Politikk

Nederlagsforteljingar

Teoriane om arbeidarpartifallet er mange. AUF-leiar Astrid Hoem spør om partiet har klart å gje unge ei tru på framtida.

Astrid Hoem er leiar i AUF.
Astrid Hoem er leiar i AUF.
Publisert Sist oppdatert

– Arbeidarpartiet har mista statusen som det største partiet i landet, for første gong på om lag hundre år, og no kappast politikarar og kommentatorar om å presentere den mest truverdige historia om kvifor. Kva meiner du er hovudforklaringa?

– For det første er det altfor dårleg, og vi ligg for lågt i alle veljargrupper. Samtidig trur eg ikkje at dei som presenterer den sanne historia så kort tid etter valet, er dei som har rett. Det tar tid å gå grundig gjennom valet for å finne ut kva som har vore problema, og det skal vi bruke tid på i AUF.

– Men du har kanskje nokre foreløpige tankar?

–?Ja, eg trur at høgresida mange stader har klart å snakke ned konfliktlinjene i norsk politikk. Det gjeld saker som privatisering, kva ein bruker offentlege midlar på, og om ein skal nytte pengar på velferd eller på å kutte i eigedomsskatten. Og så trur eg også vi har lege for lågt for lenge i for mange grupper. Då kan vi ikkje berre seie at veljarane har misforstått oss – det er vi som har gjort ein for dårleg jobb med å byggje tillit hos folk. No må heile Arbeidarpartiet ta ansvar for å finne ut korleis vi skal nå ut med dei løysingane som eg reelt meiner er dei beste for folk. Eg trur også at vi må klare å vere det politiske partiet som gjev håp for framtida, særleg for den unge generasjonen. Det handlar om å stake ut ein kurs. Vi må vite og vise kva samfunn vi ønskjer.

–?Ja, skulevalet gav ein forsmak på kva som skulle kome. Den blå bølgja ser ut til å femne breitt. Kva gjer at dei borgarlege no appellerer så sterkt til mange unge?

–?No har ingen parti i posisjon vunne skulevalet, med unntak for Ap i 2011. Målet vårt i år var å bryte den historikken og vinne, men det klarte vi ikkje. Eg trur det er fleire grunnar. Vi kom for seint på banen på TikTok, slik at høgresida kunne forklare kven vi var, kome med sine løysingar og setje agendaen før vidaregåandeelevar møtte til skuledebatt. Eg trur også at vi må sjå på om vi godt nok har klart å nå fram til gutane, og om det har vorte ei større polarisering mellom kjønna som vi ikkje har teke høgd for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement