Pengar i knipe
– Dette er ikkje eit budsjett som markant medverkar til å endre livssituasjonen til dei som er hardast råka av dyrtida, seier samfunnsøkonom Martin Blomhoff Holm.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram statsbudsjettet på Stortinget fredag 6. oktober.
Foto: Hanna Johre / NTB
SAMTALEN
Martin Blomhoff Holm
postdoktor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo
AKTUELL
Regjeringa la fram framlegg til statsbudsjett 6. oktober.

christiane@dagogtid.no
Fredag 6. oktober la Ap/Sp-regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett, med eit klart mål om å dempe prisveksten og hindre arbeidsløyse. Dag og Tid bed samfunnsøkonom Martin Blomhoff Holm analysere budsjettframlegget i lys av dyrtida.
– Dyrtid har i lang tid dominert samfunnsdebatten her i landet. Prisane har auka, krona er svekt og arbeidsinntektene held ikkje tritt. Kor mykje er det mogleg å påverke dyrtida via eit statsbudsjett?
– Det er mogleg via diverse overføringar og reduserte kostnader for hushalda. Trygdeoppgjeret vil ha mykje å seie, men også billegare barnehagar, som bidreg til at ei spesifikk gruppe får reduserte kostnader. Regjeringa kunne ha gjort meir, om dei verkeleg ville slå til. Men dei ønskjer nok å halde igjen litt for å unngå at Noregs Bank set opp renta meir.
– Kor mykje hjelp får dei som slit mest, i budsjettframlegget?
– Satsane i trygdeoppgjeret vert auka ganske mykje, og lågare barnehageprisar hjelper. Men dette er ikkje eit budsjett som markant medverkar til å endre livssituasjonen til dei som er hardast råka av dyrtida. No skal jo regjeringa forhandle med SV, og eg tippar at det kjem meir etter forhandlingane.
– Regjeringa vil bruke meir oljepengar neste år enn i år, totalt 410 milliardar. Det utgjer 2,7 prosent av den verdien ein trur Statens pensjonsfond utland vil ha ved årsskiftet, og ligg dermed innanfor handlingsregelen på 3 prosent. Kva meiner du om oljepengebruken?
–?Eg vil seie at 2,7 prosent er rimeleg. Vi har eit oljefond som har stige mykje i verdi, blant anna fordi vi har hatt særleg høge petroleumsinntekter dei siste par åra, og den norske krona har svekt seg. Begge delar gjev meir rom innanfor handlingsregelen. Eg ser ingen grunn til å halde att pengebruken meir. Regjeringa har lagt seg på eit nøytralt budsjett, som korkje aukar eller svekkjer presset på økonomien, blant anna fordi ein del av pengane vert brukte på ting som gjev liten effekt på norsk økonomi, som bistand og militær hjelp til Ukraina.
– Finansdepartementet trur auken i konsumprisindeksen, eller prisauken, neste år vil liggje på 3,8 prosent. Dette talet legg føringar på løyvingane i budsjettframlegget og er derfor verdt å merke seg. Kor godt trur du regjeringa har treft på prisstigninga denne gongen?
– Om ein samanliknar med andre som reknar på dette, er dei optimistiske. Anslaget frå Noregs Bank er til dømes på 4,8 prosent. Dette talet er viktig, fordi ein justerer kostnadene etter det. Om det er sett for lågt, vil det føre til ei realinnstramming, fordi pengane vert mindre verde enn ein hadde sett føre seg. I fjor bomma regjeringa, og justerte løyvingane i løpet av våren. Regjeringa er også optimistisk når ho anslår tal for arbeidsløyse. Om arbeidsløysa vert så høg som Noregs Bank anslår, vil det auke kostnadene.
– Både Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå trur på høgare prisauke enn regjeringa, dei har rekna seg fram til 4,8 og 4 prosent. Kva gjer at utrekningane vert såpass ulike?
– Eg har forstått det sånn at regjeringa låser anslaget sitt tidleg på hausten, så når dei legg fram budsjettframlegget i oktober, er det alt eit gammalt anslag. I fjor bomma regjeringa mykje, og sidan det var snakk om store summar, vart det ein stor sak. Det bør verte enklare å justere for slikt i framtida, men eg har inntrykk av at det tungrodde apparatet rundt budsjettet gjer det vanskelegare enn ein skulle håpt.
–?Ein del av oss er kanskje meir opptekne av renta enn av statsbudsjettet. Kva trur du – har vi nådd rentetoppen?
–?I Noregs Bank har dei sagt at dei skal auke renta med 0,25 prosent ein gong til i løpet av hausten, men denne veka fekk vi nye tal for prisauken frå Statistisk sentralbyrå med overraskande svak prisvekst. Om prisauken held fram slik fram mot neste rentemøte i Noregs Bank, trur eg at rentetoppen er nådd.
– Korleis vil du skildre norsk økonomi akkurat no?
– Nett no ser det ut til at vi går inn for ei mjuk landing. Prisveksten er på veg ned, og sjølv om arbeidsløysa har stige litt i haust, går ho ikkje mykje opp. Vi ser ut til å unngå ein stor auke i arbeidsløyse, som var det ein frykta. Dette er positivt. Men prisveksten har ramma skeivt, og mange sårbare grupper har fått det særleg vanskeleg.
–?Norsk økonomi har dei siste åra vore sterkt påverka av internasjonale kriser, som koronapandemien og krigen i Ukraina. No ser vi ein uføreseieleg krisesituasjon i Israel. Korleis kan krigføring i Midtausten slå inn i norsk økonomi?
– Normalt fører krig og ustabilitet i Midtausten til oljeprisauke, som har mykje å seie for norsk økonomi. Så lenge dette er ein isolert konflikt mellom Israel og Hamas, har det nok ikkje så stor effekt. Utviklar det seg til ein konflikt i større skala i Midtausten, kan det få større konsekvensar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi ser ut til å unngå ein stor auke i arbeidsløyse.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.