Overtramp om einsretting

Den viktige kritikken frå Jon Hellesnes mot politisk servilitet råkar betre om han ikkje samstundes bagatelliserer demokratiske verdiar.

Checkpoint Charlie fotografert i 1964. Kontrollen var total og totalitær, skriv Ottar Grepstad.
Checkpoint Charlie fotografert i 1964. Kontrollen var total og totalitær, skriv Ottar Grepstad.
Publisert

Jon Hellesnes har gitt ut ein pamflett om den opprustinga som han meiner Nato er drivkrafta til. Kritikken mot den vestlege krigs- og forsvarsalliansen er openbert viktig. Måndag 25. februar presenterte han hovudpoenga sine på eit møte i regi av Samlagsrota i Oslo til verbalt tonefølgje av Kjartan Fløgstad.

Utfordra av Fløgstad snakka Hellesnes seg inn i eit lengre resonnement om einsretting. Kanskje var innbyggjarane i gamle DDR mindre einsretta enn vi nordmenn er no, fordi dei måtte få tak i annan informasjon enn den offisielle, sa Hellesnes. Det er å romantisere opposisjon både empirisk og prinsipielt.

Ikkje ufarleg

Det var ikkje ufarleg å følgje med i vesttyske massemedium eller på sendingar frå dei amerikanske propagandastasjonane Radio Free Europe og Radio Liberty. Kontrollen var total og totalitær. Den som har vore på museet ved Checkpoint Charlie i Berlin, vil vite at det var forbode å selje dykkarutstyr i Aust-Berlin i DDR-åra. Folk skulle ikkje sleppe unna ved å symje på elvebotnen over til vest. Ein filosof på trygg avstand frå all slik meiningsstyring innanfor eigne landegrenser burde vise meir respekt for det alvoret kvardagen i DDR faktisk innebar.

Prinsipielt er utsegna eit argumentativt overtramp. Viss det var alternativ til einsrettinga i DDR, var det vel også det under den tyske okkupasjonen av Noreg, som i andre land der totalitære makthavarar og system har undertrykt innbyggjarane. Korleis er det han tenkjer når det er slike analogiar han bruker?

Omtrentlege analysar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement