Nokon må ha slarva om meg, for den siste tida har Facebook-kontoen min flote over av annonsar for datingsider med «vaksne kvinner» eller «modne single» og tilbod om «vennskap og kjærlighet». Somme tilbyr ein «personlighetstest» for å skreddarsy utvalet, andre treng ikkje eingong det: «Se listen over kvinner du passer med.» (Eg må vedgå at det var litt pirrande då ein av dei kunne freiste med «akademiske» kvinner, men eg greidde å halde meg i skinnet.)
«It’s the algorithms, stupid!» seier venner som er meir oppdaterte enn eg. «Du må ha gjort nokre suspekte søk eller gått inn på lyssky nettsider. Dermed har du avslørt overdriven interesse for det andre kjønn, og verdsveven vil berre oppfylle dei inste ønska dine.»
Eg meiner sjølv at aktiviteten min på nettet ikkje kan ha signalisert noka overdriven interesse for vaksne eller modne kvinner – ikkje for barn eller umodne kvinner heller, for den saks skuld. Men same kor eg forsikrar at eg er uskuldig, trur vennene mine meir på algoritmane enn på meg.
Eg kjenner meg som Job, som vi hugsar frå bibelsoga. Gud lét djevelen ta frå han familien og alt han eigde, og kaste vonde svullar på han, berre for å setje trua hans på prøve. Dermed sit Job i oska og skrapar huda med potteskar og forbannar den dagen han vart fødd. Vennene meiner han må ha gjort noko gale for å fortene ein slik lagnad, men han sver på at han alltid har vore ein rettvis man, og krev Gud til rekneskap for ulukkene som har ramma han.
Jobs bok endar med at Gud endeleg taler til han frå ein storm. I kortversjon seier Gud at Job berre kan drite i å prøve å forstå noko som helst. Gud rår og gjer som han vil.
Eg skal vere den fyrste til å vedgå at mi ulukke ikkje heilt kan måle seg med Jobs, men eg trur kjensla av maktesløyse overfor vilkårlege krefter er den same.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.