Eg har nett flytta til hovudstaden etter mange år i Bergen. Eg, som har insistert på at Bergen er den perfekte byen – perfekt storleik, perfekt kulturliv – vart overraska over kor stas eg synest Oslo er. Her er så mykje stilige folk!
Kvar dag når eg tuslar frå Nationaltheatret stasjon og opp til Dag og Tid, er det mest som å vere på moteshow. Eg ser distingverte herrar med frakk, pent skjegg og gullring i øyret. Eg ser studentar ikledde den hippaste stilen frå tusenårsskiftet («y2k», for dei innvigde) og ironisk distanse.
Eg har er likevel skjønt at det ikkje er kleda som er det viktigaste for å ta seg ut. Er det noko som skrik motemedvit, så er det hårsveisen. Derfor tinga eg time hos frisøren. Og frisøren, det er Jørgen frå Finnmark. Ein hyggeleg, morosam og ekstremt trendy type som ser ut som han er resident DJ på ein av dei hippaste klubbane på kontinentet.
– Håret mitt passar ikkje til den eg er på innsida, sa eg og peikte på det lange, slette håret mitt.
– Eg føler at eg kan ha ein litt råare sveis, eg har jo trass alt gullring i øyrebrusken, sa eg, og prøvde mest av alt å overtyde meg sjølv.
– Trust the process, sa Jørgen. Og slik gjekk det til at eg enda med hockeysveis, mullet på folkemunne. Eg gispa då eg såg det. Kven er eg no?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.