Intervju
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Førre veke freista eg kartlegge dei nye frontane i den forvirrande kjønnsdebatten, på veg til Storbritannia, der denne kulturkrigen stormar som verst. I ein hotell-lobby i London sette eg meg ned med Judith Butler, ein amerikansk filosof som sidan 1990-åra har vore ein frontfigur for kjønnsteori. Butler var på turné med sitt første bidrag til kjønnsdebatten på mange tiår.
I boka Who’s Afraid of Gender sporar Butler påstanden om at det finst noko som heiter «gender ideology», tilbake til 1990-åra, då det katolske familierådet åtvara om at kjønnsteori var ein trugsel mot kjernefamilien og guddommeleg autoritet.
Vatikanet fryktar at flytande kjønnskategoriar vil føre til ei devaluering av kjernefamilien, og med det ei utradering av det heteroseksuelle, i siste instans av reproduksjonen. Kjønnsteori blir framstilt som ein samkøyrd ideologi som nektar for at kjønnsforskjellar finst, og som med djevelsk overmot freistar leike Gud ved å skape seg sjølv i sitt eige fordreidde bilde.
Den katolske kyrkja har altså vore ei høgborg for argument mot kjønnsteori cirka nøyaktig like lenge som Butler har vore ei leiande røyst på diametralt motsett side av debatten. Sidan den gong har kjønnsteori blitt eit sentralt politisk tema verda over, i sfærar langt frå både akademia og det geistlege.
Eg blei provosert av boka av fleire grunnar: avstanden mellom Butlers uttalte vilje til å lytte til kritikarane sine og hersketeknikkane hen sett i sving mot dei; den unødvendig oppviglande måten hen kastar kritikk retta mot eigne tekstar direkte tilbake på kritikarane; måten hen i intervju snor seg unna viktige motseiingar med anekdotar og sjargong som får det enkle til å høyrast komplisert ut og omvendt.
ILT: Du seier den verdsomspennande motreaksjonen mot kjønnsteori er motivert av «fantasmar»: eit skremmebilete av transfolk, ikkje-binære og kjønnsteoretikarar som spreier seg lett. Frykta for dette skremselet blir vigla opp av andre og tilhøyrer ikkje den enkelte. Ho blir til i ei gruppe, i offentlege soner eller gjennom media. Korleis forsvarar du deg mot kritikken frå såkalla transekskluderande radikale feministar og andre i anti-gender-rørsla som seier at du sjukleggjer meiningane deira? Du seier at nei, de er ikkje eigentleg sinte på det de trur de er sinte på, de er i fantasiens vald? Er ikkje dette ein hersketeknikk? Korleis legitimerer du dette grepet?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.