Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Oppgjer med moralisering og vestleg hybris

Ikkje mange akademikarar kan skilta med opphavsretten til omgrep som får plass i ordboka til Det Norske Akademi og vert tekne over av Facebook-grupper. Men det kan historikaren Terje Tvedt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Terje Tvedt finn motsetnader mellom intensjon og resultat i den norske bistandspolitikken, i deltakinga vår i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, i handteringa av pandemien – kort sagt overalt.

Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag

20200
20241115

Terje Tvedt

Professor i historie

Har skrive ei rekkje bøker, blant andre ei ny tolking av framveksten av den industrielle æraen, Historiens hjul og vannets makt (2023)

Har laga fleire fjernsynsdokumentarar

Er no forskingsprofessor ved Nasjonalbiblioteket i Oslo

Aktuell med boka Norske tenkemåter. Tekster 2016–2024

Politikk

redaksjonen@dagogtid.no

Terje Tvedts omgrep «godhetstyranni» er velsigna med den typen motsetnad som gjer at det vert tolka slik det passar mottakaren, skapar mistyding og nytenking. Den vanlegaste feiltolkinga er at ein godleikstyrann tvingar folk flest til å vera gode mot kvarandre, som det heiter i Facebook-gruppa Godhetstyrannen. Men den opphavlege meininga er nærast motsett.

Godleikstyranni, slik Tvedt definerer det, er den makta som ligg i førestillinga om at éin bestemt politikk – og berre den – er «moralsk», det vil seia «nestekjærleg» eller «god». Denne førestillinga inneber at dei som kritiserer den «gode» politikken, er umoralske. Når ei slik moralsk tilnærming til politikken vert dominerande i ålmenta, får rådande politikk lettare spel, fordi mange av dei som tenkjer annleis enn dei tonegjevande, teier, i redsle for tapt omdøme, sosial utfrysing og offentleg uthenging, med økonomiske og yrkesmessige fylgjer i verste fall. Dermed stilnar den offentlege samtalen.

Ein «godhetstyrann» har dei best tenkjelege intensjonane, men eig ikkje alltid eit sakleg tilhøve til den politiske og kulturelle røynda. Fylgjene av dei gode intensjonane kan difor bli vonde. Denne motsetnaden mellom intensjon og resultat finn Tvedt i den norske bistandspolitikken, i deltakinga vår i krigane i Afghanistan, Libya og Ukraina, i handteringa av pandemien – kort sagt overalt.

Idéhistoria

Tvedt bryt òg med den tradisjonelle makt- og ideologikritikken slik han gjerne har vore utøvd frå venstresida, der talemåtar i politikken i regelen har vore oppfatta som kamuflasje for reine maktinteresser. Mot ein slik «mistankens hermeneutikk» set han «godtroenhetens hermeneutikk».

Det vil seia at han ikkje ser på utsegnene til dei mektige, og politikken til makta, som medviten undertrykking, men som uttrykk for korleis dei mektige tenkjer, nær sagt same kor urimeleg dette ofte kan verke.

Han treng difor ikkje mistenkja norske politikarar for å ha gått med baktankar då dei kopla den norske kraftproduksjonen til den europeiske marknaden. Dei trudde faktisk at dei hadde ei god sak, og at straumprisen for norske forbrukarar ikkje ville gå særleg opp. Det interessante med ei slik tilnærming er at politikken vert flytta ut i det irrasjonelle, sidan politikarane og ålmenta i god tru er i stand til å sjå bort frå heilt opplagde ting og satsa på reine utopiar.

Tvedt står såleis nær idéhistoria, eit fag som i seg sjølv er tverrfagleg, snart historie og snart filosofi, til og med psykologi, i utforskinga av verdsbilete og mentalitet som verksame krefter i historia.

­«Det er mest ikkje til å skjøna korleis Noreg kunne enda med å prioritera vind på land over meir effektiv bruk av den overlegne vasskrafta.»

Jag etter vind

Boka Norske tenkemåter, som kom no i haust, ei samling av artiklar og innspel i samfunnsdebatten i Noreg i tida 2016–2024, er nett ei slik politisk idéhistorie frå samtida. Boka spenner frå bistandspolitikk og Libya-krigen til misbruk av historia for å skjønnmåla subjektive synspunkt på Ukraina-krigen, og nedstengingspolitikken under pandemien.

Eit eige kapittel i boka handlar om straumkrisa. Artikkelen «Vannlandet som gikk over bekken etter vind» er døme på Tvedt som forskar på tilhøvet mellom politikk og natur, og særleg vatn. Her som elles handlar det for Tvedt om å gje ei oppklaring av det irrasjonelle i ein politikk som oppfattar seg sjølv som rasjonell.

Kvifor oppførte den energipolitiske leiarskapen seg brått som om dei styrte Danmark eller Nord-Tyskland – og satsa på vind?

Foto: Elisabeth Tønnesen / Midtfjellet Vindkraft

Skagen: Den nye norske energipolitikken prioriterer vindkraft framfor vasskraft, samstundes som Noreg lenge har vore Europas vasskraftland nummer éin. Så kvifor dette jaget etter vind i eit land med så mykje vatn?

Tvedt: Eg er oppteken av å skjøna korleis ein slik politikk har blitt oppfatta og grunngjeven som rasjonell og ikkje minst som moralsk høgverdig av dei som fremja han. Dei klimatiske, hydrologiske og topografiske tilhøva i Noreg skapte eit landskap pulserande av den energien som vart den viktigaste føresetnaden for trelasthandelen, det tidlege skipsfartseventyret og den industrielle revolusjonen i landet. Det bidrog til ein unik situasjon: Noregs straumforbruk blei basert på ei fornybar energikjelde som i tillegg har den eigenskapen at ho kan justerast, lagrast og brukast om att – igjen og igjen. Så kvifor oppførte den energipolitiske leiarskapen seg brått som om dei styrte Danmark eller Nord-Tyskland – og satsa på vind?

Skagen: NVE trur òg at ein kan auka vasskraftproduksjonen i Noreg, men at mykje av naudsynt energi må koma frå vind og sol i tillegg. Treng vi ikkje nytta alle desse ressursane – både vindkraft, sol, småkraftverk og oppgradering av gamle vasskraftverk?

Tvedt: Saka er at den energipolitiske leiarskapen har slått fast at potensialet til vasskrafta stort sett er uttømt. Men vi har 1781 kraftverk i Noreg, mange av dei fleire tiår gamle, og heile kontrollsystemet i desse kraftverka er bygd for å tena behova til ei anna tid. Tenkjer ein langsiktig og heilt utanfor boksen om bruken av dei 400 utbygde vassdraga, trur eg at ein ny, meir effektiv teknologi og heilt nye vasskontrollregime tilpassa dagens behov kunne gje meir straum enn planlagde vindturbinar på land. Per dags dato kjenner vasslandet ikkje den totale verdien av arvesylvet sitt, av di ingen har undersøkt det empirisk. Det eg etterlyser, er ein omfattande, uhilda studie av potensialet til vasskrafta, inkludert pumpekraftverk, innanfor eit slikt radikalt utvida perspektiv. Fyrst på grunnlag av ei slik undersøking, kan det bli klart kor mykje anna kraft Noreg treng.

Skagen: Det du er oppteken av, er kva tankar ein gjer seg om geografien og historia til det norske landskapet under det grøne skiftet?

Tvedt: Ja, det er mest ikkje til å skjøna korleis Noreg kunne enda med – så langt under det grøne skiftet – å prioritera satsing på vind på land over meir effektiv og berekraftig bruk av den overlegne vasskrafta. Vindkraftinvestorar og lobbyistane deira har sjølvsagt interesse av at denne politikken blir ført, men som du ymtar om, er det ikkje særleg interessant å peika på det sjølvsagde. Det som derimot treng ei forklaring, og som er vanskeleg å skjøna, er kvifor så mange som ikkje har slike interesser, også har argumentert for ein politikk som ser bort frå Noregs geografiske særdrag. Sidan eg ikkje trur på forklaringar om at dei gjer det fordi dei er «kjøpte og betalte», men at dei meiner det dei seier, prøver eg å skjøna tenkjemåtane deira og historia bak vedtaka.

Samrøret

Skagen: Og kva meiner du er forklaringa?

Tvedt: Energipolitikken er utvikla innanfor det som på kort tid blei eit særs omfattande energipolitisk kompleks, mellom anna samansett av sentrale departement og etatar, store norske og internasjonale selskap og verdas største konsulentselskap. Det oppstod eit omfattande regime med subsidie- og skatteordningar som gjorde det mindre lønsamt å investera i vasskraft enn i vindkraft. Den røynda dette språket skapte, overskygga eigenskapane til naturen. Aktørane har oppført seg innanfor eit meiningsunivers der dei politiske rammene dei skapte, trumfa dei evige geografiske føresetnadene og strukturane.

Den konkrete soga om korleis dette systemet utvikla seg, er framleis ikkje skriven. Men så langt vil den delvise blindskapen for dei særlege geografiske strukturane som «det grøne skiftet» går føre seg innanfor, bli ståande som eit av dei store paradoksa.

Skagen: Ligg det noko lovbunde i at innføringa av det moralsk gode i politikken så lett får negative fylgjer?

Tvedt: Nei, det er inga lov. Det finst sjølvsagt mange velkjende døme på at utopistar vaknar opp til blåmåndagar. Men samstundes har reformatorar med høge ideal ført meir sivilisasjon og rettferd inn i verda. Boka mi er snarare oppteken av korleis moral og politikk vert vovne saman på konkrete politikkområde i Noreg, med store konsekvensar for korleis røynda blir forstått. Eg siterer ein sentral næringslivsleiar som gjekk ut i VG og sa: «Vi treng styrt panikk» i kampen for grøne verdikjeder. Når det har blitt mogleg å utbasunera at ein må mista hovudet for å kunna handla moralsk rett – det vil seia at mange vindmøller straks må byggjast for å berga oss frå ragnarok eller energikrise – er det ikkje mykje rom for tenking i det heile. Den primære rolla til naturen blir då å verta arena for den gode handlinga, bestemt som den som skal berga oss alle, sjølv om naturen blir øydelagd.

Overmotet

Skagen: Heilt sidan Verdensbilder og selvbilder frå 2001 har du vore oppteken av dette ideologiske, nesten «religiøse» elementet i politikken, som går att i den norske bistanden. Her er Sør-Sudan krondømet i Norske tenkemåter. Den norske innsatsen i dette nye landet vert omtala som eit paradeprosjekt for «den humanitære stormakten» Noreg, med til saman 16 milliardar kroner investerte fram til 2016. Her skulle vi visa verda korleis alt kunne vendast til det gode med norsk godvilje og norske oljepengar. Men i dag er Sør-Sudan eit av dei mest øydelagde, korrupte og vonlause landa i verda. Ein kan koma langt bort frå røynda med nyrikdom, men trengst det òg rikt med illusjonar?

Tvedt: Desse illusjonane er ikkje naudsynte. Dei er snarare produkt av bestemte tenkjemåtar eller verdsbilete, som igjen har ein historisk og sosial bakgrunn. Det er noko fasinerande og mest sjarmerande over at eit tynt folkesett, men rikt land i utkanten av verda tek på seg rolla som humanitær stormakt. Men då den politiske leiinga og opinionen etter kvart i fullt alvor meinte at verda såg mot Oslo når konfliktar rundt om på kloden skulle løysast, synte det seg at sjølvbiletet hadde teke makta over røynda. Det er nett dette Peer Gyntske innslaget i delar av norsk utanriks- og bistandspolitikk eg er spesielt oppteken av. Ein tenkjemåte som er ei blanding av overdriven tru på eigne evner til å påverka kva som skal skje, men som då det gjekk gale, ikkje tok ansvar for konsekvensane av handlingane sine. Og endå meir oppsiktsvekkjande: Det mest totale fråværet av refleksjonar i ettertid over bakgrunnen til det som synte seg å vera reine illusjonar og nokre gonger nærast fantasiførestillingar om den historiske røynda som Afghanistan, Sør-Sudan og Libya er.

«Putin blei Hitler og Zelenskyj blei Churchill, og idear om forhandlingar og fred vart fordømde som appeasement, det vil seia som noko moralsk forkasteleg.»

Terje Tvedt

Krigen i Ukraina

Skagen: Ser du liknande mekanismar i korleis Noreg stiller seg til samtidige kriser, som til dømes krigen i Ukraina?

Tvedt: To viktige trekk går att. På same viset som murens fall og demokratiseringa av Aust-Europa vart tolkingsramma for den arabiske våren – og den idealistisk grunngjevne, men katastrofale bombinga av Libya – danna München i 1938 ramma for korleis ein skulle møta Russlands invasjon av Ukraina. Putin vart Hitler og Zelenskyj vart Churchill, og idear om forhandlingar og fred vart fordømde som appeasement, det vil seia som noko moralsk forkasteleg. I tillegg ville det vera ei handling i strid med det som blei oppfatta som historias lærdom. I staden for å satsa alt på å skjøna krigen og kva som var mogleg for diplomatiet å gjera, batt ein seg sjølv i begge høva til å handla i samsvar med ein oversiktleg, ekstremt handlingsstyrande modell basert på kva andre hadde gjort i heilt andre situasjonar i andre tider.

Skagen: I boka viser du til at det til no har vore utenkjeleg å omtala våpenhjelp som bistand. Er det slik at våpen brått har vorte «utviklingshjelp», for å nytta eit eldre uttrykk?

Tvedt: Ganske brått blei ammunisjon frå Kongsberg og ordinær naudhjelp omtala på Norads heimeside som del av den same hjelpepakken til Ukraina, tilsynelatande utan motførestillingar, som om våpen som bistand alt har vorte den nye normalen. Medan den norske staten på eit politisk-moralsk og prinsipielt grunnlag lenge har vore imot å støtta ein stat i krig med våpen, vart det motsette standpunktet moralsk høgverdig «over natta». Det er ikkje berre dei radikale endringane i standpunkt som er overraskande, men at «alle» er samde. I USA var dei fleste presidentkandidatane i haust imot vidare våpenhjelp til Ukraina, og eit fleirtal av dei meiner til og med at USA har mykje av skulda for krigen i utgangspunktet. I Noreg fører tilsvarande standpunkt til stigmatisering, framfor seriøs debatt – fordi det berre finst eitt standpunkt som er moralsk gyldig og velsigna av historia, så å seia. Det er krig som no er det udiskutabelt rette, akkurat som i Libya i 2011. Same kva ein meiner om Ukraina-krigen, må alle kunna vera samde i at desse skifta i tidsånda er oppsiktsvekkjande og bør analyserast. Det var lett å skjøna, og vera samd i, Noregs sterke kritikk av Russlands invasjon som brot på internasjonal rett, men eg vart meir og meir interessert i kva tenking og verdssyn som låg bak det som presist må kunna kallast ein krigseufori.

Skagen: Korleis kan ei slik kompakt semje om så komplekse spørsmål dei fleste veit lite om, oppstå, igjen og igjen?

Tvedt: Det enkle narrativet, eller forteljinga, synte på nytt si enorme makt. I desse døma – som med bistanden, fredspolitikken, innvandringa – vart det som i realiteten var komplekse vitskaplege og moralske spørsmål, omskapte og reduserte til enkle moralske val der det berre fanst eitt akseptabelt svar, både moralsk og vitskapleg. Alle vil jo vera Churchill framfor Chamberlain. Alle vil gjera det historia har vist er rett, og ikkje verta historias tåpe. Alle vil «berga liv» – hovudparolen under pandemien – framfor å ikkje berga liv. Alle vil «fylgja visdomen» og ikkje vera uvitskaplege. Som at alle ville bomba Libya til demokrati heller enn å la tyrannen Gaddafi drepa sitt eige folk. Eit land som kan leva med å kalla seg sjølv ei global humanitær stormakt, er kanskje òg særleg sårbart for ei slik moralisering av verdas dilemma.

Skagen: Er dette eit døme på korleis moralen kan gjera politikken usakleg?

Tvedt: Det er eit døme på kva som skjer, ikkje når moralen blir innført i politikken, men når alt blir redusert til moral og det berre finst eitt moralsk val som blir sett på som akseptabelt dersom ein vil framstå som eit godt menneske. Slik intens moralisering undergrev den demokratiske debatten og låser perspektivet fast i ei banal svart-kvitt-tenking som gjer diskusjon om røynda unødvendig. Fordi dei som får definera kvar skiljet mellom godt og vondt går, har soleklart rett. Då er det eigenleg ikkje meir å samtala om. Det er som om ein trur at sigeren fylgjer den som i eigne auga er mest moralsk, men det er ein potensielt sjølvøydeleggjande illusjon. Det var nett denne førestillinga om å vera moralsk overlegen, i ei eller anna form, som søkte å legitimera krigane som enda i USAs og Vestens mange nederlag på 2000-talet, og som samstundes sende hundretusenvis i grava. Den systematiske undervurderinga av Russlands økonomiske og militære evne, dei stadige historiene om Putin som «galen» eller «sjuk», og overvurderinga av Vestens styrke, både politisk og militærteknologisk, kan i verste fall enda anten med ukrainsk øydelegging eller med atomkrig. Vestens posisjon og dei demokratiske ideala er ikkje blitt styrkte, slik det politiske Noreg meinte ville skje, men snarare radikalt svekte. Verda omkring ser dobbeltmoral og hykleri der «vi» ser eit prinsipielt forsvar for fridomen. Gjennom krigsåra i Ukraina har Russland hatt sterkare økonomisk vekst enn fleire av dei sentrale vestlege landa. Og land der majoriteten av folket i verda bur, søkjer no å samarbeida med Brics under Russlands leiing. Churchill-vegen er ikkje ein blindveg, men han kan gjera ein blind.

– Det som eg vart interessert i frå byrjinga av pandemien, var korleis frykta greip samfunnet, korleis fryktjournalistikken fungerte, kor sterkt ropet etter inngripande tiltak var, seier Tvedt.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Pandemien

Skagen: I artiklane om pandemien peikar du på det overraskande i at dei politiske styresmaktene gjekk bort frå vitskapleg grunngjevne pandemiplanar, og nærast spontant valde ein drastisk strategi som for det fyrste var uvitskapleg («slå ned viruset»), og for det andre tok frå oss grunnleggjande menneskerettar, basert på slutningar om at pandemien var ei slags atterkome av svartedauden eller spanskesjuka. Men alt dette var kanskje ikkje like lett å sjå med det same. Kunne det ikkje sjåast som ein rimeleg varsam regel frå styresmaktene om å gripa til uvanlege tiltak så lenge ein trudde vi stod overfor eit uvanleg trugsmål?

Tvedt: Jau, det framstod som forståeleg då, og det er nett det eg prøver å forstå. Alle er jo no samde om at det vart gale å stengja barnehagar og skular i fleire veker våren 2020, medan regjeringa då skrytte av at dei hadde sett i verk desse strenge tiltaka – og det til heile verda. Det er òg viktig å hugsa at det fanst alternativ alt då. Sverige valde jo å fylgja ein politikk som likna dei vedtekne pandemiplanane i Noreg, der poenget nettopp var å halda samfunnet i gang på mest mogleg normal måte. I Noreg valde vi «sjokkeffekten», som helsedirektøren sa. Samla sett er vel dei fleste i dag samde om at det var Sverige som handla mest rasjonelt. I ein artikkel i Svenska Dagbladet 4. mars 2023 vert det vist til at talet på døde under pandemien var lågast i Sverige i heile EU, og om lag det same som i Noreg. Men i Sverige var samfunnet framleis ope – til fordel for ikkje minst ungdomen.

Skagen: Eg må vedgå at det tok meg veker å tvila på om nedstengingspolitikken var rett.

Tvedt: Det som eg vart interessert i frå byrjinga, var korleis frykta greip samfunnet, korleis fryktjournalistikken fungerte, kor sterkt ropet etter inngripande tiltak var, kor heilt umogleg det vart berre å seia at kan henda Tegnell hadde rett, og kor heilt utan berekraft politikken til regjeringa var. Det er i ein slik samanheng tekstane eg skreiv medan alt pågjekk, vert eit vindauge inn i ei nær fortid som det offentlege Noreg ynskjer å gløyma.

Sjølvransaking

Skagen: Eg høyrde sagt at hovudgrunnen kom frå den dramatiske dødsmåten for fleire av dei gamle og sjuke som faktisk døydde.

Tvedt: Notata til dei som stod bak nedstenginga 12. mars 2020, er borte, så vi får kanskje aldri vita kvifor dei gjorde som dei gjorde. I mellomtida er det meir interessant kva som gjekk føre seg då alle visste at viruset ikkje var så farleg som mange fyrst frykta. Det interessante er måten nedstengingspolitikken som ny normalitet vart offisielt grunngjeven på, og ikkje minst at regjeringa våren 2021 – lenge etter at det var klart at talet på døde var lågt og nær null hjå dei yngste – gjekk til det i norsk samanheng uhøyrde steget å be om retten til å innføra unntakstilstand og stengja folk inne. Og med hjelp frå hæren om naudsynt. Alle medium fungerte som fryktspreiarar og som mikrofonar for regjeringa. Det å stilla kritiske spørsmål vart oppfatta som kaldt og lite kjenslevart. For meg var dette ei påminning om kor tynt laget av sivilisasjon er, og om dei kreftene som kjem til overflata i samfunnet når folk vert redde. Folk stengde seg sjølve inne – i solidaritet. Men med kven? Det er difor minna om denne absurde perioden i norsk historie ikkje må gå tapt.

Skagen: Dette intervjuet vert avslutta idet Trump vinn valet i USA. Du skriv i boka både om korleis media ser på Trump, og om tolkingar av USAs historie. Kva er din første reaksjon på Trumps siger?

Tvedt: Éin ting kan eg seia no. Det vil vise seg at alle dei kommentatorane som har hevda at amerikanarane valde ein fascist eller ein hitlerist som president, var blinda av sine eigne perspektiv. Det er mest ikkje til å forstå, òg sidan Trump gjekk til val på eit program om «ingen fleire krigar». Trump er uføreseieleg, men å hevda at det er fascisme og hitlerisme, er useriøst, ikkje minst i eit land som har stått bak fleire øydeleggjande krigar dei siste 70 åra. Det påstanden dokumenterer, er makta til tenkjemåtar. Trongen til å henta fram det verste frå historias skrekkabinett for å ordna samtida, vil gjera det umogeleg å forstå eit nytt politisk fenomen som vil påverka oss alle.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis