Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Samtalen
Mathilde Tybring-Gjedde
stortingspolitikar for Høgre
Aktuell
Saksordførar for handlingsplanen for naturmangfald i Stortinget

eva@dagogtid.no
Regjeringas handlingsplan for naturmangfald har vorte kritisert for å vere blotta for konkrete tiltak og handlingar. Forskarar har bede Stortinget stramme til planen, som skal vere Noregs oppfølging av måla i den globale naturavtalen frå 2022. Derimot var det ingen av dei rundt 130 endringsforslaga frå partia på Stortinget som fekk fleirtal under handsaminga i energi- og miljøkomiteen. Det seier Høgres Mathilde Tybring-Gjedde, som var saksordførar for innstillinga.
– Er du overraska over at ingen av endringsforslaga fekk fleirtal?
– Nei, eigentleg ikkje. Naturmeldinga er eit kompromiss mellom Ap og Sp, og det skulle nok ein del til for at dei skulle røre seg når dei såg at det ikkje vart fleirtal utan dei. Men eg meiner det er uklokt av dei å ikkje røyste for fleire fornuftige og balanserte forslag som ville ha betra naturmeldinga.
– Men Høgre kunne fått til rørsle om de gjekk saman med andre opposisjonsparti. I staden endar de no opp utan større endringar.
– I Høgre har vi jobba grundig i over eitt år, med interne høyringsprosessar, innspelsmøte, interne posisjonsnotat og programprosessar. Dei 16–17 forslaga vi har lagt fram som resultat av den prosessen, er vår måte å forbetre meldinga på. Vi er eit ansvarleg styringsparti. Vi er opptekne av å ta vare på det kommunale sjølvstyret i arealpolitikken og at vi ikkje skal ende opp med sakshandsamingsprosessar som berre tek lengre tid, samstundes som vi skal klare å bevare sårbar natur og restaurere natur i åra framover.
Mathilde Tybring-Gjedde var saksordførar då energi- og miljøkomiteen på Stortinget handsama handlingsplanen for naturmangfald.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
– Men de er til dømes ikkje med på forslaget frå SV, Raudt, Venstre, MDG og KrF om å be regjeringa gjere norske bidrag til naturavtalen «mer forpliktende, konkrete og ambisiøse slik at de kommer i samsvar med ambisjonsnivået i naturavtalen». Kvifor ikkje?
– Vi la fram eigne forslag til fleire av måla i naturavtalen, og det er forslag eg meiner ville gjort meldinga meir forpliktande. Vi er også usamde med dei andre partia i ein del. Vi meiner til dømes at det er uklokt å setje eit mål for vern og ivaretaking av havområda før vi veit kor store delar av havområda som alt er bevarte. Vi treng den kunnskapen i botnen fyrst. Likeins meiner vi det er uklokt å vedta eit mål for restaurering av skadd natur før vi veit kor mykje av norsk natur som er skadd, og korleis vi skal restaurere han. Høgre har også eit anna syn på lokalt sjølvstyre og kor viktig det er med meir fornybar kraft, enn fleire av dei mindre partia.
– Målet med naturavtalen er å stoppe og reversere tapet av natur og økosystem. Vi må tenkje på ein ny måte. Treng vi fleire kartleggingar for å byrje med det?
– Det både naturmeldinga og vi i Høgre prøver å gjere, er å skape eit anna system – med oversikt og bistand og ressursar til kommunane for at dei skal kunne ta betre vare på naturen, og føringar for å skjerme sårbar natur, og i større grad også å kompensere for naturtap i større utbyggingar gjennom økologisk kompensasjon. Men då treng vi å ha strukturane på plass. Vi tek mellom anna til orde for å etablere ein arealbank i regionane med oversikt over natur som kan restaurerast, og vi føreslår å føre oversikt over utbyggingar i særleg verdifulle område. Den oversikta finst ikkje i dag. Men det hjelper ikkje å setje mål om vi ikkje har oversikt til å kunne vurdere om målet vert nådd.
– I kva grad meiner du det hastar å få snudd nedbygginga av natur i Noreg?
– Det hastar å unngå nedbygging av det som er særleg verdifull og sårbar natur, og å styrke den kommunale kompetansen og ressursane til å drive god arealforvalting. Det har også vore det viktigaste for Høgre når vi har utforma forslaga våre. Og så er det sjølvsagt usemje om kor langt ein skal gå i å gripe inn i makta til kommunane, men for Høgre ligg det lokale sjølvstyret fast i arealpolitikken.
– Men er det berre mangel på ressursar og kompetanse som gjer at kommunane byggjer ned natur?
– Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing – av at også natur og areal er ein knapp ressurs. Det å byggje ut er ikkje nødvendigvis det same som å byggje ned naturen, om ein gjer det på ein klok måte og har meir oversikt over naturen i kommunen. Vi må i større grad verne og bevare sårbar natur, gjenbruke all nedbygd natur og kompensere for større utbyggingar i naturen. Det er sikkert enklare å seie nei til alt, eller at ein på statleg hald skal nekte kommunar å gjere desse krevjande avvegingane lokalt, men eg trur ikkje det er rett veg å gå.
– Det hjelper ikkje å setje mål om vi ikkje har oversikt til å kunne vurdere om målet vert nådd.
Mathilde Tybring-Gjedde (H)
– Du seier vi må sjå natur og areal som ein knapp ressurs: Er det ikkje denne menneskesentrerte måten å sjå naturen på, som ressurs heller enn verdi i seg sjølv, som er problemet i utgangspunktet?
– Eg meiner at det ikkje treng vere nokon motsetnad. Dei som er opptekne av naturen som ressurs, bør også vere opptekne av å skjerme sårbar natur og unngå nedbygging av verdifulle område. Ikkje minst fordi vi nett no på ein del område er i ferd med å øydeleggje naturens evne til å generere velferd og overskot også for framtidige generasjonar.
– Tilbake til kommunane: Kvifor ikkje gje dei klarare retningsliner for å hindre nedbygging av natur?
– Vi har jo statlege planretningsliner som gjev føringar på ei rekkje område. Kommunepolitikarane skal ta vare på kulturminnevern, myr, dyrkbar jord og raudlista artar, og mange opplever eit krysspress av målkonfliktar allereie. Dersom vi frå nasjonalt hald innfører endå fleire krav, risikerer vi at dei kanskje ikkje får bevart dei områda som er særleg viktige i eit lokalt og regionalt perspektiv, og vi gjer det vanskelegare for kommunane å finne balanserte løysingar i regionen sin. Arealpolitikken er også det viktigaste verktøyet kommunepolitikarane har for å utvikle kommunen sin. Men vi meiner også at kommunane bør få strengare føringar om arealrekneskap og oppdaterte arealplanar. Ein av tre kommunar har i dag arealplanar som er eldre enn ti år.
– Vil handlingsplanen som no vert ståande, auke sannsynet for at vi som land innfrir pliktene vi har etter naturavtalen, slik du ser det?
– Ja, eg opplever at vi innfrir det som er dei globale forpliktingane etter naturavtalen, ved å betre systemet for naturforvalting i Noreg. Det er ingenting i naturavtalen som tilseier at vi ikkje kan ha desentralisert arealforvalting, til dømes. Det meir interessante spørsmålet, slik eg ser det, er om vi faktisk klarar å betre naturforvaltinga i Noreg. Vi har ein kommunestruktur som gjer at nokre kommunar berre har ei halv stilling til å jobbe med planarbeid. Det er krevjande på fleire område, også i arealforvaltinga.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.