Noreg stengjer døra

Medan EU nyleg varsla styrkt samarbeid med landa på Vest-Balkan som svar på Putins invasjon av Ukraina, kjem Noreg i sommar til å leggje ned ambassaden i Kosovo og såleis redusere talet utanriksstasjonar på Vest-Balkan frå tre til to.

Nedlegginga skjer for å kunne styrkje og auke bemanninga på andre norske ambassadar i Europa, inkludert ambassadane i Bucuresti, Kyiv og Vilnius, pluss EU-delegasjonen og Nato-delegasjonen i Brussel, som følgje av den endra politiske og tryggingspolitiske situasjonen i Europa, ifølgje Utanriksdepartementet.

Den norske ambassaden i Pristina vart opna alt i oktober 2008, åtte månader etter at Kosovo erklærte sjølvstende, og han var blant dei fyrste utanlandske ambassadane i den nye staten, ifølgje nyhendenettstaden Balkan Insight. I ettertid har ambassaden stått for Noreg sitt diplomatiske nærvær i både Kosovo og Albania.

Statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet seier forholdet til Kosovo og Albania frå då av kjem til å handterast frå den norske ambassaden i Ankara.

På spørsmål om korleis regjeringa vurderer følgjene og signaleffekten av å leggje ned ambassaden slik situasjonen i Kosovo er no, svarar Petersson følgjande:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement