Utanriks I Christiane Jordheim Larsen

Omstridd film vekkjer sinne 

Ein ny dokumentarfilm har sett fyr på sjølvstendedebatten på Grønland få veker før parlamentsvalet.

Dokumentaren om dansk mineralverksemd på Grønland har skapt kontrovers. Foto: DR / KNR
Publisert Sist oppdatert

Dokumentarfilmen Grønlands hvide guld har skapt sterke reaksjonar, både i Danmark og på Grønland, etter at filmen vart send både på Dansk Radio og grønlandske KNR søndag. 

Filmen fortel historia om korleis danske selskap i over 130 år henta ut kryolitt, også kalla «kvitt gull», frå botnen av Arsukfjorden på Sørvest-Grønland. I filmen vert det presentert eit reknestykke som inneber at det i perioden frå 1854 til 1987 vart selt kryolitt og kryolittprodukt til ein verdi som i dag ville tilsvara 400 milliardar danske kroner. 

Fleire ekspertar uttalar i filmen at vinsten av kryolittutvinninga set det økonomiske forholdet mellom Grønland og Danmark, der Grønland har vorte sett på som ein utgiftspost, i eit nytt lys.

Reknestykket frå filmen er både komplisert og omstridd. Fleire økonomar har kritisert det, og éin har kalla det grovt villeiande. Men på Grønland har filmen sett fyr på ein sjølvstendedebatt som alt var varm, fram mot parlamentsvalet 11. mars. 

– Det er ein del menneske og eit land som har auka velferda si på kostnad av det grønlandske folket, seier statsminister Múte Bourup Egede i eit intervju med DR.

Han tek no til orde for å sjå på det årlege budsjettilskotet, det såkalla blokktilskotet, som tilbakebetaling for vinsten av mineralverksemda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement