Pengeflyktningar

Det er nokså lønsamt for både pensjonistar og rike å flytta frå Noreg. Om det er eit problem, kjem an på augo som ser.

Kjell Inge Røkke har mykje å gle seg over. Biletet er frå eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Bodø/Glimt på Aker Stadion, og Molde vann. No flyttar Røkke til Sveits og kuttar skatterekninga si monaleg.
Kjell Inge Røkke har mykje å gle seg over. Biletet er frå eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Bodø/Glimt på Aker Stadion, og Molde vann. No flyttar Røkke til Sveits og kuttar skatterekninga si monaleg.
Publisert

Dette er ein artikkel om ulike skattesystem i ulike land. Dimed vert ikkje dette ein altfor nøyaktig artikkel. Skatt er komplisert. Det er difor vi har så mange og dyre skatteadvokatar. Kortsvaret på om det er lønsamt for folk med pengar å flytta frå Noreg, er «ja, absolutt». Til og med for eldre med vanlege pensjonar kan det vera særs lønsamt å fara til EUs sørlege strender. Men hugs altså at dette er ein breitt sveipande artikkel og ikkje ei oppskrift på korleis du fer fram om du vil flytta frå Noreg.

Svaret på korleis du tenkjer om du vert spurd om korleis ein bør innføra eller endre skattar, brått her og no, eller med planlegging og varsling god tid på førehand, seier noko om kvar du står politisk og kva du meiner fører til velstand og velferd for flest mogleg. Du eller eg tenkjer kanskje ikkje så mykje over slike tema, men det gjer dei med pengar. Dei har vorte frustrerte og flytter frå landet i ein skala vi aldri har sett før.

Ikkje bra

For å forstå kvifor så mange no vel å flytta frå Noreg, lyt vi sjå litt på historia. Bråe og tilfeldige skattar – eller arbitrære skattar, som det heiter – er noko økonomiske historikarar av den såkalla institusjonelle skulen ikkje liker. Det er ikkje få bøker om kvifor England vart det fyrste landet i verda med stabilt høg økonomisk vekst som startar med Magna Carta og 1215. Då vart Johan utan land tvinga til å gje frå seg retten til når som helst å krevja inn så mange og høge skattar han berre ville.

Etter Magna Carta kunne frie menn rekna med å få behalda store delar av inntektene og til og med på førehand vera med på å avgjera kva skattane skulle vera og gå til. No var det i og for seg ikkje alltid slik dette systemet skulle koma til å fungera i hundreåra framover, men tanken om føreseielege og nokolunde stabile skattar og samfunn var sådd.

Ikkje så brått

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement