, sjukdom og anna. Høgare havnivå vil koste fantasisummar, og mange vil måtte flytte på seg.
Like fullt er det andre prosessar som skjer i sjølve havet, som er mykje meir skremmande. Denne teksten skal handle om desse prosessane.
LIVET PÅ JORDA tok til i havet og utvikla seg der gjennom fleire milliardar år. For rundt fire hundre millionar år sidan kraup dei første amfibia opp på land. Sakte blei landjorda kolonisert av dyr. Dei fleste hadde lunger som pusta oksygen, og grunnen til at dette var mogleg, var at det faktisk fanst nok oksygen.
Det er ikkje sjølvsagt. Gassen oksygen blei laga av ein blågrøn alge (cyanobakteriar) som «lærte» seg å drive med fotosyntese. Ved å bruke energi frå sola kunne han splitte vassmolekyl og binde CO2. Oksygen var eit avfallsprodukt i denne kjemiske prosessen. Blågrøne algar – den mest produktive (Prochlorocossus) blei ikkje kjent for vitskapen før i 1986 – har laga rundt to tredjedelar av oksygenet som finst på jorda.
FØR DEI BLÅGRØNE algane slo til, hadde andre algar og arkebakteriar dominert. For dei anaerobe, anoksiske algane – som dreiv fotosyntese, men skilde ut svovel i staden for oksygen – blei «oksygenalderen» ein katastrofe. Oksygen var for dei gift. Hadde dei hatt massemedium, ville dei dagleg rapportert om trugsmålet frå det stadig stigande oksygennivået og minkande svovelnivået.
Havet, som hadde vore oksygenfritt, fekk stadig meir oksygen. Først batt alt det ekstra oksygenet seg til jern som alt fanst oppløyst i havet. Det var som heile havet rusta. Så, når denne prosessen tok slutt, etter ei æve, blei det stadig meir oksygen i sjølve havvatnet. Til slutt blei det så mykje at gassen tok til å boble opp av vatnet. Fritt oksygen slapp ut i atmosfæren.
Denne «oksygeniseringa» rydda vegen for ein ny eksplosjon av liv, først i havet og deretter på land, når algar blei til planter. Jorda blei meir som vi er vande med å tenkje på henne. All jord på jorda kjem frå rotne planter, som utvikla seg frå algene i havet. Før det var det berre stein, støv og sand.
Forresten tok det om lag rundt ein milliard år før jordatmosfæren nådde ein oksygenkonsentrasjon som liknar på den vi kjenner. Lenge gjekk mettinga fram og tilbake. I ein fase, for rundt tre hundre millionar år sidan, var lufta så tjukk av oksygen at insekta som flaug rundt, var store som måkar.
OM EIN STUDERER jordas geologiske historie, kan ein fort bli litt sveitt på vegner av framtida til eigen og andre artar. Det har vore så mange dramatiske omskiftingar der livsvilkåra er blitt snudde på hovudet eller fjerna – som under dei store masseutryddingane – at det verkar stadig meir rart og tilfeldig at jorda i dag er så levande.
Desse prosessane har sjølvsagt ikkje stoppa opp, men går enno føre seg, sakte og utan nåde. Og el clasico er endringar i utvekslinga av CO2 og oksygen mellom havet og jordatmosfæren. Blir det for lite drivhusgassar i atmosfæren, vil det bidra til å gjere jorda kaldare (Milankovitch-syklusane speler også inn). Blir det for mykje, får vi global oppvarming.
I DEI SISTE TUSENÅRA har livsvilkåra i havet vore forbausande stabile når det gjeld saltinnhald, temperatur og metting av oksygen og CO2. No er dette i endring, og vi veit grunnen. Det er drivhusgassane vi har sleppt ut i atmosfæren i løpet av drygt to hundre år – som er ein augeblink i perspektivet av geologisk tid.
Til no har havet absorbert mesteparten (93 prosent) av den ekstra varmen som utsleppa våre har forårsaka. Enorme mengder av menneskeskapt CO2 er blitt lagra i verdshava. Hadde ikkje dette skjedd, ville jorda alt vore mange grader varmare enn ho er i dag.
AT HAVET ER blitt varmare, er ikkje nødvendigvis ein katastrofe. Jau, det endrar økosystem, korallrev døyr, habitat blir borte. Men artar som ikkje trivst i varmare vatn, kan migrere mot kaldare vatn, i alle fall i teorien, om dei er mobile nok og har plassar å dra til. Livet har alltid tilpassa seg og vore fleksibelt, innanfor nokre klare grenser. Ei slik grense er at endringane ikkje går for fort.
Når havet blir varmare, held det dårlegare på oppløyst oksygen og andre gassar enn kaldare hav. Men sjølv om ein skulle tru det då blir mindre CO2 òg, er det ikkje slik, fordi CO2-mengda i lufta aukar. Og når havet tar opp meir CO2, blir det stadig surare. Etter at vi begynte å sleppe ut store mengder drivhusgassar, har pH-verdien i havet gått sakte, men sikkert nedover. Havet inneheld alt så mykje CO2 at om opptaket held fram, vil det til slutt bli for surt for mykje som lever der.
Tala høyrest heilt marginale ut. For to hundre år sidan var pH-verdien i havet 8,2. I dag er han 8,1. Ved slutten av dette hundreåret vil surleiken vere 7,8. Det seier forskarane som veit mest om dette. Og det høyrest ikkje ut som rare greiene at pH-verdien fell med nokre tidelar, frå 8,2 til 7,8. Rundetidene er liksom pressa litt ned, men kva så?
Ei slik endring vil gjere havet surare enn det dei fleste fiskar, og mange andre marine artar, toler. Laboratorieforsøk viser at eit slikt surleiksnivå øydelegg helsa til mange fiskar og gjer dei ute av stand til å reprodusere seg. På papiret ser pH-endringane ut som bagatellar. Men berre nedgangen frå 8,2 til 8,1 inneber ein CO2-auke på 30 prosent.
Etter mange tusen år med stabile forhold skjer endringane i dag for fort til at artane greier å tilpasse seg. Om forskarane har rett, vil mange av dei store økosystema i havet døy ut, frå øvst i næringskjedene og nedover. Store og små skaldyr – hummar og krabbar og dyreplankton med mikroskopiske skal – toler heller ikkje slik surleik. Ein slik kollaps i havet vil ikkje bety slutten for livet på jorda. Det vil bety slutten for livet på jorda slik vi kjenner det.
«DET GÅR NOK BRA», har vi ein menneskeleg tendens til å tru, kanskje som ein djupt nedfelt mekanisme for å overleve. Men ofte går det ikkje bra i det heile tatt. Spesielt om vi freistar å sjå ting i det lange løp (noko vi heller ikkje er så gode til). Eit eksempel: På slutten av permtida (frå 299 til 251 millionar år før vår tid) opplevde jorda den verste masseutryddinga i planetens historie. Vulkanutbrot i Sibir tilførte atmosfæren enorme mengder fosfor, og det meste hamna i havet.
Nokre typar algar elskar fosfor, spesielt ein anaerob, grøn svovelalge som treivst utmerkt i det varme havet som var så rikt på svovel. Algeoppblomstringa gjekk amok. Dette tappa havet for oksygen, og alt som trong oksygen for å leve, døydde. Enorme mengder biologisk materiale rotna og gjorde at havet blei endå meir fullt av svovel.
Det er også mogleg at ein type mikroorganisme i havet (arkebakteriar) produserte store mengder metangass. Uansett hopa drivhusgassane seg opp i atmosfæren. Først CO2. Og når temperaturen hadde stige med fem grader, gjorde det at den mykje kr gaftigare drivhusgassen metan slapp laus i store mengder. Katastrofen utsletta det meste av livet i havet (96 prosent) og på landjorda (70 prosent). Mange av dei artane som levde den gongen, kjenner vi i dag berre som fossil, som alle trilobittane. Andre kjenner vi ikkje i det heile.
DET ER SLIKE sjølvforsterkande mekanismar som kan gjere situasjonen på jorda ganske utoleleg – for oss, vel å merke. Andre opportunistar står klare til å utnytte situasjonen når kjemien endrar seg.
Isen ved polane forsvinn fortare enn nokon såg føre seg, permafrosten i Arktis tinar og kan sleppe ut metangass i store mengder. På botn av havet finst det sjølvsagt også store mengder av same gass, og om han slepp fri, noko mange forskarar fryktar (men ikkje veit) vil skje, er helvete laus. Det er derfor forskarane meiner forskjellen på to og fire grader temperaturstigning innan år 2100 kan vere avgjerande for livsvilkåra på jorda.
Alle masseutryddingar har vore knytte til endringar i havet, direkte eller indirekte. Startskotet kan ha vore spektakulære hendingar som ekstreme vulkanutbrot eller meteornedslag. Men dei verkelege katastrofane kjem av meir snikande og saktegåande prosessar som Hollywood aldri kjem til å lage nokon film av. Som tilhøvet mellom nivåa av oksygen, fosfor, svovel og CO2 i havet. Endringar i denne dynamikken snur om på føresetnadene for kva som kan leve og ikkje leve.
KOR BLEI DET TIL DØMES av dei same svovelalgane/bakteriane som tok over havet for om lag 250 millionar år sidan? Dei kjemiske syklusane snudde, og havet fekk på nytt tilført store mengder oksygen. Det var gift for dei, og dei blei drivne tilbake. Men dei finst i store mengder, nærast overalt, i alle fall på botnen av havet. Om sjansen byr seg, er dei klare til å på nytt gjere havet om til ei giftig suppe.
Kva algeblomstring kan føre til, fekk vi sjå i fjor sommar då oppdrettsfjordar i Nordland blei lagde brakke på nokre dagar.
Slike oppblomstringar kan vi observere mange plassar. Utanfor kysten av Namibia finst det ei «død», oksygenfri sone som er 150 mil lang. I verdshava har forskarane så langt identifisert rundt fire hundre slike store oksygenfrie soner. I Austersjøen er det eit permanent oksygenfritt lag. I Arabiahavet er det ein oksygenfri region som ein fryktar vil ta over heile Omangolfen. Mexicogolfen er også hardt råka. I 2018 blei det erklært unntakstilstand i ein del av Florida då algeoppblomstring førte til at millionar av fisk skylde opp på strendene.
HAVSTRAUMANE REGULERER som kjent dei ulike regionale klima- og vêrsystema, inkludert vårt. Dei fordeler varme, skaper regn og stormar, dei fraktar næring, oksygen (og giftstoff) rundt på jorda.
No ser forskarane at nokre av straumane på verdshava går saktare, og dei har bremsa fortare enn modellane for klimaendring har kalkulert med. Nøyaktig kva som skjer, veit ingen. For systema av havstraumar er så komplekse at sjølv om vi kan måle dei i notid, veit vi lite om korleis det ser ut i framtida. Alle forskarar trur global oppvarming kjem til å bremse Golfstraumen (han har mange armar). I kor stor grad veit ingen.
Det vi veit, er at temperaturen stig raskare i dag enn under den største masseutryddinga jorda har sett, for 250–300 millionar år sidan.
FREISTAR EG Å SEIE at vi er inne i ei ny masseutrydding? Gløym meg, det er hundrevis av leiande forskarar på feltet som seier vi er inne i ei sjette masseutrydding.
Prosessar skjer sjeldan på nøyaktig same måte. Men kjemiske reaksjonar blir styrte av lover, ikkje innfall eller fantasiar. Når kjemien i atmosfæren og i havet endrar seg, vil det få store konsekvensar for livet på jorda. Dei livsformene som er tilpassa dagens klima og kjemiske balanse, er bygde for akkurat desse forholda, og ikkje for heilt andre. Veldig mange artar vil døy når føresetnadene endrar seg så mykje som dei gjer.
Vitskapen gir liten grunn til optimisme. Sjølv om våre utslepp stansa fullstendig og momentant (som kjent går dei faktisk opp), ville det ikkje fryse dei pågåande prosessane rundt menneskeskapt global oppvarming. Syklusane og utvekslinga av karbon mellom luft, hav og jord ville halde fram. Om det brått blei mykje mindre CO2 i atmosfæren, vil havet gi frå seg store mengder CO2 for å tilpasse seg den nye situasjonen.
GEOLOGAR, KJEMIKARAR, glasiologar og klimaforskarar har lært oss enormt mykje om fortida til jorda og havet. Vi veit at det har vore ekstremt mykje meir CO2 på jorda tidlegare. Det har vore mykje varmare. Og mykje kaldare. Havnivået har vore tretti meter høgare enn no. Eg skulle ønske dette kunne gi oss trøyst og oppmuntring.
Men heller ikkje den gongen ville jorda ha vore leveleg for oss. Dramatiske klimaendringar har ei rekke gonger skapt masseutryddingar som har utsletta det meste, bortsett frå dei mest hardføre skapningane. Lite tyder på at vi, med vår ekstremt avanserte teknologi, høyrer til denne gruppa.
Med desse ganske apokalyptiske orda på vegner av vitskapen skaper eg kanskje ikkje den rette stemninga på nyåret. Men hugs at forskjellen mellom to og fire grader er der kampen står no, og at handlingane våre nyttar.
Morten A. Strøksnes er forfattar, journalist og fast skribent i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.