Odvar Nordli (1927–2018)
AP-politikar og tidlegare statsminister Odvar Nordli.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Odvar Nordli var hedmarking, og var stolt av det. Det er det same kvar den nye flyplassen skal liggje, sa han i Gardermoen-debatten, berre han ligg nær Mjøsa.
Som frontfigur i Arbeidarpartiet ser han ut til å vere den siste av sitt slag. Bakgrunnen hans var distrikt og lokalpolitikk, og han var varaordførar i Stange i ti år før han kom på Stortinget. Etter han kom embetsmannsborn og menn som hadde hatt heile sitt arbeidsliv i partiet, frå AUF og oppover. Lokalpolitisk røynsle vart det lite av, distriktsbakgrunn også.
Dette gjorde Odvar Nordli til ein jordnær politikar, nær dei han representerte. Forma hans var jovial og humørfylt og kontaktskapande.
Arbeidarrørsla er ei politisk rørsle som langt på veg har nådd måla sine: utjamning, betre kår for alle. Utdanningsvegane vart opna. Utdanning var etter kvart også vegen til topps i politikken. I 30 år, frå 1935 til 1965, hadde ingen norsk statsminister anna utdanning enn 7-årig folkeskule, om vi ser bort frå John Lyng, som sat i tre veker. Og Noreg vart styrt med forstand. I dag har vi ingen statsministerkandidat av det slaget.
Etter valnederlaget har Arbeidarpartiet fått kritikk for å ha høyrt for lite på folk på arbeidsplassane. Politikken er blitt fjern for mange, ei sak for ambisiøse elitar. Medlemstalet i partia går ned.
Odvar Nordli tilhøyrde dei politikargenerasjonane som var med og løfta folket, heile folket, over heile feltet: arbeidsvilkår, økonomi, helse, utdanning, trygdesystem og mykje meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.