Økonomi
Pengane finst!
Om vi går attende til nivået som var på løyvingane til samferdsel mellom 1995 og 2005, kan mykje av satsingane som forsvarskommisjonen vil ha på Forsvaret, finansierast.
Den 12. desember 2022 blei Follobanen opna av kong Harald på Oslo S, med kronprins og statsminister til stades. Stenginga veka etter og gjenopninga i mars 2023 gjekk føre seg med mindre pomp og prakt.
Foto: Lise Åserud / NTB
Forsvarskommisjonen gav oss om ikkje nett eit sjokk, så kanskje ei aldri så lita oppvakning. Dei vil ha nye 30 milliardar inn i forsvarsbudsjettet med det same og så 40 milliardar ekstra årleg inn i forsvarsbudsjettet dei komande ti åra etter det. Det er tilsynelatande uhorveleg mykje pengar, men sanninga er også at det er nokså lett å finna desse pengane om politikarane verkeleg vil, og det utan at det går særleg ut over korkje levestandarden til den enkelte av oss eller samfunnet som heilskap.
Underskrivne skal i tida framover sjå litt nærare på kvar vi kan henta ekstra pengar til Forsvaret frå ulike sektorar. Eg tek på meg rolla til byråkratane som har fått i oppdrag å finna pengar til Forsvaret ein annan stad. Men det som i alle høve er viktig å få med seg, er at forsvarskommisjonen grunnleggjande sett ikkje bed om så mykje pengar ekstra sett i lys av samla norsk verdiskaping.
I fjor var bruttonasjonalproduktet (BNP) i Noreg om lag 5600 milliardar, og sjølv om gassprisen no er komen kraftig ned, trur Finansdepartementet at BNP vil tikka inn på nesten 6 billionar kroner både i år og etter mykje å døma dei komande åra. Det forsvarskommisjonen bed om, er i røynda berre vel 1 prosent ekstra av BNP til å oppgradera Forsvaret. Dei vil ha 1,2 kroner til av 100 kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.