Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Optimismen i Little Odessa

Austanfor Coney Island i New York ligg ein postsovjetisk enklave.
Her røysta ukrainarar, russarar og georgiarar på Trump.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Little Odessa held ukrainarar, russarar og georgiarar til.

I Little Odessa held ukrainarar, russarar og georgiarar til.

Alle foto: Ida Lødemel Tvedt

I Little Odessa held ukrainarar, russarar og georgiarar til.

I Little Odessa held ukrainarar, russarar og georgiarar til.

Alle foto: Ida Lødemel Tvedt

14334
20241115
14334
20241115

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Politikk

ida@dagogtid.no

Det var glissent på Tatiana, den ikoniske ukrainske restauranten på Brighton Beach, strandpromenaden austanfor Coney Island. Ute var det mørkt, vått og stille. Berg-og-dal-banane stod frosne på horisonten. Eg åt borsj og såg innover i lokalet, forbi gullfarga søyler, veggmåleri og vegg-til-vegg-teppe, mot scena der Tatiana-logoen pulserte i neonfargar på ein storskjerm i takt med austleg disko.

Så å seie alle nabolaga i Brooklyn hadde røysta demokratisk, med unntak av ein ultraortodoks jødisk enklave lenger nord og dette nabolaget ved Atlanterhavet som har vore hovudkvarter for den russisk-amerikanske mafiaen.

Eg hadde vore her før, tidleg i Trumps første presidentperiode, då det gav meining å søke ly frå den liberale universitetsverda i ein tidskapsel der ideologiske trendar prella av. Her snakka folk morsmåla sine, kledde seg i pels, åt kjøt, drakk kumjølk og vodka, og mata kjensla mi av at dess betre eg blir kjend med USA, dess meir eksotiske blir amerikanarane, og dess meir innvoven blir eg i ein fiksjon om det «europeiske».

Ein villbrann i Prospect Park gjorde at Brooklyn i dagane etter valet lukta bål. I tillegg låg det ein eim av resignasjon over dei liberale hipsterlandsbyane og av noko som kanskje var skam over kor dårleg dei hadde lese sitt eige land.

Demokratane var kanskje omsider i ferd med å innsjå at dei hadde overkorrigert basert på lærdommar frå 2016. Mange hadde blitt så besette av å forstå den kvite arbeidarklasseveljaren at dei hadde oversett veljarane som skulle spikre Trumps siger: innvandrarar, svarte og kvinner. Brått framstod det republikanske partiet som mangfaldets røyst. Det var tragisk, i den rette meininga av ordet.

Demokratane skulle ikkje ha sagt weird, dei skulle ikkje ha sagt toxic, deplorable, garbage eller problematisk. Dei skulle nok ikkje sagt fascist, ikkje enno, i alle fall ikkje så lemfeldig. Dei skulle ikkje ha snakka som om kvinner automatisk kom til å røyste ut frå ein identitet som «kvinne», eller at innvandrargruppa automatisk skulle røyste mot strengare grenser.

Dei burde tatt inn over seg analysane som spådde til dømes at svært mange latinamerikanarar kom til å stemme på Trump, upåverka av lovnaden om at han skulle deportere ulovlege innvandrar frå gamlelanda deira.

Det er ikkje ein ny trend at innvandrargrupper beveger seg mot høgre når dei blir integrerte i det amerikanske samfunnet, og blir strenge mot innvandrar dei føler snyltar på eit system dei sjølv bidrar til. Eg blei fortald at det i Brighton Beach ikkje er rasistisk å seie «reis tilbake dit du kom frå» til folk som ikkje meistrar Amerika. Dei seier det til kvarandre når nokon ikkje maktar å manøvrere normene i nyelandet.

Også georgianarane røysta på Trump.

Også georgianarane røysta på Trump.

Eg kom i snakk med dei einaste to som var att på Tatiana den kvelden: ein ukrainsk mann og ei georgisk kvinne. Eg fortalde at eg hadde vore på reise for å skrive om det amerikanske presidentvalet, og at eg var komen til Brighton Beach, nabolaget som på folkemunne blir kalla Little Odessa, for å forstå kvifor det postsovjetiske innvandrarsamfunnet på den søraustlege enden av New York hadde røysta på Trump. Eg spurde om eg kunne få ta opp samtalen.

– Ja, sa ukrainaren.

– Eg vil prate, sa han.

– Eg kan fortelje deg at vi røysta på Trump fordi han er best. Fordi han skaper fred og er bra for økonomien. Biden var verst. Han sløste med skattepengane våre verda over. Han gav pengar til Ukraina, til alle, og heldt liv i krigar som ikkje hadde trunge å finnast.

– Så du, som er ukrainar, meiner at USA ikkje skulle ha støtta Ukraina?

– Her støttar vi fellesskapet vårt. Vi jobbar hardt her i Amerika. Restaurantbransjen er hard. Men vi overlever, gudskjelov. Vi har vore her i 35 år. Tatiana er ein ukrainsk restaurant og ein av dei eldste restaurantane i lokalsamfunnet vårt. Eigaren er fødd her, men begge foreldra hans er ukrainarar. Og her støttar vi Trump. Vi syntest ikkje det politiske systemet lét han arbeide, det lét han ikkje gjere alt det han ville. Det blir annleis denne gongen.

– Kva vonar du vil skje med krigen i gamlelandet ditt når Trump er tilbake i Det kvite huset?

– Trump kjem til å få slutt på krigen. Han kjem til å reise til Moskva med ein gong, vitje Putin og framforhandle ein fredsavtale. Han er smart. Fram til no har folk blitt ofra til ingen nytte. Biden støtta krigen. Han ville ha krigen. Det er eit faktum. Trump, derimot, er ein fredsskapar.

– Kva med Europa? Burde dei ikkje ha sendt våpen til Ukraina? Kva burde dei ha gjort?

– Det vil eg ikkje svare på.

– Folk her nede verkar ikkje så engasjerte i krigen i Ukraina som eg ville ha forventa. Klarer du å sjå på nyhenda frå Ukraina utan å bli besett?

– Om du ser ein hund ligge sjuk på gata, så synest du synd på han. Eg ser kva som skjer, eg følger med, eg synest synd på dei, men...

– Likar du Zelenskyj?

– Zelenskyj er ein show guy. Han er ikkje president. Han er ei dukke.

– Og kven meiner du trekker i trådane?

– Det veit eg ikkje.

– Er Ukraina eit korrupt land?

– Hundre prosent.

– Like korrupt som Russland?

– Endå meir korrupt.

– Likar du Putin?

– Ja.

– Korleis burde Ukraina ha takla fullskalainvasjonen?

– Dei burde ha sett seg ned med Putin og funne ei løysing. Ukraina burde ha gitt opp litt land om Putin ville det. Det ville ha gagna dei på sikt. Korleis skal Ukraina kunna kjempe mot eit monster som Russland, når Russland har olje, gass, gull, gruver, dei har alt. Kva har Ukraina?

– Mykje, til dømes meir korn enn noko anna land i Europa? Og dei har jo kjempa godt. Om Russland er umogleg å stå imot, kvifor har dei då klart seg så lenge?

– Kva meiner du med «kjempe»? Tusenvis av uskyldige folk blir myrda. Sivile og soldatar. For kva? Kva skal dei stå att med? Ingenting. Ukraina er ikkje som USA. Om du kjempar for landet ditt her, og gud forby noko skjer med deg, så får du pensjon, legebehandling. Men slikt gir ikkje staten frå seg der borte. Der får dei berre drit. 80 prosent av alle pengane som kjem frå heile verda for å støtte krigen, forsvinn i korrupsjon.

– Det kan du vel ikkje vite? Seier du at du ønskte invasjonen velkomen?

– Krigen trong aldri ta form. Biden pressa fram krigen ved å seie til Zelenskyj at han skulle hjelpe dei å krige. FN og USA kunne ha avslutta krigen idet han byrja. Putin er ein veldig smart president. Han ville akseptert ein avtale. Det ville gagna alle.

– Tenker mange her som deg?

– Ikkje berre her. Over heile verda. Spør kven som helst.

– Nja. Mange plassar er nok folk samde med deg, særleg utanfor Europa, og kanskje i aukande grad i Europa. Eg fryktar denne utviklinga. Eg trur det er ein tabbe å tenkje i pragmatikkens namn at Putin er ein rasjonell aktør. Frå byrjinga har eg nølande meint at det er rett å gi militærstønad til Ukraina. Eg skulle så gjerne sagt at eg er imot krig, punktum. Men med Ukraina-krigen blei det umogleg. Eg er altså ikkje samd med deg, men eg ser at det jo er ditt land, at eg bør lytte.

– Vil du ha kaffi, te eller noko søtt? Napoleonskake? Likar du Napoleon?

– Te er bra.

– Kvifor ikkje ete kaka? Eg trur at Trump er det beste som kunne hendt Amerika. Trump er ein fredsskapar. Då han var i Det kvite huset, var det ikkje krig.

Overalt i USA dei siste vekene hadde eg høyrt folk seie nettopp dette: at sist Trump regjerte, så hadde ein ikkje alle desse krigane. Trump-kampanjen hadde lukkast i å etablere forteljinga om eit Trump-regime som heilt grunnleggande er motstandar av at USA skal drive med militær intervensjon i andre land. Det funka fordi det nok var ganske sant. Trump brydde seg nok eigenleg ikkje særleg om abort, og kanskje var han heller ikkje særleg meir rasistisk enn andre amerikanske toppolitikarar, men «America first», det lèt til å stå i ryggmergen hans.

– Eg trur du har rett i at Trump ikkje er interessert i å krige, men fred er vel meir enn fråvær av krig?

– Biden gjorde ikkje Amerika godt. Trump kjem til å auke tollen på import av kinesiske varer. Han kjem til å skape arbeidsplassar for folk. Han kjem til å hjelpe folk ut av krig. Forstår du?

– Kva med Gaza?

– Han kjem til å hjelpe dei.

– Kve meiner du med «hjelpe»?

– Han kjem til å lage fred mellom arabarar og jødar.

– Det hadde vore fint. I dette nabolaget bur det russarar, georgiarar og ukrainarar om kvarandre, tett i tett. Går det fredeleg for seg?

– Ja og nei. Vi har mange ulovlege innvandrarar her. Politiet tek dei og slepper dei ut att med ein gong. Om du er ulovleg i dette landet og du gjer noko kriminelt, så må du bli deportert med ein gong. Forstår du? Då Giuliani var borgarmeister i New York, reinska han gatene.

– Førte ikkje han ein i praksis rasistisk politikk som førte til massefengsling av svarte menn?

– Nei, Giuliani gjorde mykje godt for New York City. Det er difor Trump held seg med han som advokat.

– Er det utvising av ulovlege innvandrarar som er den viktigaste Trump-saka for deg?

– Nei. Han skal berre deportere dei illegale innvandrarane som ikkje jobbar, ikkje oppfører seg, dei som gjer kriminelle ting. Det er desse folka som må bli deporterte.

– Er ein ekstra hard mot illegale innvandrarar i innvandrarmiljø som Brighton Beach? Er de ekstra strenge med dei som no prøver lukka i Amerika, fordi de sjølve har lukkast?

– Kanskje. Vi er ei bedrift. Vi tilbyr ei teneste. Vi tek pengar frå kundane og distribuerer dei ved å betale arbeidarar, råvarer, skatt og forsikring. Eg kom hit for 35 år sidan. Vi har lukkast, men det er framleis hardt.

Ukrainaren ropte til servitøren at ho måtte komme. «Eg treng deg», ropte han. «Eg kan ikkje bevege nakken.» Han sa «Ho er ein god lege. Ho er frå Georgia. Ho har tre jobbar for å hjelpe familien i heimlandet.»

Servitøren, ei mild og alvorleg kvinne som eg hadde prata med tidlegare på kvelden, kom bort og byrja massere den tjukke, eldre mannen på ryggen. Han smelta. Han lukka kvalpeauga, såg ut som eit barn, og slik sat han, medan eg heldt fram med å stille spørsmål.

Eg fortalde at eg nyleg hadde vore i heimtraktene hennar, mellom Batumi og Tbilisi, då protestane mot den såkalla russarlova braut ut i Georgia.

– Kva tenkjer du om valet, spurde eg henne.

– Det amerikanske eller det georgiske?

– Begge, eigentleg.

– Eg er glad Trump vann. Men eg er ikkje nøgd med valet i Georgia. I mange år har vi freista endre noko, men det blir vanskelegare. Vi er redde for Russland.

– Vil du at Georgia skal inn i EU?

– Sjølvsagt. Alle georgiarar vil det.

– Er du blant dei som trur valet var rigga?

– Utan tvil. Men unge folk kjem til ikkje til å akseptere utviklinga.

«Så kvifor er du her», mumla ukrainaren frå mellom hendene hennar, framleis med auga lukka. «Kvifor demonstrerer du ikkje for landet ditt?»

«Eg var der nettopp», sa ho. «Eg var med i demonstrasjonane.»

Ho sa at Trump var løysinga på dette òg. Ho sa at Russland ville oppføre seg høflegare ovanfor Georgia om Georgia hadde USA ved si side.

– Kva tenker du om dynamikken mellom dei ulike nasjonalitetane i dette nabolaget? Smittar konfliktane i Europa over hit?

– Nei, her er ingen konflikt. Her er vi alle innvandrarar. Eg har russiske vener, og vi snakkar ikkje politikk. Venskap er venskap, politikk er politikk. Ingen vil ha krig. Ikkje russarane heller. Vi hadde korona. Vi hadde dyrtid. Alle er slitne. Vi trong ikkje desse krigane, sa georgiaren.

– Vi trong ikkje desse krigane, mumla ukrainaren og stønna idet georgiaren tok tak i korsryggen hans.

– Det har vore skrive for lite i media om Putin-venlege ukrainarar. Eg er ikkje samd med dykk, men de er mange, og eg har ei kjensle av at de er eit slags tabu.

Han opna auga, såg på meg med eit mildt andlet og sa eg måtte kome tilbake før eg drog til Noreg, så skulle dei gi meg lunsj og meir å skrive om.

Eg sa eg måtte kome meg heimover. Eg hadde ei lang togreise framfor meg, for å kome meg frå den republikanske sørspissen av Brooklyn til venstrefløya i nord, måtte eg innom Manhattan, for mellom desse enklavane er det ikkje direkte samband.

Ukrainaren nekta meg å betale.

Han sa «Ikkje tenk på det. Det var berre borsj. Når du kjem tilbake for å ete biff, då skal du få bla opp.»

– Kan eg ikkje få ta eit bilde til avisa? Denne massasjeseansen er berre for perfekt. De ser ut som ein storpolitisk metafor, utan at eg klarer å sette fingeren på symbolikken.

– Nei. Ingen bilde, ingen namn. Berre skriv at du var på Tatiana. Skriv at du kom i snakk med nokon på nabobordet. Skriv at dei sa det eg seier. Og så skriv du at alle turistar som kjem til New York, må vitje restaurant Tatiana i Brooklyn, ved strandpromenaden i Brighton Beach. Dette siste må du understreke, for restauranten er i retten mot nokon som har starta ein «Tatiana»-restaurant i Manhattan.

– Eg skriv ikkje restaurantomtalar, men eg skal skrive kvar Tatiana ligg, og at eg likar meg her.

– Har du Instagram, spurde georgiaren.

– Nei, men eg har e-post, sa eg og skreiv adressa på eit ark.

– Ho er KGB, sa ukrainaren.

Vi smilte konspiratorisk, alle tre.

– Ja, eg er KGB, sa eg.

Eg hadde sovna på togturen ned, og eg sovna på toget tilbake. I ørska tenkte eg på ein parodi av valsendingar som dukka opp i eteren på valnatta, og som hadde gått på loop i bakhovudet sidan då. På videoklippet stod ein kommentator framfor eit kart over USA. Han zooma inn og ut i statane, medan han forklarte sinnelaget til kvar enkelt krok. For å forstå enda betre, sa han, måtte vi zoome tettare inn.

Han zooma inn på eit hus i rustbeltet, inn på eit soverom, forbi ein flanellskjorte og inn i kroppen til den arketypiske kvite arbeidarklasseveljaren. Der fauk kameraet mellom hjarte og hjerne medan kommentatoren dissekerte korleis arv og miljø hadde forma dette mennesket som i sin tur forma verda. Til slutt zooma han ut og ut og ut, via kart til globus til fjerne galaksar.

Parodien var ein kommentar om perspektiv og dimensjonar i valkampdekninga, og han tok oss alle på kornet, alle vi som dei siste månadane hadde skrive drive-by-analysar av den amerikanske folkesjela. Eg skamma meg.

Eg tenkte på ei filmscene der einkvan seier noko sånt som at: «Om den eine seier at det regnar ute, og den andre seier at det er sol, så er det ikkje journalistens oppgåve å sitere begge, men sjølv å sjå ut vindauget og finne ut kven av dei som har rett.» Det får vere målet framover.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal
Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember, fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember, fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis