Energi

Øydelagd tillit

Motvind Norge vil ha vekk dei to siste utanlands­kablane og etablera eit nytt og uavhengig offentleg analysemiljø for kraftmarknaden.

Motvind Norge har skipa til fleire demonstrasjonar mot vindkraft. Her frå ei stor­mønstring på Eidsvolls plass laurdag 4. september 2020.
Motvind Norge har skipa til fleire demonstrasjonar mot vindkraft. Her frå ei stor­mønstring på Eidsvolls plass laurdag 4. september 2020.
Publisert

Lyttar ein til regjeringa, NVE og RME, EU og Acers kontrollorgan i Noreg, får ein inntrykk av at det ikkje er mykje ein kan gjera med prisane på straum. Sjølv om Noreg er det landet i Europa som produserer mest straum per innbyggjar og går med stort produksjonsoverskot stort sett kvart einaste år, lyt vi berre leva med at vi no importerer prisar frå Tyskland og Storbritannia, ser tankegangen ut til å vera.

Men eitt tiltak ynskjer regjeringa så raskt som råd er, at kommunane i Noreg seier ja til langt fleire vindturbinar, som i si tid var årsaka til at vi fekk kablane til Storbritannia og Tyskland, kraftoverskotet måtte eksporterast. Vidare har regjeringa lagt opp til hurtighandsaming av eit nytt EU-direktiv, Repower EU, som skal føra til raskare handsaming av søknader om mellom anna å få bygd ut meir vindkraft.

7000 svar

Men korkje straumpolitikken ålment eller vindpolitikken særmerkt er særleg populære. Det er kome inn over 7000 høyringssvar om EU-direktivet. Nesten alle negative. Men det kanskje klaraste dømet på kor upopulært det rådande kraftregimet er, er Motvind Norge, ein organisasjon som på tre år er komen opp i 19.425 medlemer. Mykje av kunnskapsgrunnlaget Motvind byggjer på, er samla inn av Sveinulf Vågene, ein tidlegare geolog i oljeselskapet Exxon. Alle med ei viss interesse for det norske kraftsystemet kjenner til han.

– Korleis oppstod denne interessa for vindturbinar?

– Det var nokså tilfeldig. Ein granne sende meg e-post med ei mengd påstandar om vindkraft. Eg tykte dei var heilt ville og umogleg kunne vera rette. Eg sette meg difor ned for å sjekka. Eg fann ut at han hadde feil i feil retning. Vindkraft var faktisk verre og meir skadeleg enn han påstod.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement